Valgprogram · 1977
DU SKAL VITA KVA DET GJELD - SOLIDARITET ARBEID MILJØ. Arbeidsprogram 1978 - 81
Det norske Arbeiderparti · 13 476 ord
«havbruk» er markert i 0 avsnitt. Fjern markering
DU SKAL VITA KVA DET GJELD
SOLIDARITET
ARBEID
MILJØ
Arbeidsprogram
1978 - 81
ARBEIDERPARTIET
ARBEIDARPARTIETS IDEGRUNNLAG
Det norske Arbeidarparti byggjer på den demokratiske sosialismens idear. Samfunnet må organiserast slik at både eigenarten hos den einskilde og fellesskapet mellom menneska vert utvikla. Økonomisk og sosial likestilling gjer det mogleg å utvikla individuelle eigenskapar hos alle menneske og gjev grunnlag for mangfald i utfalding og aktivitet. Breidt menneskeleg engasjement i arbeid og fritid vil gje nye røynsler og ny innsikt. Det er eit grunnleggjande syn i den demokratiske sosialismen at mennesket sjølv, og mennesket si evne til å skapa i samspel med andre, er den viktigaste av alle ressursar.
Likestilling, solidaritet, fridom, demokrati og retten for alle til arbeid er retningsgjevande for Arbeidarpartiets praktiske politikk.
Arbeidet for likestilling vender seg mot klasseskilje og alle sosiale, økonomiske og kulturelle skilje. Ingen skal ha rett til å nytta ut andre. Målet er likestilling i levestandard, makt og innverknad, og likeverdig høve til utdanning og kulturell utfalding. Rettane må vera dei same og sjølvutfalding må vera like mogleg for kvinner og menn, til i fellesskap å påta seg ansvar, plikter og arbeidsoppgåver. I arbeidet for auka jamstelling må det leggjast stor vekt på serleg vanskelegstilte grupper.
Solidaritet er å setja fellesskapet over snevre eigeninteresser. Solidariteten gjev tryggleik for det einskilde menneske. Solidaritet har som føresetnad at ein har omsut og omtanke for kvarandre. Solidariteten stoggar ikkje ved landegrensene. Han let seg heller ikkje avgrensast av raseskilje, skilnad i opphav, kultur eller religiøs truvedkjenning.
Striden for fridom er ein stendig kamp for å utvida fridomen for det einskilde menneske til sjølv å velja si livsform. Politisk fridom, fridom frå meiningstvang og overgrep er uløyselege delar av fridomskravet. Rettstryggleik, rett til utdanning, arbeid og inntekt er naudsynte føresetnader for reell fridom. Alle menneske har krav på størst mogleg fridom og livsutfalding så lenge det ikkje skader andre.
Demokrati med frie val, full ytringsfridom og organisasjonsfridom må forsvarast og utviklast. Politisk valfridom er føresetnaden for demokratisk sosialisme. Folket sjølv må bruka demokratiet for å visa bort idear som byggjer på autoritetsdyrking, rasisme og maktmisbruk. Eigedom skal ikkje gje rett til makt over andre menneske. Målet er å gjera alle til likeverdige medarbeidarar i arbeids- og produksjonslivet. Gjennom auka desentralisering må det verta reelt mogleg å gje ansvar og rett for alle til å vera med og ta avgjerder.
Arbeid er grunnlag for menneskeverd, livsutfalding og velferd. Alle skal derfor ha rett til eit meiningsfylt arbeid og trygg utkome. Arbeidet skal stetta behovet både for den einskilde og fellesskapet. Produksjonen må ordnast slik at alle kan kjenna respekt for sitt arbeid og tryggleik for liv og helse i arbeidet. Dei folkevalde organa har hovudansvaret for produksjonslivet i landet, og dei tilsette skal ha monaleg innverknad på sine eigne arbeidsplassar.
Arbeidarrørsla vil at samfunnet skal organiserast ved folkets aktive medverknad. Det norske Arbeidarparti er ein politisk arbeidsreiskap for interessene åt dei breide folkegruppene. Vi vil eit samfunn med trufridom og toleranse og vil framleis samla alle om vårt grunnsyn på tvers av skilnader i tru og livssyn.
Det norske Arbeidarpartis program er forpliktande for partiet. Representantane for partiet vil av all makt søkja å få oppgåvene i programmet gjennomførde. Arbeidarpartiet vil ikkje fremja prinsipielle framlegg som ikkje gjennom programmet er lagde fram for folket i val.
Arbeidarpartiet oppmodar alle til engasjement og innsats for mål og krav i dette arbeidsprogrammet.
DEI FREMSTE OPPGÅVENE
Gjennom arbeidarrørsla sin samfunnsomformande innsats har produksjonsutviklinga i Noreg gjeve grunnlag for ein høg materiell standard for dei breide lag. Situasjonen i dag gjev grunnlag for eit optimistisk syn på den norske samfunnsutviklinga. Det er mogleg for oss å kombinera høg livsstandard, jamstelling og sosial tryggleik med valfridom for den einskilde. Men om vi skal makta det, vil vera avhengig av den politikk som blir ført.
Dette er dei oppgåvene Arbeidarpartiet vil setja fremst:
SOLIDARITETSSAMFUNNET
Arbeidarpartiet byggjer sin politikk på solidaritet. Blir einskildmennesket råka av sosial naud, utsett for fysisk eller psykisk helseskade eller det fell utafor det menneskelege fellesskap på andre måtar, er samfunnet forplikta til å visa solidaritet og medmenneskelegdom. Viljen og evna hos menneska til å ta vare på kvarandre er ein av dei viktigaste verdiane i eit sivilisert samfunn. Gjennom eit høgt fellesforbruk kan ein løysa oppgåver som gjer livsutfalding for dei mange meir mogleg. Om lag halvparten av midlane dei folkevalde løyver, blir fordelte til dei folkegrupper som treng det mest. Dette legg eit viktig grunnlag for solidaritetssamfunnet. Arbeidarpartiet vil halda oppe det høge fellesforbruket og byggja vidare ut ein politikk med fordeling mellom dei som har mykje og dei som har lite.
ARBEID FOR ALLE
Trygging av arbeid for alle er eit grunnleggjande mål. Arbeidarpartiet vil føra ein målretta og aktiv politikk for fleire og meir varierte arbeidsplassar. Målet er at alle som ønskjer arbeid, må skaffast det. Gjennom distrikts- og arbeidsmarknadspolitikken må arbeidsplassane fordelast mellom landsdelane og distrikta. Bustadområde og arbeidsplassar må liggja så nær kvarandre som mogleg.
I alle delar av landet må vi få eit mest mogleg variert arbeidsliv, at ikkje store område blir einsidig merkte av ei einskild eller av nokre få næringar. Industrien gjev i dag det viktigaste grunnlaget for sysselsetjing og må vernast og styrkjast. Landbruk og fiske har og mykje å seia for sysselsetjinga i mange område av landet. Offentleg og privat tenesteyting har hatt sterkaste voksteren i talet på arbeidsplassar dei seinare åra. Desse arbeidsplassane og må ein målmedvete søkja å fordela mellom distrikta og landsdelane. Full sysselsetjing kan berre sikrast ved sterk samfunnsmessig styring av økonomien og gjennom eit aktivt samspel mellom næringane og samfunnsorgana. Samfunnet må føra ein målmedveten politikk for å skapa nye arbeidsplassar til grupper som i dag har vanskeleg for å få arbeid og til nye grupper arbeidstakarer som etter kvart gjer seg ferdige med utdanninga si.
