Hopp til innhold
Fredag 13. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


← Spørsmål til regjeringen

Skriftlig spørsmål nr. 3003 · 2024-2025

Kva meiner regjeringa er ein akseptabel kostnad for å sikre trygg og effektiv ferdsel rundt Stadt gjennom bygging av skiptunnelen, og vurderer regjeringa verkeleg å skrinlegge prosjektet på bakgrunn av kostnadsauke?

Erling Sande (Sp) stilte spørsmålet til fiskeri- og havministeren, Marianne Sivertsen Næss, 24. august 2025. Svaret kom 1. september 2025.

Fra
Erling Sande (Sp)
Til
Fiskeri- og havministeren · Marianne Sivertsen Næss
Datert
24. august 2025
Besvart
1. september 2025

Spørsmål

Kva meiner regjeringa er ein akseptabel kostnad for å sikre trygg og effektiv ferdsel rundt Stadt gjennom bygging av skiptunnelen, og vurderer regjeringa verkeleg å skrinlegge prosjektet på bakgrunn av kostnadsauke?

Begrunnelse

Stad skipstunnel er eit prosjekt som skal sikre små og mellomstore fartøy eit alternativ til å runde Stadhalvøya som er eit av Norskekysten mest krevjande havområder. Tunnelen vil gjere at skipstrafikken kan ha føreseieleg for framkomst, redusere belastning og auke tryggleik for mannskap og last. Prosjektet har vore arbeidd med over lang tid. Både kommunane og kystverket har brukt store summar for planlegging av Stad skipstunnel, men grunna kostnadsvekst har regjeringa varsla ny vurdering av saka.

Svar

Fiskeri- og havministeren Marianne Sivertsen Næss, 1. september 2025

Anbodsprosessen for Stad skipstunnel er lagt opp som ein konkurranse med forhandlingar. Ved frist 10. juni, vart det levert inn tre tilbod, og desse tilboda er no til vurdering.
Av konkurransemessige omsyn har ikkje Kystverket oppgitt detaljerte opplysningar om innkomne tilbod, men det har vorte kjent at innkomne tilbod ligg over kostnadsramma som Stortinget har vedteke.
Regjeringa vil kome tilbake til Stortinget om oppfølginga av prosjektet Stad skipstunnel i samband med framlegginga av forslag til statsbudsjett for 2026.

Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Erling Sande →

Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.