Valgprogram · 1957
BONDEPARTIETS PROGRAM 1957
Bondepartiet · 5 985 ord
«sykehus» er markert i 0 avsnitt. Fjern markering
BONDEPARTIETS PROGRAM 1957
GRUNNSYN
Samfunnet må organiserast og byggjast slik at det tener det einskilde menneske. Bondepartiet set difor som mål for samfunnsframvoksteren at det skal vera mogleg for alle å finna utløysing for sine krefter og givnader og til å leva eit fullverdig liv. Dette syn legg Bondepartiet til grunn for sitt arbeid for varig framgang på alle omkverve.
I arbeidet for å skapa eit stendig betre samfunn må vi føra vidare våre kulturtradisjonar, der kristendomen har vore den grunnleggjande kraft. Noregs framtid må difor byggjast på kristen og nasjonal grunn og fremja eit levande folkestyre med fritt ordskifte og full åndsfridom.
Den sjølvdisiplin som den einskilde må syna for å leva i harmonisk samkvem med sine medmenneske, må byggja på ei indre overtyding hos det einskilde menneske og på at samfunnet på si side syner menneska tiltru. Vyrnaden for menneskeverdet - den einskilde sin rett til å leva sitt eige liv under ansvar - må ikkje krenkast av staten eller organisasjonar. Inngrep og avgrensingar til føremun for hopehavet må aldri få karakter av overgrep i hopehavet sitt namn.
Såvel einveldesamfunnet som den sosialistiske staten derimot har som sermerke mistru til einskildmennesket og ei vidtfemnande sentral dirigering, der den materielle effekten ein ynskjer å oppnå, skjer på kostnad av menneskeverdet.
Politisk fridom og folkestyre, med rett for alle til å vera med, skal byggja på at folket ved valde tillitsmenn - og ikkje administrasjonen - tek alle avgjerder.
Hovudmålet for Bondepartiet sin økonomiske politikk er full sysselsetting, mest mogleg jamvektig vederlag for jamvektig innsats, og rasjonell utnytting av naturrikdomane i landet.
Eit allsidig næringsliv med jamstelling mellom næringane er det beste grunnlaget for økonomisk framgang og tryggleik.
Bondepartiet ser den aukande sentraliseringa av næringslivet og busettinga som ei uneppen utvikling for samfunnet vårt, og meiner at det er ei hovudoppgåve å nytja dei ymse verkeråder slik at ein målmedvite tek sikte på å fremja næringslivet utover i distrikta.
Gjennom aktiv og rettvis sosialpolitikk vil Bondepartiet byggja ut vernetiltak for dei veike, dra omsut for dei hjelpelause i samfunnet og tryggja hjelp til sjølvhjelp for dei som er komne i naud.
Administrative avgjerder skal kunna krevjast grunngjevne og prøvast for domstolane.
Ved tilsetting i offentlege ombod må ingen verta forbigått for å gjeva plass for partipolitisk påskjønning.
Det bør også her i landet opprettast ein skipnad med sivil ombodsmann.
Stortinget sin råderett.
Den retten Stortinget etter Grunnlova, tradisjonar og folkestyreprinsippet har som lovgjevande og løyvande makt, må haldast oppe uavgrensa. Dei folkevalde organa skal ha den avgjerande makta i samfunnet.
Arbeidet for ei valordning som gjev Stortinget ei samansetting i samsvar med folkeviljen, må halda fram.
Bondepartiet går inn for oppløysingsrett i Stortinget si hand og høve til rådgjevande folkeavrøysting.
Organisasjonane.
Organisasjonsretten må vera lik for alle næringar og i alle yrke. Organisasjonane må på si side ordna seg inn under samfunnsskipnaden vår og byggjast opp etter demokratiske prinsipp.
Interessemotsetningar bør så langt råd er løysast ved friviljuge tingingar og semjer. Når dette ikkje fører fram, og arbeids- og produksjonslivet står framføre øydande konfliktar, må stridsspørsmåla kunna førast fram for ein fri og ubunden skilsdomstol og få si løysing der.
Kommuneinndelinga.
Fullmaktslova som gjev regjeringa høve til å regulera kommunegrenser og setja nye namn på kommunar i strid med det styresmaktene på staden meiner, må avskipast.
Dei vanlege føresegnene i kommunelova skal gjelda, slik at det vert dei folkevalte organa - kommunestyre, fylkesting og Storting - som får den endelege avgjerda.
Staten og kommunane.
Føremålet med det kommunale sjølvstyre er å tryggja den beste løysinga av dei ymse samfunnsoppgåvene ved å gjeva vidast mogleg plass for den einskildes tiltaksevne og dugleik, saman med røynsle og kunnskap om tilhøva på staden.
1. Fred og fridom.
Det synet Bondepartiet legg til grunn for samkvemmet mellom menneska i eit samfunn, fører me naturleg vidare til å gjelda også nasjonana imellom.
På same vis som me sjølv vil gjera alt for å verna om vår eigen fridom og vårt eige sjøvstende, må me samtykkje i og gjera vårt til at dei fundamentale menneskerettane blir røynlege for alle undertykte og ufrie folk.
Varande fred kan aldri byggjast på makt, men på rett, tolsemnd og innbyrdes vyrnad.
Internasjonalt samarbeid.
Bondepartiet vil gå inn for alt internasjonalt samarbeid som kan tryggja fridom og sjølvstende for folka, løysa sams økonomiske, sosiale og politiske oppgåver og styrka fred og rett i verda.
Bondepartiet meiner at Dei sameinte Nasjonane framleis må styrkjast for at organisasjonen skal kunna løysa oppgåvene sine og gjera røynleg menneska si von om ei fredeleg verd.