FORSVARLEG FORVALTNING AV RESSURSANE
Noreg er eit av dei land i verda som har rikast tilgang på naturressursar. Det gjev mange føremonner, men samstundes legg det på oss eit serleg ansvar for ein gjennomtenkt og planmessig ressurs- og miljøpolitikk. Jorda og havet sine ressursar må utnyttast slik at dei gjev grunnlag for varig utnytting. Behovet for å ta vare på og byggja ut dei verdiane som ikkje kan målast i kroner og øre, blir stendig meir påtrengjande. Den økonomiske voksteren må styrast, og auken i energibruken må dempast. Naturmiljø og arbeidsmiljø må vernast og betrast. I åra framover er det serleg viktig å forvalta våre naturressursar på ein forsvarleg måte.
GODE LEVEVILKÅR OG EIN BETRA LIVSSTANDARD
Arbeidarpartiet vil at produksjonsresultatet skal fordelast rettferdig og vil føra ein aktiv politikk for jamstelling. Siktemålet for tekniske nyvinningar må vera å gjera arbeidet lettare og meir meiningsfylt ikkje å auka det fysiske og psykiske presset. I dei komande år er det serleg viktig å sikra arbeidsplassar for vanskelegstilte grupper og tryggja ei jamn reallønnsutvikling for lågare og middels inntekter. Det er ei hovudoppgåve å betra nærmiljø og arbeidsmiljø. Gjennom auka samfunnsengasjement må ein styrkja det sosiale hjelpeapparatet for serlege grupper, som t.d. psykisk og fysisk utviklingshemma.
STYRKING AV NÆRMILJØ OG LOKALSAMFUNN
Dei nære omgivnadene avgjer i høg grad om trivnad og utfalding skal bli mogleg for menneska. Ei rekke oppgåver i nærmiljøet kan berre løysast gjennom folkevalde organ i stat, fylke og kommunar. Mange andre oppgåver kan likevel løysast best av dei menneska som direkte kjenner behova. Arbeidarpartiet ønskjer derfor å auka desentraliseringa gjennom styrking av makt og innverknad i lokalmiljøa og grendesamfunna. Det er ei viktig oppgåve å gje slike samfunn eit økonomisk grunnlag for initiativ. Det viktigaste for å halda oppe busetnaden er eit variert, trygt og godt arbeidstilbod også i distrikta. Vidare utbygging av eit skikkeleg offentleg servicetilbod vil tena same målet.
EIN AKTIV FAMILIEPOLITIKK
Gjennom ein breidt utbygd familiepolitikk må familiens stilling styrkjast og tryggleik sikrast for barna. Omsynet til familiens behov må innarbeidast i samfunnsplanlegginga på alle område. Auka jamstelling mellom kvinner og menn i fordeling av ansvar, rettar, høve til utdanning og arbeid er eit hovudmål for Arbeidarpartiets familiepolitikk.
BETRE KÅR FOR UNGDOMMEN
Ungdommens livsmønster og levevilkår har blitt sterkt endra på ein generasjon. Utdanningstida er auka monaleg. I dei seinare år har det blitt registrert stor arbeidsløyse mellom dei unge. Som eit heile har ungdomsgruppene liten innverknad på dei politiske avgjerdene. Dette er med og skaper større avstand mellom generasjonane. Ekstra tiltak må setjast i verk for å sysselsetja ungdommen og gje han eit meiningsfylt arbeid. Grunnlaget må leggjast for at ungdommen kan ta aktiv del i samfunnslivet. Røysterettsalderen vert sett ned til 18 år.
TRYGGLEIK FOR DEI ELDRE
Kåra må betrast for det store fleirtalet av trygda som berre har minstepensjonen å leva av. Det må bli lettare å kombinera arbeid og trygd for eldre som ønskjer det. Dei trygda sin aktivitet i samfunnslivet og organisasjonene må fremjast.
El ENKLARE, EFFEKTIV SAMFUNNSSTYRING
For å løysa dei mange fellesoppgåvene i vår tid og til sikring av velferd og sosial tryggleik for menneska treng vi omfattande offentleg styring. Det er ei viktig oppgåve å forenkla sakshandsaminga og organisera styringsorgana slik at einskildmennesket kan få rask og effektiv hjelp. Arbeidarpartiet vil leggja vekt på forenkling av den offentlege forvaltninga, serleg innan sosialadministrasjonen og i byggesakshandsaming.
EIN ØKONOMISK POLITIKK FOR DEMOKRATI OG LIKESTILLING
Arbeidarpartiet byggjer sin økonomiske politikk på at det er dei folkevalde organ som må trekkja opp hovudlinene for utviklinga. Det viktigaste siktemålet er å sikre full sysselsetjing, samstundes som ein tryggjer ei rimeleg utvikling av lønstakarane si kjøpekraft og bremsar auken i prisar og produksjonskostnader. Arbeidarpartiet vil styrkja grunnlaget for ein samla inntektspolitikk. Partiet vil og gjera det meir mogleg å få samfunnsmessig innsyn i dei avgjerder som blir tekne i dei store industri- og skipsfartsføretak. Det er eit mål å auka lønstakarane sin innverknad i arbeidslivet.
OLJEPOLITIKKEN
Olje- og gassfunna på norsk område gjev betre høve til å løysa viktige og krevjande oppgåver. Dei representerer den viktigaste utfordringa til det norske samfunnet i dag. Føresetnaden er at krava til miljø og tryggleik blir oppfylte. Arbeidarpartiet meiner at oljeressursane først og fremst skal brukast til å skapa varige verdiar gjennom styrking av distrikta og næringslivet og ei kvalitativ opprusting av viktige fellesgode og samfunnstilbod. Ein føresetnad for at oljerikdomane skal nyttast slik, er demokratisk styring over oljeverksemda. Arbeidarpartiet ønskjer eit moderat utvinningstempo.
INTERNASJONAL SOLIDARITET OG TRYGGING AV FREDEN
Trygging av freden med fridom og sosial rettferd for alle folk er ei hovudoppgåve. Arbeidarpartiet stør krava frå dei fattige folka om levelege kår og slutt på naud, utnytting og undertrykking. Norsk utviklingshjelp må aukast, og stønad til frigjeringsarbeid og breide folkerørsler må trappast opp. Noreg må stø utviklingslanda sine krav gjennom aktiv medverknad i utforminga av ei ny økonomisk verdsordning.
MENNESKET I KVARDAGEN
For dei fleste menneske vil tilhøva i det nære miljøet vera avgjerande for velferd, trivnad og utfalding. Det må skapast betre vilkår for grannekontakt og fellesskap i bustad-samfunna. Arbeidet med å styrkja folkestyret på det lokale planet må førast vidare. Ein breidt utbygd familiepolitikk skal styrkja familiens stilling i samfunnet.
