Skriftlig spørsmål nr. 2901 · 2024-2025
Kva vil statsråden gjere for å sikre at helikoptertrafikken til felta utanfor Sogn og Fjordane foregår i tråd med det som er føresetnadane for utbygging og drift av Tampenområdet og Gjøa i konsesjonane, nemlig at Florø skal vere utgangspunkt for forsyning og logistikk?
Erling Sande (Sp) stilte spørsmålet til energiministeren, Terje Aasland, 13. august 2025. Svaret kom 20. august 2025.
- Fra
- Erling Sande (Sp)
- Til
- Energiministeren · Terje Aasland
- Datert
- 13. august 2025
- Besvart
- 20. august 2025
Spørsmål
Kva vil statsråden gjere for å sikre at helikoptertrafikken til felta utanfor Sogn og Fjordane foregår i tråd med det som er føresetnadane for utbygging og drift av Tampenområdet og Gjøa i konsesjonane, nemlig at Florø skal vere utgangspunkt for forsyning og logistikk?
Begrunnelse
Den siste tida helikoptertrafikken frå Florø til felta på tampen periodevis blitt flytta til å gå frå andre helikopterbasar. Det får negative ringverknader for aktiviteten ved Florø Lufthamn og anna lokal aktivitet knytt til petroleumsaktiviteten. Det har heile tida vore ein føresetnad at aktiviteten på norsk sokkel skal skape aktivitetar i lokalsamfunna langs kysten. Det er viktig for å sikre positiv utvikling i heile landet og det er viktig også for legitimiteten til næringa. At konsesjonsvilkåra bevisst eller ubevisst vert uthola kan bidra til å svekke både aktivitet og omdømmet til næringa i lokalsamfunna langs kysten vår. Det er difor viktig at regjeringa er tydelege på at ein forventar at konsesjonsvilkåra vert oppretthaldne og at næringa framleis skal bidra til aktivitet, sysselsetting og utvikling langs kysten vår.
Svar
Energiministeren Terje Aasland, 20. august 2025
Sikkerheten til alle som arbeider på norsk kontinentalsokkel er en hovedprioritet både for departementet og næringen. Det er rettighetshaverne som er ansvarlig for den operasjonelle aktiviteten og at den skjer innenfor regelverket. Dette gjelder også for helikoptertrafikken.
Departementet er for øvrig kjent med at det aktuelle helikopteret er tilbake i drift slik at flyvningene fra Florø er gjenopptatt.
Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Erling Sande →
Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.