Bruken av atomkraft må under internasjonal kontroll og eksperimenteringa med atomvåpen stoppast.
I det internasjonale samarbeidet må me teka sikte på å fremja norsk nærings- og arbeidsliv, samstundes som me tek vare på vår sjølvråderett og kulturelle serhått.
Forsvar.
Bondepartiet går inn for eit sterkt forsvar. Det må byggjast opp slik at det høver for naturtilhøva i landet og på stutt varsel kan yta effektiv motstand.
Det vestlege forsvarssamarbeidet gjennom NATO må halda fram.
Befalet og soldatane må få grundig feltopplæring. Løyvingar og materiell må nyttjast betre. I den mon tenestetida ikkje er oppteken av dei militære øvingsprogramma, må soldatane få høve til opplæring i sivilfag.
Heimevernet må få større plass i forsvaret vårt, med større løyvingar til materiell, befal og øvingar.
Skyttarsaka må få betre arbeidsvilkår.
Alle må få utføra militærtenesta under like lønstilhøve.
Staten skal gjeva fullt økonomisk vederlag for skader som oppstår under militær opplæring og øving.
2. Samfunnsskipnad og styringsverk.
Rettstrygd.
Samfunnet skal gjeva det einskilde menneske full rettstrygd. Lover og føresegner må ikkje strida mot sunt vit og rettskjensle og ikkje gjeva plass for vilkårleg skjøn hos dei som nyttar føresegnene.
Prinsippet som den lokale forvaltninga må byggja på, er at skattleggings- og vedtaksrett skal vere samla på ei og same hand - kommunestyret, som står til ansvars andsynes folket i val.
Bondepartiet ser det slik at føresetnaden for at det kommunale sjølvstyret skal vera ein realitet, er at det økonomiske grunnlaget gjer mogleg tiltak ut over dei lovbundne, og at den lokale vedtaksretten ikkje vert avgrensa av sentrale styresmakter.
Oppgaver som i dag heilt eller i nokon mon vert finansiert av kommunane, men som ikkje er emne for lokal vurdering, må difor overførast til staten slik at me kan nå fram til eit mest mogleg jamt kommunalt skattetrykk over alt i landet. I den mon denne utjamninga ikkje kan nåast ved å letta kommunane for bundne utgifter, må ein stø oppunder med skatteutjamning.
3. Opplæring - Åndsliv.
Den kulturelle framvoksteren i folket vårt skal førast vidare på nasjonal og grunn. Alle tiltak som styrkjer det åndelege liv i bygd og by, må hjelpast fram.
Gode heimar er grunnsteinane i eit sunt og lukkeleg samfunn. Difor må det byggjast eit vern mot alt som trugar med å undergrava heimane og heimelivet.
Velferds- og studiearbeid som lag og ungdomsorganisasjonar driv, må møta større forståing, og deira arbeid må ikkje vanskeleggjerast ved offentlege inngrep.
Det må synast vyrnad for den einskilde sitt livssyn, og freistnader på einsretting av ånds- og kulturlivet må avvisast.
Norske kunstnarar og forskarar må få gode arbeidsvilkår. Musikklag, songlag, teaterlag o.l. bør få auka stønad, og arbeidet for å ta vare på kulturminna våre må hjelpast fram.
Norsk mål.
Det må vera full jamstelling mellom dei offisielle målføra. Det må arbeidast vidare fram mot eitt skriftspråk på norsk folkemåls grunn.
Skulane.
Målet for Bondepartiet sin skulepolitikk er at samfunnet skal gjeva all ungdom dei same vilkår for utdaning og dermed til lik start i livet. Jamverdige skuletilhøve for alle - utan omsyn til om den einskilde sine evner går i teoretisk eller praktisk lei - er difor Bondepartiet si rettesnor for utbygginga av skule- og undervisningsstellet vårt.
Skulane våre skal utvikla ungdomen til frie, sjølvstendige menneske, gjera han dugande i det praktiske liv og skapa ansvarskjensle og vyrnad for arbeid og arbeidsplass.
Kristendomsopplæringa må styrkjast i skulane.
Bondepartiet meiner at det er ei hovudoppgåve å syta for at dei mange landkommunane som til no ikkje har makta å byggja ut folkeskulen slik skulelova av 1930 føreset, kan få hjelp til det, og vil gå inn for at det på statsbudsjettet vert ført opp omframtløyving til skulehusbygging i desse kommunane. Ein meiner at denne oppgåva må ha førsteretten framfor vidare utbygging til 9-årig grunnskule i økonomisk velhaldne kommunar.
Sentralisering er ikkje noko god løysing av skulespørsmålet i dei grisgrendte stroka. Sentralisering mot krinsane sin vilje bør ikkje finna stad.
Det er ei påtrengjande oppgåve å syta for at alle born kan få si opplæring av lærarkrefter med full utdaning. Difor må lærarskulane setjast i stand til å stetta trongen for lærarar.
Utbygginga av framhaldsskulen må halda fram og slik at han gjev grunnlag for vidare utdaning.
Ungdoms- og folkehøgskulen som for mange ungdomar vil vera den ålmenndanande, må få best moglege arbeidsvilkår.
Kommunale realskular bør få stats- og fylkestilskot så at også økonomisk veike kommunar kan halda slike skular i gang.
Yrkes- og fagskular.
Med den aukande trongen til fagkunnskap i alle yrke er det turvande at yrkesskulane vert utbygde vidare i bygd og by. I denne samanhengen meiner ein også at yrkesrettleiingstenesta bør viast meir åtgaum. I den obligatoriske framhaldsskulen bør ein tenkje på å taka opp yrkesrettleiing som fag.