Den nye arbeidsmiljølova er ei av dei viktigaste reformer som er vedteken i dei seinare åra. For arbeidarrørsla blir det no ei hovudoppgåve å verkeleggjera intensjonane bak lova. Gjennom arbeidsmiljølova blir det og mogleg å styrkja demokratiet i arbeidslivet.
ARBEID FOR ALLE
Arbeid er grunnlaget for velferd og trivnad for menneska. Arbeidarpartiet vil at det skal vera mogleg for alle menneske - kvinner og menn - å ha eit trygt arbeid som gjev ei trygg inntekt. Det kan berre skje gjennom vidareutvikling av den økonomiske politikken Arbeidarpartiet står for, og som har trygging av arbeidsplassane som sitt fremste mål. Gjennom ein samordna arbeidsmarknadspolitikk tek Arbeidarpartiet sikte på å tryggja noverande arbeidsplassar og gjera det mogleg å få arbeid for grupper som idag står veikt i konkurransen om arbeidsplassane. Det vil bli lagt serleg vekt på å skaffa dei kvinner som ønskjer det, høve til inntektsgjevande arbeid.
ARBEIDARPARTIET VIL:
· Stimulera ordningar med nedsett eller fleksibel arbeidstid og fleire deltidsarbeidsplassar.
· Tiltak for å gjera det lettare mogleg for veikare grupper å få arbeid. Oppmjuking av krav til alder og formell kompetanse som er uturvande hindringar for veikare stilte grupper.
· Sterk innsats for å sikre full sysselsetjing for ungdommen. Samfunnet påtar seg eit hovudansvar for å sikre ungdommens sysselsetjing fram til 20 år. Auka løyvingar til serlege sysselsetjingstiltak for ungdom. Auking og justering av utjamningstilskott frå staten i sysselsetjingstiltak for vanskelegstilte grupper, serleg i kommunar med veik økonomi. Betre samarbeid mellom arbeidsmarknads-, skule- og sosialstyremakter med sikte på å sikre tilbod om arbeid for unge. Lågare aldersgrense for å koma inn på yrkesopplæringskurs for vaksne.
· Arbeidsformidlinga må byggjast ut. Lokale kontor i drabantbyar og styrkte servicetiltak i distrikta. Kontakten mellom arbeidsformidlinga og andre offentlege etatar, som arbeidstilsynet, undervisnings-, sosial- og trygdesektoren må styrkjast. Effektiv kontroll med private leigefirma som opererer på arbeidsmarknaden.
· Tilskottsordningane for arbeidstilvenjing for yrkeshemma i vanlege verksemder må styrkjast. Vidare utbygging av verna arbeidsplassar. Auka medverknad frå offentlege styremakter for å skipa arbeidsplassar for yrkeshemma i det private næringsliv og i den offentlege forvaltning.
BETRE ARBEIDSMILJØ OG STYRKT BEDRIFTSDEMOKRATI
Miljøet på arbeidsplassen er på ein avgjerande måte med og set sitt merke på livssituasjonen for den einskilde. Arbeidstakarane må sikrast auke innverknad på eigen arbeidssituasjon. Gjennomføring og oppfølging av lova om arbeidarvern og arbeidsmiljø og den vidare utvikling av bedriftsdemokratiet er hovudoppgåver i innsatsen for trygge, gode arbeidsplassar.
ARBEIDARPARTIET VIL:
· Halda fram med revisjonen av arbeidarvernlovgjevinga med sikte på at alle arbeidstakarar skal koma under same vern som arbeidsmiljølova gjev.
· Gjennomføra snarlege tiltak for å betra arbeidsmiljøet i eldre industri med serlege miljøproblem.
· Styrkjande låneordningar for arbeidsmiljøtiltak i eldre industri.
· Utbygging og styrking av Arbeidstilsynet, lokalt og sentralt, som serviceorgan for arbeidstakarane. Effektiv førehandskontroll ved etablering av ny verksemd for å oppfylla krava i arbeidsmiljølova.
· Utbygging av bedriftshelsetenesta gjennom den offentlege helseplanlegging og ein aktiv bruk av Arbeidstilsynets rett til å krevja helseteneste ved verksemdene skipa.
· Arbeidsmiljøforskinga må styrkjast.
· Arbeidet med å utvikla og gjennomføra bedriftsdemokratiet må førast vidare til å omfata personleg eigde verksemder og verksemder med mindre enn 50 tilsette.
· Tiltak for auka bedriftsdemokrati og styrkt samfunnsstyring i fleir-nasjonale og store nasjonale selskap vil bli fremja i samarbeid med fagrørsla.
· I offentleg verksemd må det finnast ordningar som sameinar kravet om folkevald styring med rett til innverknad på eigne arbeidstilhøve for dei tilsette.
· I samarbeid med Landsorganisasjonen i Noreg vil Arbeidarpartiet reida ut den vidare utvikling av bedriftsdemokratiet med utgangspunkt i røynslene frå den gjeldande ordninga.
BUSTADER OG BUMILJØ
Det er ein menneskerett å bu i eit godt miljø. Bustaden skal ikkje berre gje tak over hovudet, men er eit viktig grunnlag både for trivnad og sjølvutvikling.
Arbeidarpartiet vil føra ein bustadpolitikk som lengst mogleg sikrar den einskilde ein bustad ut frå eige ønskje og behov. Ein slik politikk krev eit variert bu-tilbod som bør gjelda småhus, rekkehus, blokkbygg og betring av eldre bustadstrok.
Alle bør ha høve til å velja ei buform med rimeleg standard til overkomeleg pris. Det må leggjast serleg vekt på å letta den økonomiske situasjonen for dei unge familiane når dei skal setja bu. Urimelege prisar på bustad og grunn må motarbeidast. Kommunane må føra ein aktiv tomtepolitikk. Dei verdiane samfunnet legg ned i eit buområde skal ikkje gje urimelege vinningar ved sal. Den sosiale bustadbygging må førast vidare. Målet er at alle skal kunna eiga bustaden sin, åleine eller gjennom bustadsamvirke.
Å skapa gode bustader i eit godt miljø er ikkje berre avhengig av samfunnets innsats, men og av aktiv medverknad frå dei som sjølv byggjer og bur i bustadsområda.
ARBEIDARPARTIET VIL:
· Framleis stor bustadbygging i område med skort på bustader.
· Samarbeid om bustadbygging mellom kommunar som er ein felles arbeids- og bustadsmarknad.
· Monaleg større innsats for modernisering av eldre bustader. Offentlege finansieringsordningar må styrkjast for utbetring og fornying i tettbygde strok. Slike ordningar må og gjelda eldre burettslag med heller store vedlikehaldsutgifter.
· Ved utbygging av nye bustadområde må det takast omsyn til grupper som eldre, einslege og funksjonshemma.
· Bustadkooperasjonen må framleis spela ei nøkkelrolle i bustadbygging og bustadforvaltning.
· Eigen innsats må verta meir mogleg også i dei større byane.
· I all bustadplanlegging må krava frå eldre og funksjonshemma om service og lett tilgjenge innarbeidast.
· Trafikksikre aktivitetsområde knytte til bumiljøa vert avsette og opparbeidde.
