Hopp til innhold
Fredag 13. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


← Spørsmål til regjeringen

Skriftlig spørsmål nr. 2818 · 2024-2025

Kva vil næringsministeren gjere for å sikre at eit eventuelt sal av Argentum ikkje fører til tap av arbeidsplassar og svekking av fondsforvaltingsmiljøet i Bergen og på Vestlandet, og kan ho garantere at hovudkontoret framleis skal liggje i Bergen?

Erling Sande (Sp) stilte spørsmålet til næringsministeren, Cecilie Myrseth, 5. august 2025. Svaret kom 12. august 2025.

Fra
Erling Sande (Sp)
Til
Næringsministeren · Cecilie Myrseth
Datert
5. august 2025
Besvart
12. august 2025

Spørsmål

Kva vil næringsministeren gjere for å sikre at eit eventuelt sal av Argentum ikkje fører til tap av arbeidsplassar og svekking av fondsforvaltingsmiljøet i Bergen og på Vestlandet, og kan ho garantere at hovudkontoret framleis skal liggje i Bergen?

Begrunnelse

Eg er bekymra for at Arbeiderpartiregjeringa sitt planlagde sal av Argentum vil svekke det etablerte og kompetente fondsforvaltingsmiljøet i Bergen og på Vestlandet. Argentum har levert god avkastning over tid, og det er uklart kvifor dette salet hastar. For Senterpartiet er det eit mål å byggje sterke fagmiljø også utanfor Oslo, og det er difor viktig å sikre at kompetanse og arbeidsplassar vert verande i Bergen. Eg ber næringsministeren gjere greie for korleis ho vil sikre at Vestlandet ikkje blir tapar i denne prosessen, og om det i det heile tatt er mogeleg å hindre ei slik utvikling dersom regjeringa gjennomfører salet.

Svar

Næringsministeren Cecilie Myrseth, 12. august 2025

Det går fram av eigarskapsmeldinga (Meld. St. 6, 2022–2023) at staten er eigar i Argentum for å oppretthalde eit investeringsselskap, retta mot aktive eigarfond, med hovudkontorfunksjonar i Noreg. Statens mål som eigar er høgast mogleg avkastning over tid innanfor berekraftige rammer.
Staten som eigar kommenterer vanlegvis ikkje spørsmål om eventuelle planlagde eller pågåande transaksjonar.
På generelt grunnlag for den typen transaksjon som spørjaren skildrar når det gjeld Argentum, vil det vere naturleg å be om Stortingets tilslutnad før ei eventuell gjennomføring.

Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Erling Sande →

Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.