I alle huslyder spelar husmora ei sentral økonomisk rolle. Husstellopplæringa må difor leggjast slik til rettes at alle gjenter kan få god og rimeleg husmoropplæring.
Gymnas - Høgare utdaning - Forsking.
Utviklinga vil føra med seg at trongen for akademisk utdana arbeidskraft vert stendig større i nærings- og samfunnslivet. Like eins vil trongen for vitskapeleg forsking på dei ymse omkverve auka. Universiteta og høgskulane våre må difor gjevast slike vilkår at dei kan fylgja med i utviklinga og alltid kunna gjeva dei studerande ei fullverdig opplæring.
Ved universiteta og høgskulane må det gjevast større rom for forsking.
Vegen til den høgaste utdaninga skal vera open for alle som har evner i den leia. Gymnas som er grunnlaget for høgare utdaning må difor vera innan økonomisk rekkevidd for all ungdom utan omsyn til foreldra sin økonomi og utan omsyn til kvar i landet dei bur.
Stipend og studielån.
Dei føresegnene som no gjeld for utetling av stipend og godkjenning av studielån i Statens lånekasse, legg urimeleg stor vekt på kor stor eige foreldra har også når eiga er bunden av driftsmedel, bygningar, jord og skog. Dette verkar urettvist for mange landsungdomar som på denne måten vert fråteken utvegane til å få stipend og studielån.
Føresetnaden for at alle utan omsyn til økonomi og skal få dei same vikår for vidaregåande utdaning, er difor at den stipend- og studielånsskipnaden som gjeld no, vert endra.
4. Sosialpolitikken.
Trygder.
Den næraste oppgåva for sosialpolitikken er å skapa tryggleik for den einskilde mot å koma i naud på grunn av sjukdom, ulukke, eller andre uforskyldte vanskar.
Spørsmålet om ei almenn invalide- eller uføretrygd må takast opp til løysing, og dei nogjeldande ulukkestrygdene slåast saman til ei yrkesskadetrygd, som også femner husmødrar og alle sjølvstendige næringsdrivande. Trygdesatsene må justerast i samsvar med det almenne pris- og inntektsnivået.
Dei barnerike huslydane er vorte sers hardt råka av dei stendige prisaukingane og har i mange høve fått monaleg ringare levevilkår enn før. Dette tilhøvet må det offentlege vera meir merksam på. Skatte- og avgiftspolitikken, bustadpolitikken og dei ymse stønads- og trygdetiltaka må meir enn no skipast med tanke på å betra økonomien for huslydar med barn.
Problema for dei eldre.
Talet på folk i eldre årsklasser vil auka sterkt i åra frametter. Det reiser serlege problem med omsyn både til bustader og utvegar til høveleg arbeid for alle friske og arbeidsføre, som på grunn av alderen går ut av det ålmenne yrkeslivet, men som enno, både i eigen og samfunnets sin interesse, kan yta verdfullt arbeid. Bondepartiet vil ta desse spørsmåla opp til utgreiing og løysing.
Helsestell.
Samfunnet har store uløyste oppgåver når det gjeld omsuten for sjuke. Serleg ligg utbygginga av sjukehus, kurheimar, og pleieheimar for åndsveike, sinnslidande og andre som treng serskild pleie, langt til atters. Det er heilt naudsynt å setja meir inn på å ta att det forsømde her.
Utbygginga av den ålmenne helserøkta må halda fram.
Kostnadene med reising og drift av offentlege sjukehus må overtakast av staten.
Arbeidet med å letta dei som er hindra i yrkesval, i å finna ein plass i yrkeslivet må halda fram.
Abort-lovgjevinga må ikkje gjeva høve til svangerskapsavbrot utan på medisinsk grunnlag.
Edruskap.
Bondepartiet vil arbeida for å skapa eit sunt og edrueleg folk. Edruskapen må fremjast ved opplysning og god kontroll med at dei vedtekne edruskapslovene vert haldne.
Det offentlege må stø motarbeidinga av rusdrykkmisbruk, og alkoholistforsorgen må overtakast av staten.
Distrikta skal sjølv avgjera om omsetnad av rusdrykk skal vera tillaten.
Ungdoms- og idrottsarbeid.
Idrotts- og yrkestevlingar er av stort verde for oppseding og trivsel for ungdomen og ein viktig lekk i arbeidet for rett arbeidsteknikk og god folkehelse. Bondepartiet vil difor gjeva idrott og yrkestevlingar gode vilkår.
Stønaden til idrottsanlegg må taka sikte på å dekkje den lokale trongen, og ikkje konsentrerast om store sentralanlegg. Ved anlegg av idrottsplassar må det så langt råd er nyttast udyrka jord.
Gode møtehus er ein viktig føresetnad for levande ungdoms- og lagsarbeid og dermed for trivsel og godt miljø for den oppveksande slekt. Ein bør difor tenkja på å nytta ein større del av tippemidlane til finansiering av tidhøvelege møtehus.
Bustadsaka.
Samfunnet si hjelp til bustadreising må ha til føremål å tryggja alle skikkelig bustad. Men den statsstønaden som har vore til no, har verka vilkårleg og urettvis fordi han har sett store grupper av folket utanfor samfunnet si hjelp til å byggje og bu. Bondepartiet vil difor framleis arbeida for ei samordning og omlegging av den statlege bustønaden, slik at alle kan få nyta godt av han, utan omsyn til yrke og bustadkommmune.