· Auka innsats for å overføra eldre leigehus til dei som bur der.
· Leigebuarorganisasjonar må søkjast utbygde etter behov. Dei som bur i leigehus må sikrast å bli med på avgjerder som gjeld drifta av garden. Bustadkooperasjonen og bustader sakkunnig hjelp til leigebuarane må styrkjast.
· Styresmaktene sin administrasjon av byggesaker må forenklast på grunnlag av framlegg frå utvalet for forenklingar i handsaminga av byggesaker.
· Husbanken si ordning med lån til eigenkapital gjennom kommunane blir bygd ut for å hjelpa unge familiar og andre som har problem med å skaffa seg bustad. Lånegrensene må aukast og informasjonen betrast. Ordninga må og kunna brukast for eldre bustader som ikkje er finansiert av Husbanken.
· Leigeavtalar etter husleigelova og husleigereguleringslova for dei som søkjer hybel hos arbeidsgjevar for å skilja leigetilhøve frå arbeidstilhøve. I pensjonat og herberge må leigetilhøve over lengre tid koma inn under husleigelova.
· Bustønadsordninga vert oppretthalden, men må gjennomgåast med sikte på forenklingar og størst mogleg rettferd i fordelinga av stønaden. Betre informasjon om bustønadsordningane.
BYAR OG LOKALSAMFUNN
Lokalsamfunn og nærmiljø skal gje grunnlag for trivnad og engasjement. Det skal vera eit rimeleg tilbod av samfunnsmessige tenester både i byar, tettstader og distrikt. Nye buområde bør byggjast opp slik at dei kan samla menneske med variert bakgrunn når det gjeld alder, yrke og sosial stilling. Det er viktig å ha gode vilkår for lokalt samarbeid og fellesaktivitetar, m.a. ved høvelege samlingsstader og møtelokale.
Det er framleis naudsynt med ein sterk offentleg innsats på sosialsektoren i form av utbygging av institusjonar og offentleg organiserte tenester. Men vi må og gjera det mogleg for lokalsamfunna å løysa felles oppgåver ved eigen innsats. Det er viktig med tilfredsstillande fagleg standard, men dei offentlege standardkrava må ikkje setjast så høgt at det blir umogleg å løysa påtrengjande problem ved lokal innsats.
To tredelar av folket bur i byar og tettbygde strok. I dei større byane er det serlege problem og oppgåver som krev spesiell merksemd. Det er viktig at byane får sjansen til å utvikla sin eigenart og kultur. For mange representerer bylivet ei god livsform. Eit siktemål for bypolitikken er å medverka til at byane har levande og aktive lokalmiljø. Veik kommunal økonomi vil vera ei heller stor hindring i arbeidet for å gjera bysamfunnet betre. Bykommunane sine inntekter må sjåast i samanheng med byane sine oppgåver og verksemd. Det er behov for å styrkja økonomien i byar med serlege problem.
ARBEIDARPARTIET VIL:
· Gje kommunane høve til å skipa lokalutval samansette på politisk grunnlag. Lokalutvala bør få delegert makt til å avgjera ei rekke saker av lokal karakter, medverka til utforminga av det lokale miljøet og ha økonomiske midlar til eigen bruk innafor ramma av kommunens inntekter.
· I område der det er naturleg behov, bør det skipast nærrniljøsentra med butikkar og flest mogleg av dei offentlege tenestene og tilboda som skal ytast i lokalsamfunnet.
· Statleg innsats i byfornying og utbetring av eldre bystrok.
· Dei statlege stønadsordningane til bustadsbygging må utvidast til i større grad å gjelda utforminga av det totale nærmiljøet. Husbankens innsats må aukast med sikte på variasjon i bustadtilbodet (småhus, rekkehus osv.) og finansiering av ein større del av nærmiljøet.
· For å sikra variert verksemd i nærsentra og bysentrum må kommunane i sterkare grad få kontroll med bruk av grunn og bygningar i desse delane av byane.
· Stønad til lokale initiativ for å sikre barnehagar, leikeplassar, familiedagheimar, tilsynsordningar ved sjukdom i heimen og visse sider ved eldreomsorga.
· Auka innsats for å skapa høvelege arbeidsplassar i nærleiken av buområda.
· Det må byggjast eit tidhøveleg transportsystem i byane, m .a. ved auka statsstønad og statleg medverknad i samband med utbygging av kollektive trafikkmiddel. Der behovet tilseier det, må statsløyvingar gjevast på ein slik måte at ei reell prioritering mellom vegbygging og tunnelbanebygging er mogleg.
· Det må utarbeidast miljøvennlege trafikkløysingar med vekt på gågater og kollektivtrafikk.
· Omfattande utreiding av stoda i dei større byane og deira spesielle oppgåver.
EIN AKTIV FAMILIEPOLITIKK
Arbeidarpartiet vil gjennom familiepolitikken styrkja familiens stilling i samfunnet. Familien har sentralt verde når det gjeld utvikling og velferd for barn og ungdom. Tid til barna og omsorg for eldre og sjuke er viktige familieoppgåver. Samstundes skal det vera mogleg både for kvinner og menn å få inntektsgjevande arbeid, sjølvutvikling og driva sosial og samfunnsmessig aktivitet. Dei einslege sin sosiale og økonomiske situasjon vert gjennomdrøfta. Det må takast serleg omsyn til dei einslege forsytarane sin situasjon.
Omsynet til familiens behov må innarbeidast på andre viktige område i samfunnslivet. Auka jamstelling og høve til betre arbeidsdeling mellom kvinner og menn er hovudoppgåver for Arbeidarpartiets familiepolitikk.
ARBEIDARPARTIET VIL:
· Gjera nytt framlegg om lov om likestilling mellom kjønna.
· For familiar som ønskjer det, må ein letta deltaking i arbeidslivet kombinert med omsorg for små barn. Fleire og betre tilbod om nedkorta og varierte arbeidstider. Høve til lenger ulønt permisjon frå arbeidet for foreldre på grunn av omsorg for barn.
· Foreldre skal ha rett til å få fri frå arbeid når barna er sjuke.
· Framleis rask utbygging av barnehagar og fritidstilbod for førskulebarn, skulebarn og ungdom. Kommunane bør stimulerast til å byggja 100.000 barnehageplassar innan 1981. Tiltak for å tryggja barna sine vokstervilkår.
· Omsorgsarbeid for barn, sjuke og eldre i familiane må oppvurderast økonomisk. Gjennomføring av omsorgsfrådrag i skatten og andre høvelege tiltak.
· For dei som har hatt omsorg for små barn, eldre og sjuke i familien må vilkåra betrast for opplæring og tilgjenge til arbeidslivet.
· Undervisning i samlivsspørsmål og prevensjonskunnskap må styrkjast i skulen og gjennom helsestasjonane.
· Auka utbygging av offentleg familierådgjeving og tilbod om familieplanlegging.
· Samfunnet skal sikra alle barn vilkår for ein oppvokster i tryggleik. Ved auka opplysning og betre stønad til einslege mødre og vanskelegstilte familiar vil vi sikra alle mulighetene til å føda sitt barn. Gjennom dette vil vi arbeida for ein vidare nedgang i talet på svangerskapsavbrot.
