Skriftlig spørsmål nr. 1353 · 2024-2025
Kva vil regjeringa foreta seg for å unngå bruk av returprovisjonar for turistguidar?
Erling Sande (Sp) stilte spørsmålet til næringsministeren, Cecilie Myrseth, 21. februar 2025. Svaret kom 28. februar 2025.
- Fra
- Erling Sande (Sp)
- Til
- Næringsministeren · Cecilie Myrseth
- Datert
- 21. februar 2025
- Besvart
- 28. februar 2025
Spørsmål
Kva vil regjeringa foreta seg for å unngå bruk av returprovisjonar for turistguidar?
Begrunnelse
Kvart år ser vi nye dømer på at turistguidar inngår provisjonsavtaler med til dømes serveringsstader og butikkar der dei forpliktar seg på å ta med turistgrupper dit mot at dei får ein andel av pengane turistane legg att eller annan type provisjon frå verksemdene. Praksisen framstår som uryddig og det framstår uklart om det i det heile tatt er ein lovleg praksis. Slik dette enkelte stader vert praktisert er det neppe i tråd med den transparens som vi ønskjer skal prege norsk nærings- og arbeidsliv.
Svar
Næringsministeren Cecilie Myrseth, 28. februar 2025
Reiselivsnæringa er ei viktig næring for Noreg, både for bygd og by. Eg er opptatt av at vi har ein heilskapleg reiselivspolitikk, og at lokale, regionale og statlege myndigheiter spelar på lag. Vi må sikre berekraftige løysingar, samstundes som vi bidreg til tillit mellom lokalbefolkning, næring og myndigheitene.
Regjeringa vil fremje auka profesjonalitet, kvalitet og tryggleik i guida reiselivsopplevingar, og har difor øyremerke pengar til arbeidet med utvikling av ein Norsk Standard for guidar. Standarden skal beskrive den grunnleggjande kompetansen alle guidar bør ha. Arbeidet med standarden vil mellom anna vektleggje lokal kunnskap, tryggleik, risikohandtering og juridisk kompetanse. Målet er å styrkje bransjen og gjere den meir fagleg og profesjonell.
Eg er kjend med og tek på alvor at praksisen med returprovisjonar vert opplevd som ei utfordring for nokre bedrifter i reiselivsnæringa. Om returprovisjon er lovleg er avhengig av korleis ordninga med returprovisjon praktiserast. Graden av openheit og åtferd i samsvar med god forretningsskikk er viktig i denne samanhengen. Det er viktig at slike avtalar ikkje skadar konkurransen eller fører til urimeleg press på turistane.
Eg har i tidlegare spørsmål om liknande problemstillingar opplyst at Nærings- og fiskeridepartementet i 2019 laga ei informasjonsbrosjyre for å motverke bruk av returprovisjon og sikre at aktørar i reiselivsnæringa følgjer norske lover og reglar. I brosjyren er relevante paragrafer frå avtalelova, konkurranselova, marknadsføringslova og straffelova framheva, for at det skal vere enkelt å sette seg inn i kva reglar som gjeld. Brosjyren er mellom anna publisert på regjeringas nettside.
Eg tek utgangspunkt i at alle som driv forretning i Noreg overheld norske lovar og reglar.
Dersom det vert oppdaga at nokon bryt reglar, må det verte meldt inn til politiet som vil ta saka vidare i rettssystemet, eller til rette tilsyn som vil handtere saka i tråd med gjeldande reglar.
Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Erling Sande →
Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.