Stønaden til vasskraft på bygdene må aukast, så alle heimar så snart som mogleg kan få innlagt vatn.
5. Samferdsel.
Gode kommunikasjonar er eit hovudvilkår for framvokster av næringslivet og for betre utnytting av dei produktive ressursane i landet. Ikkje minst må kommunikasjonane byggjast ut med tanke på ein sterkare og meir allsidig framvokster av næringslivet i økonomisk veike kommunar, der utviding av næringsgrunnlaget er mogleg, men vert hindra av kleine kommunikasjonar.
Bondepartiet vil difor auka løyvingane til vegbygging og vegvedlikehald. Vegbygging i veglause strok må skundast på og løyvingane til bygdevegar, gards- og grendevegar aukast.
Alle vegavgifter må gå til styrking av vegbudsjetta, og bygdevegane må få ein større og rettmessig lut av avgiftene.
Det er lite rimeleg at bensin og transportmedel som vert nytta utanfor offentleg veg skal svara særskilde vegavgifter. Det må difor finnast tilfredsstillande utvegar til avgiftsfritak.
Vegbygginga må rasjonaliserast, og legging av faste vegdekke skundast på.
Ein må meir enn til no setja ut arbeida på tilbod, slik at entreprenørane kan tevla på like vilkår med vegstellet.
Utgiftene til grunn, gjerde, grustak, husflytting o.l. ved hovudveganlegg, her også omleggings- og utbetringsarbeid, må gå inn i anleggskostnadene, slik at kommunane som vert råka av slike arbied, ikkje skal verte urimeleg skadelidande.
Dersom det ikkje let seg gjera å fremja ei tilfredsstillande utbygging av kommunikasjonane ved løyving over statsbudsjettet, bør utvegane til å finansiera viktige veganlegg ved statslån og privat kapital koma sterkare inn ved opplegg av vegpolitikken vår.
Jarnvegsdrifta må rasjonaliserast. Av omsyn til driftsøkonomi og valuta er det naudsynt med større fart i elektrifisering av banane. Statsbanane må endra takstpolitikken sin slik at han ikkje som no tilgodeser serleg nærtrafikken til byar og storsentra.
I kyststroka må dei lokale båtrute-lutlaga få turvande økonomisk hjelp til å skifta ut gamle og lite høvelege båtar med farty som kan stetta alle krav til gods- og passasjerferdsla. Dei som er nøydde til å nytta motorbåt som einaste framkomstmedel må sleppa bensinavgift.
Ruteferdsla både på land og sjø må samordnast. Bil- og båtruter til avsides bygder og landsluten må få slike vilkår at dei kan halda rimelege takstar og fullgodt ruteopplegg. Samferdslelova må reviderast, og alle avgrensingar som hindrar full utnytting av samferdslemedla, takast bort.
Luftferdsla må hjelpast fram ved bygging av fleire flyplassar. Der det er mogleg må dei militære flyplassane stillast til rådvelde for den sivile ruteferdsla. Private flylutlag må få tevle med statsstødde lutlag på like vilkår.
Postgangen i bygdene må verte betre. Målet må vera dagleg postgang til alle heimar.
Med tanke på at innlegging og bruk av telefon kan verte rimelegare, bør rasjonalisering av telefonstellet viast større åtgaum.
Telefon, bussruter, og andre kommunikasjonsmedel som vert drivne av private på fullgod måte, må ikkje overtakast av staten.
6. Kraftutbygginga.
Det skortar enno mykje på at trongen for elektrisk kraft er stetta i heile landet. Utbygginga av kraftkjeldene og framføring av krafta må difor halda snøgt fram.
Kraftutbygginga til ålmen bruk må aukast så alle strok snarast råd er får fullgodt tilgjenge på elektrisk kraft til husbruk, handverk og industri.
Ein større lut av krafta må koma bygdene til gode. Utkantbygdene må få stønad til framføring av krafta, så tilknytting og bruk av elektrisitet kan skje på same vilkår som i sentrale strok av landet.
Alle greiner av næringslivet må stillast likt med omsyn til krafttildeling og kraftprisar.
Før den innanlandske trongen er stetta fullt ut, må det ikkje verte inngått avtalar om utførsle av primakraft.
Vassdragslova må reviderast for å skapa ein stabil skipnad for vurdering av skadebot ved skade for skuld reguleringar, vatnfallsutbygging o.l., slik at dei bygdene og einskildeigedomane som vert råka av det, får full skadebot og ein rimeleg lut av dei nye verdiane som vert skapte ved utnytting av den avståtte eigedomen deira. Når produksjonsgrunnlaget for dei eigedomane som vert råka, vert varig minka, bør skadebot prinsipielt gjevast i naturalytingar som har varande verd for eigedomen. Dersom høvelege naturalytingar ikkje kan gjevast, må pengeskadebot fastsetjast med ein årleg sum som vert å justera i samsvar med det ålmene prisnivået.
7. Økonomisk politikk.
Den økonomiske politikken må førast med tanke på best mogleg utnytting av ressursane i landet, så det kan skipast nye og varande arbeidsplassar, arbeid for alle, auka produksjon og materiell framgang og trivsel.
Tilhøva må leggjast slik til rette at dei fremjar større effektivitet og tevleførleik. Bondepartiet legg stor vekt på rettvis spreiing av samfunnsinntekta næringane og samfunnsgruppene mellom.
Det beste produksjonsresultatet oppnår ein når næringslivet får veksa fram innanfor ei vidast mogleg råma, utan eit nettverk av offentlege regulerings- og dirigeringspåbod.
Den statlege sentraldirigeringa av næringslivet må avskipast.