· I den vanskelege situasjonen der kvinna ser svangerskapsavbrot som den einaste utvegen, må ho sikrast naudsynt rettleiing. Kvinna sjølv vil kjenna at ho ber ansvaret for avgjerda. Ho må og sjølv ha høve til å ta den endelege avgjerd i dei første 12 veker av svangerskapet. Kvinnene må sikrast ei likeverdig, trygg og menneskeleg handsaming.
FORBRUKARPOLITIKKEN
Forbrukarpolitikken skal styrkja forbrukarane si stilling overfor produsentane, motverka uheldig bruk av ressursane og medverka til eit føremålstenleg tilbod av varer og tenester. Forbrukarpolitikken må også gjelda offentlege tenester.
ARBEIDARPARTIET VIL:
· Forbrukarrådet må effektiviserast og samordnast. Det må leggjast vekt på tiltak for dei som treng det mest. Forbrukararbeidet på det kommunale planet må styrkjast.
· Strenge krav til kvalitet og marknadsføring av produkt som er tilbod til barn og ungdom.
· Utviding av plikt til varemerking og vareinformasjon.
· Kvalitetskontroll av viktige produkt må byggjast ut.
· Utvida forbrukarundervisning i skulane.
· Forbrukarane må få betre høve til å hevda sine rettar. Enklare og raskare sakshandsaming ved mindre saker. For dette føremålet bør det skipast ei eiga klagenemnd.
· Prisstyremaktene sitt arbeid må effektiviserast og samordnast betre med verksemda i forbrukarorgana.
FRITID OG FRILUFTSLIV
Kortare arbeidstid og lengre ferie gjer at fritida stendig blir ein viktigare del av tilveret. Arbeidarpartiet vil føra ein politikk som gjer det mogleg å oppleva fritida som eit gode med valfridom. Målet er først og fremst å stimulera til eigen aktivitet. Folkeorganisasjonane vil her spela ei viktig rolle.
Gjennom ferieordningane bør alle etter eige val ha høve til avkopling frå dagleg miljø og gjeremål. Endå med lovfesta ferieordningar har store grupper vanskar med å utnytta ferien. Dette gjeld m.a. mange låginntektsgrupper, barnefamiliar og funksjonshemma.
Arbeidarpartiet vil arbeida for å sikra friluftsinteressene ved å leggja vekt på desse i areal- og bruksplanlegginga. Ein serskilt innsats må gjerast for å sikra feriestader og gjera friluftsgoda lettare tilgjengelege for familiar med små barn, funksjonshemma og andre grupper med spesielle behov.
ARBEIDARPARTIET VIL:
· Følgja opp arbeidet for gode og reelle ferietilbod til alle, med serleg vekt på vanskelegstilte grupper.
· Gje stønad til folkeorganisasjonane som arbeider med ferie- og fritidsspørsmål på sosial basis.
· I forståing med fagrørsla arbeida for 5 vekers ferie.
· Gjera hyttebygging lettare og enklare i planlagte område. Planlegging av hytteområde blir stimulert. Det må visast varsemd med krav som kan redusera høvet til eigeninnsats for den einskilde.
· Stat og fylke må engasjerast sterkare for sikring av friområde som betyr mykje nasjonalt og regionalt.
· Friluftsnemndenes stilling må styrkjast. Arbeidet med å tilretteleggja friluftsområde blir intensivert. Stønad til utbygging av småbåthamner.
· Allment tilgjenge til jakt og fiske må utvidast og gjerast enklare.
IDRETTEN
Dei offentlege stønadsordningane til idretten må ta sikte på å stimulera til eigenaktivitet i det lokale miljø. Serleg vekt blir lagt på masseidrett og mosjonsidrett. Styrking av idrettsorganisasjonane og laga ved utvikling av direkte stønadsordningar. Understreking av kva idretten betyr som sosialt førebyggjande faktor.
ARBEIDARPARTIET VIL:
· Auka stønad til utbygging og drift av idrettsanlegg.
· Større vekt på mindre anlegg og på krava frå masseidretten.
· Brukarane og deira organisasjonar må få sterkare innverknad på drifta av idrettsanlegg, også i tilknyting til skular.
UTDANNING, FORSKING OG KULTUR
LIKSKAP UNDER UTDANNING
Målet med utdanningspolitikken er å gjera det meir mogleg for menneska å få eit innhaldsrikt tilvere gjennom kunnskap om samfunn og arbeidsliv, utvikling av eigen tame, evne til sjølvstendig vurdering og sjølvutfalding.
Dei siste åra er oppbygginga av utdanningssystemet endra gjennom ei rekke reformer. Grunnskulen og den vidaregåande skulen er bygde ut ved ein omfattande innsats. Auka vekt er lagd på desentralisering gjennom ei større spreiding av skuletilbodet. Reformene har skapt større likskap og gjort betre vilkår for dei fleste av dei som søkjer utdanning. Hovudvekta må no leggjast på innhaldet i skulen og undervisninga.
Trass betringane er det stendig ein klår samanheng mellom omfanget av den utdanninga ungdommen skaffar seg og deira sosiale bakgrunn. Ulikskap i utdanning er framleis ei viktig kjelde til økonomisk og sosial ulikskap. Derfor er det viktig å hindra at det blir eit stendig større skilje mellom grupper med lita formell utdanning og dei som får gjera seg nytte av utdanningssystemet fullt ut. I skuleverket må det leggjast serleg vekt på dei grupper av elevar som har vanskar på ungdomssteget i grunnskulen.
Arbeiderpartiet vil framleis byggja ut eit utdanningstilbod med sikte på at alle skal ha lik rett til utdanning, uavhengig av sosiale, økonomiske og distriktsmessige skilnader. Mange får ikkje den vidaregåande utdanning dei ønskjer. Serleg gjeld det dei som søkjer yrkesførebuande studieretningar. Teoretiske og boklege kunnskapar gjev framleis føremonner som ikkje står i høve til praktisk tame og eigne røynsler.
Arbeidsformer og metodar til å vurdera kunnskap i det vidaregåande skuleverket må drøftast og endrast med sikte på å styrkja jamstelling mellom alle utdanningssøkjande. Kravet om likestilling må føra til at skulen byggjer på føresetnader og evne hos den einskilde, med dei store individuelle variasjonane det medfører. Arbeidsformene skal ikkje medverka til prestasjonspress og konkurranse.
Skulen si oppgåve er ikkje avgrensa til å ha hovudansvaret for visse typar opplæring og utdanning. Den må og stø og utvikla den læringa barn, ungdom og andre på annan måte opplever. Skulen sitt tilhøve til lokalsamfunn og arbeidsliv er hovudområde for den framtidige skulepolitikken. Dei former for isolasjon mellom skule og arbeidsliv som stendig lenger utdanning har skapt, må brytast ned. Utdanninga skal ikkje stø opp under dei veike sidene ved dagens samfunn. Det må leggjast vekt på ei meir allsidig rekruttering til læraryrket.
