Muntlig spørsmål nr. 3 · 2021-2022
Spørsmålet mitt går òg til forsvarsministeren, og det gjeld flyplassen på Evenes. Evenes er frå før ei sivil lufthamn og skal no òg bli base for F-35 kampfly og dei nye maritime overvakingsflya, P-8. …
Ingrid Fiskaa (SV) stilte spørsmålet til forsvarsministeren, Odd Roger Enoksen, 1. desember 2021.
- Fra
- Ingrid Fiskaa (SV)
- Til
- Forsvarsministeren · Odd Roger Enoksen
- Datert
- 1. desember 2021
- Besvart
- 1. desember 2021
Forsvar
Spørsmål
Spørsmålet mitt går òg til forsvarsministeren, og det gjeld flyplassen på Evenes. Evenes er frå før ei sivil lufthamn og skal no òg bli base for F-35 kampfly og dei nye maritime overvakingsflya, P-8. Dette krev store investeringar og bygging av ny infrastruktur på Evenes. Så er det meldt om ikkje ubetydelege problem, no sist med støy knytt til F-35, men særleg når det gjeld dei maritime overvakingsflya. Det er snakk om utfordringar når det gjeld tilførsel av drivstoff, det er system for våpenlagring og armering av P-8-flya, det er hangarutfordringar, der det er snakk om å ha mellombels hangar i tre vintrar framover, og òg dei kjende problema som er knytte til turbulens, som kan bli særleg utfordrande når tunge, fullasta P-8-fly skal ta av derifrå.
Dei første P-8-flya blir, så vidt eg er kjend med, levert allereie i februar. Så spørsmålet mitt er: Korleis synest statsråden det går med framdrifta på Evenes, og meiner statsråden at Evenes vil kunna bli ein fullgod base for dei maritime overvakingsflya våre?
Spørsmålet ble besvart muntlig i spørretimen. Svaret står i referatet fra møtet, som er lenket fra spørsmålet på stortinget.no.
Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Ingrid Fiskaa →
Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.