Stabilitet.
Eit vedvarande kjøpe- og inflasjonspress, med sterk pris- og kostnadsauke, er ein ålvorleg fåre for vår tevleførleik og den fulle sysselsettinga, fører til ei uheppen fordeling av samfunnsinntekta og minkar spareviljen hos folket.
Det er difor av avgjerande vekt for ein sterk og framgangsrik økonomi at ein atterreiser jamvekt og stabilitet både i den indre og den ytre økonomi.
Etterspurnaden må koma i samsvar med vår eiga produktive evne, så prisauken og den stendige minken i kroneverdet kan stansast og underskottet i utanrikshandelen opphøyra. Bondepartiet går inn for eit lågt rentenivå, og ser ein stabil økonomi som det beste grunnlaget for å koma bort frå sterke rentesvingningar.
Indeksøkonomien.
Ein stivbeint indekspolitikk, med meir eller mindre heilautomatiske reguleringsføresegner som er knytte til levekostnadsindeksen, avgrensar utvalet av økonomiske rådgjerder, aukar prispresset og legg hindringar i vegen for arbeidet med å skapa stabile økonomiske tilhøve.
Under alle omstende er det naudsynt å få ein levekostnadsindeks som gjev eit meir rettvist uttrykk for levemåten hos det norske folk enn den noverande indeksen, som berre byggjer på forbruket hos 100 industriarbeidar-huslydar. Jordbruksvarene går no inn i indeksen med mykje større vekt enn det som svarar til deira vekt i det totale forbruket, noko som gjer det enno vanskelegare å få rimelege forbetringar av inntekta for jordbruket. Dette mishøvet må rettast.
Avgiftsaukingar på luksusvarer som brennevin, øl, tobakk o.l. må ikkje gjeva grunnlag for krav om lønnsauke.
Ein bør også ta opp spørsmålet om å kopla levekostnadsindeksen saman med produksjonsgrunnlaget, slik at lønsauke mest mogleg vert grunna på auka produksjon og effektivitet.
Så lengje vi byggjer på det noverande indekssystemet, må det vera eit vilkår at indeksen ikkje er til hinder for naudsynte prisjusteringar for jordbruksvarene. Jordbruket må tryggjast det same høve til - og utveg for - inntektsauke i samband med auke i levekostnadsindeksen som andre samfunnsgrupper har.
Landsfemnande verksemder og lutlag som får inntektene sine frå heile eller større lut av landet, må takast ut av den lokale skattelegginga og skattast serskild, med tanke på at skatteinntektene kan koma ein større lut av folket til gode, om naudsynt også som tilskot til økonomisk veike kommunar.
Hovudgrunlaget for skattlegginga må vera den laupande inntekta, ikkje oppsparte pengar og anna eige. Skatten på eige råkar no dei som har eigedom urimeleg hardt og må minkast.
Omsetningsavgifta må leggjast på engroslekken og takast bort for dei viktigaste matvarene.
Pristilskota på forbruksvarer må takast bort litt etter kvart.
Investeringsavgifta på bygg og anlegg må takast bort.
8. Næringslivet.
I den mon samfunnet rår for det, må alle næringar få like vilkår for framvokster.
Regjeringa sin økonomiske politikk har ført til aukande sentralisering og konsentrasjon av næringslivet, med monaleg folkeflytting frå mange bygder. Bondepartiet meiner at denne utviklinga motverkar full utnytting av dei naturlege ressursane og produksjonsutvegane. Bondepartiet ser det difor som ei hovudoppgåve å arbeida for å styrkja og hjelpa fram næringslivet i bygdene ved å utvida produksjonsgrunnlaget i jordbruk, skogbruk og fiske, og å skapa nye verksemder og nye arbeidsplassar for flest mogleg i bygdene. Mange stader er det viktig å finna fram til høveleg yrkessamanbinding, t.d. jordbruk/handverk - industri, serskild med tanke på å skaffa attåtinntekt for mindre bruk som ikkje gjev full sysselsetting. Det bør i denne samanhengen leggjast stor vekt på å få sett i gang mest mogleg deilproduksjon.
Føresetnadane for ei sterkare utbygging av næringsgrunnlaget i landdistrikta er ein sterkare medverknad frå samfunnet si side.
Utlåna frå statsbankane må i større mon gå til finansiering av produktive føremål i strok som ligg til atters økonomisk, så dei kan koma på høgd med den ålmenne økonomiske framvoksteren i landet. Det må vidare skaffast kapital til eit sterkt utbyggingsfond, som får til serskild oppgåve å finansiera utbyggingstiltak i strok som er kapitalfattige og ligg til atters økonomisk.
Eit grunnleggjande vilkår er at også krafttilførslene og kommunikasjonane i sterkare mon tar omsyn til og fremjar eit allsidigare næringsliv.
Utanlandsk kapital må ikkje få makt over næringslivet vårt, og ikkje gjevast serføremoner framføre norsk kapital.
Jordbruket.
Eit jordbruk som står sterkt økonomisk, teknisk og når det gjeld produksjon er eit hovudgrunnlag for næringslivet vårt.
Den arven av kulturelle verde og tradisjonar som er sermerkt for jordbruket og bondesamfunnet, vil gjera samfunnet rikare.
Det er naudsynt ut frå omsynet til valutabalansen, forsvarsførebuingane og trygging av mattilførslene under avsperring at ein nyttar ut produksjonsvegane i jordbruket heilt ut.