ARBEIDARPARTIET VIL:
· Framleis arbeida for omforming av skulens innhald bygd på måla om demokrati og reell jamstelling. Auka vekt på læring der utgangspunktet er tilhøve elevane kjenner seg heime i. Styrking av dei breide folkegruppers kultur og historie i undervisninga. Arbeidslivets organisasjonar blir sikra plass i undervisninga.
· Arbeida vidare med arbeids- og vurderingsformene i skulen. Utvida kriteria for opptak til vidaregående og høgre lærestader.
· Auka talet på elevplassar i den vidaregåande skulen med serleg vekt på yrkesførebuande studieretningar. Prinsippet om einskapsskulen blir lagt til grunn.
· Det må utarbeidast reglar som sikrar lettare tilgjenge til yrkesutdanning for ungdom som berre har grunnskulen som grunnlag.
· Tiltak for å letta overgangen frå skule til arbeidsliv. Fremja kontakten mellom skuleverk, arbeidsliv og organisasjonane i arbeidslivet, t.d. slik at delar av utdanninga kan gå føre seg i arbeidslivet.
· Styrking av samarbeidet mellom dei høgare lærestadene og samfunnet elles. Vidare arbeid for auka tilgang for studerande med anna grunnlag enn eksamen frå vidaregåande skular.
· Styrkja rekrutteringa for begge kjønn til utdanningsvegar som for det meste anten gutar eller jenter no søkjer.
· Tiltak for å betra tilhøva for lærlingane. Talet på lærlingplassar må aukast. Lærling-lova må reviderast og tilsynet med utdanninga styrkjast. Høvet til å skifta utdanningsretning må gjerast lettare.
· Serlege tiltak for å utvikla gode og tenlege utdanningstilbod for funksjonshemma, så langt som mogleg i dei vanlege skular.
· Auka innsats for likestilling i velferdstilbodet for alle grupper under utdanning. Etablering av felles velferdsordningar for dei som søkjer utdanning. Bortebuande elevar må tryggjast økonomisk og velferdsmessig, slik at dei mest mogleg blir likestilte med elevar som bur heime.
· Byggja ut skuledemokratiet og samtidig gjera det lettare for elevane å engasjera seg i frivillig ungdomsarbeid.
· Elevane får høve til politisk og organisasjonsmessig arbeid i skuletida, t.d. i mellomtimar og friminuttar. Utafor skuletida bør skulelokala kunna nyttast gratis til slikt arbeid.
· Vidare arbeid for auka språkleg jamstelling i skuleverket.
· Stor vekt på oppfølging av vaksenopplæringslova, m.a. gjennom auka løyvingar. Betre høve til vaksenopplæring og vidareutdanning utan tap av inntekt. Dei frivillige opplysningsorganisasjonane og organisasjonane i arbeidslivet må framleis spela ei heller stor rolle i vaksenopplæringa.
· Auka offentleg innsats i utvikling og produksjon av læremiddel.
FORSKINGSPOLITIKKEN
Det er ei viktig samfunnsoppgåve å sikra kvalitet og breidd i forskingsverksemda. Arbeidarpartiet vil leggja stor vekt på forskinga på område som betyr mykje samfunnsmessig. Sosiale spørsmål er sentrale forskingsoppgåver, som til dømes problema åt vanskelegstilte grupper, arbeids- og naturmiljø, spørsmål knytte til samfunnsstyring, økonomi og livsstandard. I internasjonalt forskingssamarbeid må Noreg prøva å leida forskingsinnsatsen til arbeid med dei store uløyste problema i verdssamfunnet: skort på sysselsetjing, svolt og dårleg ernæring, undertrykking og krigsfare og øydeleggingane av natur- og kulturmiljøa.
ARBEIDARPARTIET VIL:
· Tryggja prinsippet om fri forsking. Forskinga skal skje offentleg og ha ein kritisk funksjon. Forskingsinnsatsen skal vera demokratisk styrd.
· Auka bruk av forsking for å betra dei demokratiske verkemidla i samfunnsutviklinga. Oppfølging av utreidinga om dei faktiske makttilhøva i det norske samfunnet.
· Sikring av forsking om levevilkåra for veikare grupper. Oppfølging av levekårsundersøkinga.
· Utvide høve til forsking på oppdrag fra fagrørsla og andre breie, folkelege organisasjonar.
· Auka innverknaden frå fagrørsla på forskingsarbeidet i næringslivet.
· Desentralisera forskingsinnsatsen, slik at livskraftige forskingsmiljø vert utvikla i fleire delar av landet.
DEN NYE KULTURPOLITIKKEN
Den kulturpolitikk som er lagd til rette av Arbeidarpartiet, har gjeve grunnlag for ein samla og meir offensiv kulturpolitikk, med betre høve for menneska å leva eit rikare liv. Denne offensiven må førast vidare. Han må byggja på eit omfatande kulturomgrep, samtidig som han er ein stimulans til kunsten og kunstnarane.
Arbeidarpartiet vil stimulera utviklinga av kulturformer som utviklar solidaritet og fellesskap. Kulturpolitikken vedrører menneska i kvardagen. Derfor er det serleg viktig å stimulera til eigenaktivitet og styrkja det lokale kulturarbeidet.
Gjennom dei frivillige organisasjonane kan menneska vera med og ta initiativ og setja i gang aktivitetar. Organisasjonane gjennom si mangfoldige verksemd er viktige kulturfaktorar. Det må vera ein føresetnad at ein ikkje overfører oppgåver til offentlege organ dersom desse oppgåvene kan bli løyste like godt eller betre av frivillige organisasjonar. I tida framover vil det vera viktig å stimulera arbeidet i dei frivillige organisasjonane.
Den kulturelle utviklinga blir i stor grad merkt av straumdrag som veks fram uavhengig av dei tradisjonelle kulturformer. Det gjeld m.a. viktige sider ved ungdomskulturen som i stor monn blir styrd av forretningsmessige interesser. Påverknad frå massemedia, kjøpepress og stimulering av forbruk speler vel så stor rolle for ungdomskulturen som skulen og tradisjonell kulturpåverknad. Kulturpolitikken må i aukande grad ta sikte på å møte dei serlege utfordringar i denne utviklinga.
Ansvaret samfunnet har for kunstnarane sine inntekts- og arbeidstilhøve er stadfest i Arbeidarpartiets kulturpolitikk. Arbeidarpartiet vil aktivt følgja opp intensjonane i Kunstnarmeldinga.
Det som er mogleg filmteknisk gjer filmen til eit viktig tilbod kulturpolitisk sett. Filmproduksjon og kinodrift må stimulerast som ein lekk i kulturpolitikken. Serleg viktig er det å styrkja dei små kinoane i lokalsamfunna. Nye former for kinodrift og filmdistribusjon må vurderast for å skapa eit betre og meir variert film- og kinotilbod.
Tekniske nyvinningar som kabel-TV, bildekasettar og kommunikasjonssatelittar vil påverka det samla kulturtilbodet sterkt. Det er viktig å følgja utviklinga nøye på slike område og medverka til å styra utviklinga slik at ho ikkje blir einsidig og fører til uniformitet, men til mangfald og respekt for livsform og eigenart i ulike kulturar.
ARBEIDARPARTIET VIL:
· Føra vidare ein aktiv kulturpolitikk med utgangspunkt i kultur- og kunstnarmeldingane.
