Hopp til innhold
Fredag 13. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


← Spørsmål til regjeringen

Skriftlig spørsmål nr. 1574 · 2021-2022

Kva vil regjeringa gjere for å få tilbake eit reelt ettermiddagstog på Vossebanen, slik at det igjen blir mogleg å reise kollektivt til det populære friluftsområdet i Raundalen?

Sveinung Rotevatn (V) stilte spørsmålet til samferdselsministeren, Jon-Ivar Nygård, 14. mars 2022. Svaret kom 17. mars 2022.

Til
Samferdselsministeren · Jon-Ivar Nygård
Datert
14. mars 2022
Besvart
17. mars 2022

Spørsmål

Kva vil regjeringa gjere for å få tilbake eit reelt ettermiddagstog på Vossebanen, slik at det igjen blir mogleg å reise kollektivt til det populære friluftsområdet i Raundalen?

Begrunnelse

Raundalen i Voss herad er eit populært frilufts- og hytteområde. Det er òg ein av svært få stadar på Vestlandet der det er mogleg for folk å reise med tog til eit slikt område. Mellom Voss og Myrdal er det 12 stopp, som er til for fastbuande, friluftsinteresserte, næringsdrivande og hytteeigarar.
Det har alltid vore mogeleg å reise med tog fredag ettermiddag frå Bergen til desse haldeplassane i samband med helgeutfarten. Inntil nyleg gjekk det eit tog frå Bergen til Myrdal fredag klokka 16:58. Men etter at Vy la om rutetabellen rundt nyttår, går no siste tog kl. 15:29.
For dei fleste er dette framleis arbeidstid. Konsekvensen av endringa er at dei som tidlegare kunne reise miljøvenleg og kollektivt, no er avhengige av å køyre bil. Raundalsvegen held dessutan ein dårleg standard og har fleire krevjande og til dels farlege parti. For dei som held til på Upsete, særleg Upsete Fjellstove, får dette store konsekvensar, fordi tog (eventuelt ski) er einaste farbare framkomstmiddel om vinteren.
Tidlegare reisetabell var langt betre tilpassa kvardagen til arbeidsfolk som skal ta del i helgeutfarten. Å få tilbake denne frekvensen vil gjere det enklare å leve miljøvenleg og effektivt i kvardagen for dei mange som nyttar Raundalen som utfartsområde.

Svar

Samferdselsministeren Jon-Ivar Nygård, 17. mars 2022

Rutejusteringa frå desember i fjor har samanheng med innføringa av fleire avgangar på Vossebanen, og er ei tilpassing til planlagde arbeidar på jernbanelinja i regi av Bane NOR. Tilbodet frå Bergen til nemnde Raundalen har samla sett vorte vesentleg betre ved at det no er ein ettermiddagsavgang kvar dag heile veka, mot tidlegare berre fredag. Returavgangane søndag er òg utvida i samband med denne ruteomlegginga. Samla sett har altså dei reisande til Raundalen fleire avgangar å velja mellom når dei skal reisa til/frå hyttene sine, noko mange reisande set pris på. For å få den nye rutetabellen med fleire avgangar til å gå opp, måtte likevel ettermiddagsavgangen flyttast fram, slik stortingsrepresentanten beskriv, noko som då dessverre rammar dei som ikkje rekk denne avgangen.
Det har vore god dialog mellom Jernbanedirektoratet og Vy tog om tilbodsbetringane og rutejusteringa. Vy tog har òg hatt dialog med fylkeskommunale Skyss om dette. Vy tog er no i gang med ruteplanprosessen for R23, det vil seia ruteplanar frå desember 2022. Departementet har i samband med dette fått opplyst at ettermiddagsavgangen frå Bergen mot Myrdal, der Raundalen inngår som stopp undervegs, er eit konkret tema i planprosessen fram mot fristen 11. april for å søka om ruteleie hos Bane NOR. Deretter skal Bane NOR vurdera søknaden i forhold til kapasiteten på jernbanelinja, nødvendige og planlagde arbeid og annan togtrafikk. Det er likevel viktig å påpeika at eventuelle endringar i denne ettermiddagsavgangen vil medføra endringar for reisande på andre delar av strekninga. Vy tog må derfor vega fordelane for ei gruppe reisande opp mot ulempene for ei annan.

Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Sveinung Rotevatn →

Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.