For å nå dette målet, meiner Bondepartiet at det må dragast opp klåre retningsliner for dei hjelperåder som må nyttast for på stuttare eller lengre sikt å tryggja stabiliteten og framvoksteren i næringen. Desse retningslinene må fastsetjast i former som er politisk bindande, og setjast i verk av staten gjennom praktiske vedtak i samarbeid med jordbruksorganisasjonane.
Bondepartiet meiner at det er eit heilt rettvist krav at jordbruksprodusentane skal ha eit vederlag for sitt arbeid som gjev levekår på høgd med det andre yrke har.
På eit vanleg veldrive bruk, som krev eit fullverdig mannsårsverk, skal arbeidsinntekta liggja minst på høgd med det næringslivet elles jamt over yter for eit mannsårsverk.
I samarbeid med dei faglege og økonomiske organisasjonane må styresmaktene syta for at inntektene vert så store at dette jamstellingsmålet vert nådt. Det vil gjera det mogleg for den einskilde jordbrukaren å leggja opp produksjons- og driftsplanar på trygt grunnlag og på lengre sikt.
Bondepartiet vil motarbeida ein indeksbunden økonomisk politikk som held nede prisane på jordbruksvarene, legg hindringar i vegen for normale prissvingningar og fører inn i jordbrukspolitikken faktorar som ikkje vedkjem jordbruket som næring.
Bondepartiet meiner at det i jordbruket av naturlege årsaker er vanskeleg å fastsetja produksjonsgrenser, men at ein ved bruk av ymse rådgjerder fører produksjonen i den leie ein ynskjer.
Jordbruket må få avtaler som på lang sikt gjev trygd for avsetnad for ein auka produksjon til lønsame prisar.
Styresmaktene må stilla seg imøtekomande til å arbeida opp utførslemarknader for norske jordbruksvarer.
Dei serlege naturtilhøva jordbruket arbeider under, gjer at det bør haldast utanfor moglege sams marknader.
Ved tingingar om varebyte med utlandet og i innførsle- og utførslesaker om varer som vedkjem jordbruket, må næringens eigne folk vera med å ta avgjerdene.
Toll på maskiner til jordbruket og importavgifta på traktorar må takast bort.
Utvida produksjonsgrunnlag, auka produksjon og produktivitet.
Bondepartiet vil arbeida for alle tiltak som utvidar og styrkjer næringsgrunnlaget på det einskilde bruket og for folket i jordbruket i det heile.
Den dyrka jordvidda må utvidast der det er føresetnader for det teknisk og økonomisk. Iser må ein leggja vekt på å utvida jordvidda ved nydyrking på mindre bruk som kan verta bereføre økonomiske einingar for ein huslyd.
Jord, skog utmarksvidder og rettar som det offentlege eig, må stillast til rådvelde for bruk som ikkje er fullstore einingar.
Jordfondet må aukast slik at rasjonalisering av eigedomsstrukturen kan fremjast i sterkare mon ved friviljuge avtalar.
Jordvidd-, inntekts og eigegrensene for stønad til nydyrking og grøfting må takast bort.
Forbruk - Investering - Sparing.
Utbygginga av eit sterkt og tidhøveleg produksjonsapparat og ei betre utnytting av naturrikdomane ilandet er undergjeven tilgangen på turvande kapital.
Tvangssparing på staten si hand gjennom hardare skattlegging, løyser ikkje kapitalspørsmålet. Difor er det naudsynt at vilkåra vert lagde til rette for auka privat aparing, som vil letta problemet med å skapa jamvekt i økonomien vår, samstundes osm det isterkare mon vil vera mogleg å satsa på større investeringar og ei snøggare utbygging av produksjonsutstyret.
Dei norske spararne har tapt 6 milliardar kroner på prisauken sidan 1946. Spararane har eit rettvist krav på trykkleik mot at prisauke og inflasjon fører til vedvarende verdemink av sparekapitalen.
Skatteloven må og endrast for å fremja sparinga.
Utanriksøkonomien.
Det må skapast grunnlag for varande jamvekt i utanriksøkonomien.
Eit vedvarande stort innførsleoverskott legg hindringar ivegen for den utanriksøkonomiske handlefirdomen vår, og fører til store tyngsler for landet i framtida gjennom renter og avdrag på den aukande utanlandsgjelda.
Høgkonjunkturen må nyttast til å leggja opp større valutareservar.
Ei vidare frigjering av handelen mellom dei vest-europeiske landa fram mot eit europeisk frihandelsområde, må gjennomførast utan skadeverknader for norsk nærings- og arbeidsliv.
Statsutgiftene - Skattar - Avgifter.
Statsbudsjettet og det offentlege pengeforbruket er no så stort at det fører til eit urimeleg hardt skattetrykk for skatteytarene og vikjer i mange høve tiltakslyst og innsatsvilje.
Det er ein viktig lekk i arbeidet for å redusera kjøpe- og inflasjonspresset å minka det offentlege utgiftene.
Det er turvande å gjennomføra ei vidtfemnande rasjonalisering og effektivisering innan statsadministrasjonen og andre offentlege etatar, med tanke på å få utgiftene nedover.
Detaljregullerings- og kontrollorgana må avgrensast, og det må ikkje verta sett i gang nye statsverksemder og monopol.
Skattetrykket kjennest serskildt tungt i det store fleirtalet landkommunar som må nytta dei dårlegaste reduksjonstabellane. Ei vidare utjamning på dette omkvervet er heilt naudsynt for å byggja opp eit rettvisare skattesystem. Målet må vera innan rimeleg tid å koma fram til mest mogleg jamt skattetrykk i alle kommunar i by og på land.
Skattepolitikken må leggjast om til bate for huslydane, slik at dei barnerike huslydane får større skattefrie frådrag enn no.