· Betre høve for utøvande kunstnarar til å få arbeid og inntekter. Utvida bruk av kunst ved utsmykking av offentlege bygningar.
· Kulturinstitusjonane sine høve til å nå barn og ungdom med tilboda sine må betrast.
· Barne- og ungdomsorganisasjonane må gjevast betre arbeidsvilkår, m.a. ved sterk auke i offentleg stønad.
· Tilskotta til dei frivillige organisasjonane sitt kulturarbeid vert auka slik at dei får betre arbeidsvilkår og ved det kan spela ei stendig viktigare rolle på dette området.
· Arbeidstilhøva for biblioteka må styrkjast, m.a. ved at omsyn blir teke til dei ved planlegging av forsamlingshus. Betre bibliotekteneste for grupper i veik stilling. Etablering av ei innkjøpsordning som stiller barnelitteratur likt med annan litteratur.
· Styrking av norsk filmproduksjon. Serleg vekt på produksjon av barnefilm. Filmdistribuering og kinodrift vert nøye vurdert med sikte på å gjera kulturtilbodet breidare.
· Høve til privat radio- og fjernsynssending blir ikkje gjeve. Streng kontroll med kabel-TV. Utviklinga av nye medier må følgjast nøye med sikte på turvande regulering og styring. Utreiding om massemedienes rolle.
· Utviklinga av TV-satelittar må følgjast nøye, også på det nordiske plan, med sikte på ein samordna politikk.
· Kulturen som er utvikla i arbeidslivet og i arbeidarrørsla sine organisasjonar vert det lagt serleg vekt på å halda i hevd. Arbeidarrørsla sine kulturformer må få rettkomen plass i den samla kulturarven.
· Det må gjerast eit aktivt arbeid for å ta vare på ting og kulturformer frå handverk og arbeidsliv som er ved å bli borte. Eigne samlingar vert skipa for desse formåla.
· Arbeida for eit betre økonomisk grunnlag for bygging og drift av Folkets Hus, samfunnshus og andre møtelokale.
VERN OM MILJØET OG TRYGGING AV RESSURSANE
Naturen og ressursane er grunnlaget for vårt tilvere. Noreg må føra ein ressurspolitikk som ikkje ber merke av rovdrift, men tek sikte på å verna naturen som grunnlag for varig produktiv verksemd og fremjing av velferd i vid tyding. Vern av naturen, kamp mot forureisingar, økonomisering med energi og auka matforsyning er hovudområde i Arbeidarpartiets miljø- og ressurspolitikk.
Sentrale ressursspørsmål kan ikkje overlatast til einskilde grupper eller næringslivet, men må avgjerast i fellesskapet sine organ. Viktige inngrep i ressursar og miljø kan berre tillatast etter grundig vurdering av langsiktige og samla konsekvensar, i samsvar med godkjende planar.
Meir effektive verkemiddel må takast i bruk i miljø- og ressurspolitikken. Det må leggjast auka vekt på å fremja den almenne forståing for miljø- og ressursomsyna, slik at det etterkvart kan utviklast ein produksjon og eit forbruk som krev mindre ressursar og fører til mindre avfall og forureinsingar.
ARBEIDARPARTIET VIL:
· Gjennomføra tiltak med sikte på ein samordna ressurspolitikk gjennom budsjettering og rekneskap for naturressursane. Styrkja kommunale og fylkeskommunale organ med sikte på at miljø- og ressursomsyn skal takast.
· Ny samla planleggingslov med sikte på forenkling og samordning.
· Utvida bruken av lov om produktkontroll og gjennomføra ei samla lov om forureinsingar for å sikra betre ressursforvaltning.
· Sterkare satsing på miljøforsking og forsking og utvikling av teknologi som kan redusera ressursforbruket i produkt og prosessar.
NATURVERNET
Vern av naturmiljøet er avgjerande for høvet til naturoppleving, friluftsliv og rekreasjon. Utriveleg miljø og skort på tilgjenge til ei levande natur rammer ofte dei veikaste i samfunnet. Verneinteressene må bli representerte på alle nivå i den offentlege planlegging.
ARBEIDARPARTIET VIL:
· Verna variasjonsrikdommen i naturen. Eit nettverk av nasjonalparkar og andre verneområde, sikring av u-utbygde strand- og fjellområde, uregulerte og reine vassdrag i samsvar med verneplanane.
· Delar av Jotunheimen blir lagde ut til nasjonalpark.
· Auka den offentlege innsatsen i naturvernet gjennom ei styrking av naturvernadministrasjonen. Styrking av naturvernarbeidet i fylka og kommunane.
FORUREINSINGANE
Kampen mot forureinsingar, støy og andre miljøskadar er ein viktig del av ein langsiktig ressurspolitikk. Målet er å unngå at forureinsingar skader folks helse eller går ut over trivnaden, men også å verna om naturens evne til produksjon og sjølvfornying.
ARBEIDARPARTIET VIL:
· Auka innsats for kamp mot forureinsing av vatn. Sikring av drikkevasskjeldene og tiltak for å motverka og minska forureinsing av truga vassdrag. Kartlegging av kvar grunnvatn finst. Ein serleg innsats mot forureinsing i Mjøsa.
· Setja i verk tiltak for kamp mot og førebygging av støy i buområde og på arbeidsplassar. Serleg vekt på vern av buområde mot trafikkstøy.
· Ny samla lov mot forureinsingar.
· Miljøkrav må endrast ved at betre teknikk og nye produksjonsmetodar blir skapte. Strenge krav må setjast til bruk av kjemiske stoff.
· Vidare sterk vekt på arbeidet med å betra beredskapen mot havforureinsingar. Strenge tryggingskrav for å hindra at oljeverksemda skader livet i havet.
· Auka statsstønad til tiltak for betre organisering av avfallsinnsamling, m.a. med sikte på auka attvinning.
· Overvaking av forureiningstilstandene i vatn og luft.
MATRESSURSANE
Matforsynings- og ernæringspolitikken må tryggja og styrkja produksjonsgrunnlaget i landbruk og fiske og gje betre utnytting av næringsverdien.
ARBEIDARPARTIET VIL:
· Verna matressursane på jorda og i havet mot utarming og øydelegging.
· Auke i matproduksjonen.
· Tiltak for å stimulera til eit rettare kosthald.
EIN FORSVARLEG ENERGIBRUK
Noreg har hatt god tilgang på rimeleg energi. Dette har medverka til ein høg levestandard og vore grunnlaget for serleg energikrevjande produksjon. Det har då vore liten interesse for energisparing og utvikling av teknikk og produksjon som krev mindre energi.
Både produksjon, transport og forbruk av energi fører til miljøforstyrringar. Endå med god tilgang på energi er det turvande med ein meir balansert energipolitikk som både tar dei naudsynte verneomsyn og gjev grunnlag for ei rimeleg produksjonsutvikling. Det er eit mål å få lik kraftpris over heile landet.
ARBEIDARPARTIET VIL:
· Arbeida for å avgrensa auken i energibruken gjennom eit handlingsprogram for energiøkonomisering.
