Muntlig spørsmål nr. 3 · 2021-2022
Krigen i Ukraina har aktualisert spørsmålet om bruk av atomvåpen. Etter Russlands invasjon den 24. februar kunngjorde Putin at han har gjeve ordre om at landets kjernefysiske styrkar skulle setjast i …
Ingrid Fiskaa (SV) stilte spørsmålet til utenriksministeren, Anniken Huitfeldt, 4. mai 2022.
- Fra
- Ingrid Fiskaa (SV)
- Til
- Utenriksministeren · Anniken Huitfeldt
- Datert
- 4. mai 2022
- Besvart
- 4. mai 2022
Utenrikssaker · Atomvåpen · Nato
Spørsmål
Krigen i Ukraina har aktualisert spørsmålet om bruk av atomvåpen. Etter Russlands invasjon den 24. februar kunngjorde Putin at han har gjeve ordre om at landets kjernefysiske styrkar skulle setjast i beredskap. Terskelen for bruk av atomvåpen har blitt lågare. Den nye sikkerheitspolitiske situasjonen gjev grunn til å sjå med nye auge på bruk og truslar om bruk av atomvåpen. Spørsmålet om kva som kan gjerast for å unngå ein atomkrig, var nok ikkje teori før heller og er det i alle fall ikkje no.
I Hurdalsplattforma blir det lagt til grunn at regjeringa skal auka Noreg sin innsats for kjernefysisk nedrusting. Utanriksministeren uttrykte òg i november at «Norge vil støtte tiltak som reduserer atomvåpnenes betydning i forsvarsdoktriner, samt tiltak som reduserer risikoen for bruk av kjernevåpen (…)».
På toppmøtet i Madrid i juni skal NATO vedta eit nytt strategisk konsept for alliansen. Dersom prinsippet om ikkje å bruka atomvåpen fyrst blir del av det nye strategiske konseptet, vil det vera eit verdifullt bidrag til auka føreseielegheit og redusert spenning i dagens uføreseielege situasjon. Det vil gje Russland eit påskot mindre for å bruka atomvåpen fyrst og heva terskelen for alle atommaktene. Dette vil vera eit viktig steg for å redusera atomvåpen si rolle i sikkerheitspolitikken, sånn regjeringa og utanriksministeren har sagt at dei vil gjera.
Spørsmålet mitt er: Vil regjeringa gå inn for at ikkje-fyrstegongsbruk av atomvåpen blir ein del av NATOs strategiske konsept?
Spørsmålet ble besvart muntlig i spørretimen. Svaret står i referatet fra møtet, som er lenket fra spørsmålet på stortinget.no.
Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Ingrid Fiskaa →
Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.