Husmødrar som arbeider i veksemd som mannen driv, eller isams verksemd for ektemakane, må få same rett til skattefritt frådrag som når inntekta vert opptent utanfor heimen.
Statsverksemdene må ikkje få serføremuner ved skattelegginga.
Eit vilkår for at produksjonsapparatet i jordbruket skal kunna vedlikehaldast og byggjast ut i takt med den tekniske framvoksteren er at næringen vert skaffa betre tilgang på lånekapital.
Bondepartiet vil gjennomføra eit omframt løyve til skattefrie avsetningar i jordbruket for å gjera mogleg større opplegg av eigenkapital. Det må vidare gjennomførast ei almenn kredittordning med statleg garanti for turvande topplån og nedskrivingslån.
Etter som trongen for driftskreditt i jordbruket vanskeleg kan stettast ved dei kredittformene som gjeld no, må ein freista skipa ei omframt driftskredittordning på grunnlag av dei sermerkte tilhøva jordbruksnæringen arbeider under.
Det er naudsynt med serlege tiltak for å leggja tilhøva betre til rette i fjell-, fjord- og kystbygdene og andre strok der jordbruket arbeider under vanskelege tilhøve. Norsk frukt- og grønsakproduksjon må få eit tollvern som tryggjar rimeleg lønsemd.
Både det offentlege og private må syna større vyrdnad for dyrka jord. Ved oppsetting av reguleringsplanar for byar og byliknande strok må det jordbruksfaglege skjøn spela inn ved avgjerdene. Det gjeld og for planlegging av flyplassar, vegar, kraft- og telefonliner o.l.
Arbeidet med ny lov til vern om dyrka jord må skundast på.
All jordbruksfagleg forsking, vegleiing og opplæring må få arbeida under dei best moglege vilkår.
Bondepartiet meiner at eit avgjerande vilkår for å skapa økonomisk jamstelling for jordbruket, er at dei som driv denne næringen, får ha den økonomiske vinninga av rasjonalisering og eigen meirinnsats.
Skogbruket.
Skogbruket er ei næring med voner om stor framvokster. Det må arbeidast målmedvite på å gjera røynlege desse vonene ved å skapa næringspolitiske, faglege og økonomiske føresetnader for ein rasjonell og harmonisk framvokster.
Skogbruket arbeider på lang sikt. Vilkåret for å gjennomføra dei store investeringane som trengs er at det vert skapt turvande tryggleik omkring eigertilhøva i framtida. Bondepartiet meiner at skog i privat eige i lengda har dei beste føresetnadene for å gjeva den høgste avkastinga. Soga syner oss og at det er ein verdfull stabiliserande faktor at dei som driv jord og skog, er sjølveigarar.
Samanbinding av jord- og skogbruk har ein grunnfest tradisjon i norsk landbruk. Med dei naturtilhøve vi har i store luter av landet, får skogen stendig meir å seia. Mykje tyder på at i framtida vert skogen hovudgrunnlaget for mange bruk, dersom dei skal haldast oppe som sjølvstendige einingar og gjeva næringsgrunnlag for ein huslyd.
Bondpartiet meiner at denne sannkjenninga må vera retningsgjevande for lovgjevinga og for praktisk politikk elles. Der det ikkje er nok dyrkingsjord eller plantemark til utfylling av bruk som er for små, må ein finna fram til former som gjer det økonomisk mogleg å leggja til skog frå stats- og kommuneskogar eller frå større skogkompleks.
Løyvingane på statsbudsjettet til skogsvegar og skogkultur må aukast. Det er serskildt viktig at tilskota frå staten til skogreisingsstroka vert haldne oppe. Alle skogar skal ha rett til statstilskot til kulturarbeid.
Alle avgrensingar i samband med tømmeromsetnaden må bort.
Fiske og kystproblem.
Fiskenæringa er av avgjerande verde for samfunnet, og Bondepartiet ser det som ei uvanleg viktig oppgåve å arbeida for framgang og trygging av næringsgrunnlaget for den store folkesetnaden på kysten og i fiskaryrket. Samanbindinga av fiske og jordbruk har synt seg å vera både praktisk og turvande og er til bate for samfunnet. Bondepartiet vil difor åtvara mot freistnader på sentralisering av fiskar-folkesetnaden.
Fiskarbureising må ikkje verte hindra av jordlova.
Med stø i praktisk vitenskapeleg forsking må rasjonaliseringa og moderniseringa innan fiskarnæringen halda fram. Fiskarfagskulane må byggjast ut vidare, og næringen må få sin eigen høgskule.
Ein må taka sikte på utviding til meir havfiske og oversjøisk drift. Samstundes må ein leggja vilkåra til rette for lønsam utnytting av sesong- og kystfiskeria, så det verdfulle samspelet mellom fisket og næringslivet elles i kyststroka kan vara ved.
Utlånsbankane må få meir pengar til finansiering av båtar og reiskap.
Fisket er ei krevjande næring der vågnaden titt er stor. Bondepartiet meiner det er rimeleg at staten skipar til ei trygd mot mislukka fiske.
Fiskarsamyrket må vera sjølvstendig og sjølvstyrt og byggjast vidare ut etter hevdvundne samyrkeprinsipp.
Hamne- og ferjeferdsla må utbyggjast og moderniserast, så ho kan stetta den serlege samferdsletrongen, og så kystferdsla kan halda steg med framvoksteren elles i landet. Det krev auka løyvingar til dette føremålet.
Fiskeindustrien og større tilverkingsanlegg må først og fremst leggjast til fiskeristroka, og vilkåra elles leggjast til rette for framvokster av eit meir allsidig næringsliv i kyststroka. Avgjerande føresetnader for dette er ei vidare utbygging av elektrisk kraft, telefon, samferdsle, vassanlegg m.m. Det er serleg nausynt å setja fart i vegbygginga i kyststroka.
Dei gamle fangst- og fiskerettane våre må tryggjast for kyst- og fangstfolkesetnaden gjennom internasjonale avtalar og effektivt oppsyn i territorialfarvatna våre.
Industri
Tevlefør norsk industri er turvande for den materielle framgangen i landet og for naturleg skifteverknad i næringslivet vårt.
Industrireisinga må ikkje samlast om eit fåtal kapitalslukande storverksemder, men koma alle luter av landet til gode og slik at arbeids- og næringslivet blir mindre vart for konjunktursvingningar.
Stat og kommunar må ikkje leggja under seg skog ved kjøp eller oreigning. Når skog kjem i handel, bør stat og kommune gjera sitt til at han kan koma skoglause bruk til gode.
Skogbrukarane må få ein betre fagleg standard. Ein føresetnad for dette er at dei også får ha retten til å blinka og stella skogen sin.
Arbeidet med den beiteloven som er varsla, må skundast på, så at grunnlaget for ei løysing av skogbeitespørsmålet vert lagd til rette.
Den aukande vekt skogbruket får seier også til at næringen si stode i den offentlege administrasjonen må styrkjast.
Skogbrukarane og skogsarbeidarane må gjevast høve til å få den opplæringa i yrket som dei treng. Dette kan ein oppnå ved utbygging av skogbruksopplæringa ved dei faglege skulane i landbruket, ved yrkesskular og gjennom stuttare kurs og brevskular. Elles må det drivast ei effektiv planleggings- og vegleiingsteneste.
Ein må gjera det som er mogleg for å få til eit friviljugt samarbeid mellom skogeigarane om løysing av driftstekniske og økonomiske spørsmål. Tilhøva må leggjast til rette for ein jamn tilgang på arbeidskraft til skogbruket, og skogsarbeidarane må - så langt råd er - tryggjast fast sysselsetting året rundt. Gjennom taksering og teljingar må ein syta for å få statistikk og grunnlag for utrekningar, slik at ein nøye kan fylgja framvoksteren i næringen. Skogforskinga må få gode vilkår for å løyse aktuelle spørsmål for næringen. Skogreisinga i kyststroka og i fjellbygdene må skundast på, og utskifting av utmark som ligg i sameige, må verta snøggare gjennomført. For skogfatige strok må det skipast eit skogreisingsfond, som byr dei einskilde bruka utvegar til finansiering av skogreisinga. Låna bør vera rente- og avdragsfrie til skogen byrjar å gjeva netto avkasting.
For å gjennomføre dei vidtfemnande investeringane som er naudsynte for å få skogbruket opp i full produksjon, må skogbruket få sin rettvise lut av det verdet tømmerstokken har ved foredling. Prisane på skogvyrke må setjast på grunnlag av prisane for foredla produkt på verdsmarknaden. Det må skapast så gode avsetnadsvilkår for skogvyrke som råd er. Det gjeld serleg småvyrke og lautretilfang.
Med tanke på å styrkja økonomien i lite utbygde strok og ein meir jamvektig framvokster av næringslivet, må det for ålvor skapast grunnlag for spreiing av industri til kommunar der det fins råemne, kraftkjelder og arbeidskraft.
Heimeindustrien skal ha eit forsvarleg tollvern. Men tollpolitikken skal ikkje verna lite samfunnsgagnleg eller urasjonell produksjon.
Bondepartiet meiner at reising og drift av industri må overlatast til det private initiativ.
Foredlingsindustrien for skogbruk, jordbruk, hagebruk og fiske må byggjast vidare ut for å skapa nye og betre vilkår for avsetnad av produkta frå desse næringane. Også denne industrien må mest mogleg leggjast til bygdene, og utbygginga må ikkje hindrast av urimeleg kvoteavgrensing.
Skipsfart.
Betringa av levekåra for det norske folket heng nøye saman med om handelsflåten kan utbyggjast vidare så Noreg kan hevda sitt rom mellom dei sjøfarande folk. Skipsfarten må difor ikkje verte hindra i tevlinga med andre sjøfartsfolk gjennom urimeleg skattlegging og hindringar når det gjeld bygging av båtar.
Det må leggjast vekt på å tryggja tilgangen til floten på dugande mannskap.
Handel.
Handelen si oppgåve er å tena både produsent og forbrukar. Vareomsetnaden frå produsent til forbrukar må verta så rasjonell som mogleg, så varane ikkje vert uturvande dyre i utsal.
Den offentlege reguleringa av prisane på småhandelen må halda opp.
Forbrukarrådet må vera politisk nøytralt og ikkje blanda seg aktivt inn i slike aksjonar som leveringsstogg, kjøpestreik o.l.
Reiselivsnæringen.
Reiselivsnæringen må få slike arbeidstilhøve at dei naturlege vilkår landet vårt har som reiselivsland, kjem til sin rett, og so Noreg kan hevda seg i tevlinga om den stendig aukande straumen av ferdafolk.
Kilde: Sikt – Kunnskapssektorens tjenesteleverandør. (u.å.). Polsys, Partidokumentarkivet, dokument 10161. Hentet 9. oktober 2026, fra polsys.sikt.no. Tilrettelagt av Bernt Aardal og Hege Skeie, senere oppdatert av Sikt. Teksten er hentet automatisk fra originalfilen og kan ha feil i avsnittsdeling og overskrifter.