· Auka satsing av offentlege midlar i utviklinga av teknologi for energisparing og attvinning. Betring av overføringsnettet. Stor vekt på isolasjons- og oppvarmingssystem som kan gje meir effektiv utnytting av energien.
· Varsam vidare vasskraftutbygging med sterk vekt på naturvernomsyna. Ei mest mogleg samla vurdering av vår framtidige energisituasjon, herunder spørsmålet om kva vassdrag som bør vernast og kven som bør utbyggjast.
· Ein nasjonalpark på Hardangervidda blir skipa. Veig og Dagali er i denne samanhengen serleg verneverdige område.
· Vidare utreiding av alle sider ved bygging av varmekraftverk.
· Ingen planlegging eller utbygging av kjernekraftverk.
· Arbeida for å utvikla alternative energikjelder.
EIN SAMFUNNSSTYRT OLJEPOLITIKK
Funna av olje og gass på norsk område medfører nye utsikter, oppgåver og plikter for Noreg. Desse naturrikdomane er ein verdifull nasjonal ressurs som må utnyttast slik at det får langsiktige positive verknader for samfunnsutviklinga. Inntektene frå oljeverksemda må nyttast slik at dei kjem heile samfunnet og alle grupper i folket til gode. For å oppnå dette, må alle sider ved oljeverksemda leggjast under samfunnsstyring og kontroll.
Olje og gass er ressursar som ikkje kan fornyast, men som eingong tar slutt. Oljeverksemda stiller store krav til tryggleik og miljø. For raske endringar i økonomi og næringsliv vil skapa vanskar. Desse tilhøva tilseier eit monaleg lågare tempo i leiting og utvinning enn det som er teknisk og økonomisk mogleg.
På nye oljefelt må statens eige selskap få ein dominerande plass. Hovedregelen om ilandføring i Noreg står ved lag.
ARBEIDARPARTIET VIL:
· Moderat tempo i leiting etter og utvinning av olje og gass. Strenge krav til tryggleik for å hindra ulykker og skadar på livet i havet og forureinsing langs strendene. Stendig betring av oljeberedskapen i takt med den teknologiske utvikling.
· Den politiske styring av oljeverksemda må styrkjast vidare gjennom eit eige departement for olje- og energisaker.
· Statoil må spela ei hovudrolle i verksemda på den norske kontinentalsokkelen, serleg nord for 62. breiddegrad.
· Effektiv kontroll med dei strenge miljøkrav til oljeverksemda. Vidare sterk auke i investeringane i tiltak for auka tryggleik og beredskap ved utvinning av olje og gass.
· Auka forskingsinnsats om havforureinsingar med serleg vekt på nordlege farvatn.
EIN EFFEKTIV DISTRIKTSPOLITIKK OG EIT VARIERT ARBEIDSLIV
Dei endringar som har gått føre seg i arbeidslivet, har medverka til store betringar i den økonomiske levestandarden i landet vårt. Dei raske endringane har og skapt somme sosiale problem i byane, samtidig som mange bygder er merkte av utflytting.
Gjennom ein planmessig politikk for sysselsetting har det lykkast å halda arbeidsløysa låg i Noreg. Det må likevel skaffast fleire arbeidstilbod i distrikta. Det er og turvande med ein serleg innsats for å skapa nye arbeidsplassar ved omstillingar i næringslivet.
Ein effektiv næringspolitikk har til oppgåve å sikre eit inntektsgjevande arbeid for alle som ønskjer det. Omstilling i næringslivet må skje på ein planmessig måte for å unngå arbeidsløyse og omfatande og uønskt flytting. Busetnadsmønsteret skal i hovuddraga haldast oppe. Nye arbeidsplassar må skapast på stader med utrygge og einsidige næringsvilkår.
Dei lange arbeidsreisene i delar av landet er for mange ei alvorleg bør for trivnad, helse og familieliv. Det er ei viktig oppgåve å skape ein betre balanse mellom arbeidsplassar, bustader, service og sosiale tilbod.
Utbyggingsprogrammet for Nord-Noreg må framleis følgjast opp med serleg vekt på å skapa fleire arbeidsplassar og tryggja busetjinga.
Arbeidsløysa i Nord-Noreg er høgare enn i andre delar av landet, samtidig som landsdelen har vore serleg ramma av den vanskelege økonomiske situasjonen.
Ved utforminga av den generelle økonomiske politikken og av næringspolitikken må det derfor leggjast serleg vekt på behova i Nord-Noreg.
ARBEIDARPARTIET VIL:
· Planlegging og verkemiddel i distrikts- og arbeidsmarknadspolitikken må samordnast, statleg, fylkeskommunalt og kommunalt.
· Styrking av den offentlege rettleiingstenesta for verksemder som ønskjer å etablera seg i distrikta. Målretta offentleg innsats med sterke verkemiddel for å utvikla høveleg produksjon i distrikta. Aktiv bruk av etableringslova.
· Kjem sysselsettinga i somme verksemder og bransjar i fare, må arbeidsplassane så langt det er mogleg tryggjast gjennom innsats frå det offentlege. På lengre sikt er målet å styrkja dei verksemder og bransjar som er levedyktige, med sikte på trygge arbeidsplassar.
· Nytta viktige verkemiddel i distriktspolitikken som investeringstilskott og opplæringstilskott, gradert arbeidsgjevaravgift og transportstønad.
AKTIV INDUSTRIPOLITIKK
Industrien er vår viktigaste næring. Ein levedyktig og allsidig industri må haldast oppe og styrkjast. Av omsyn til distriktspolitikk og busetnad er det turvande at sysselsettinga i industrien vert halden oppe på omlag same nivå som i dei seinare år. Mange lokalsamfunn er avhengige av ei einskild industriverksemd og har derfor eit einsidig og lite variert arbeidstilbod. Arbeidssøkjande kvinner og grupper av ungdom har her serlege vanskar. På slike stader er det derfor ei viktig oppgåve å skapa eit meir variert arbeidstilbod.
Distriktsutbygging vil i mange utkantstrok vera avhengig av om det er mogleg å skapa nye og mindre industriverksemder og økonomiske føretak. Moderne produksjonsformer er ofte merkte av dei tekniske føremonene som stordrift gjev. Det er ønskjeleg å utvikla ein produksjonsteknikk og organisasjonsformer som og kan tilpassast mindre einingar og mindre stader.
Velstandsutviklinga har medført høge produksjonskostnader i Noreg. Dette gjer det turvande med eit teknisk nivå som trass høge kostnader gjer det mogleg å konkurrera med andre land med monaleg lågare produksjonsutgifter. Investering i avansert teknisk utstyr er turvande, slik at produksjonen blir meir effektiv, og oppbygging av produksjon med serleg høgt teknisk kunnskapsnivå innan serlege område.
Gjennom ein aktiv statleg industripolitikk og gjennom statens eigne verksemder må samfunnets høve til å styra industriutviklinga utviklast vidare. Eit forvaltningsselskap for statens industriinteresser vil vera eit viktig verkemiddel, ikkje minst i distriktspolitikken.
Delar av norsk industri, serleg elektroteknisk og kraftkrevjande industri, er merkte av utalandske storkonsern. På desse områda er det serleg viktig å satsa i arbeidet med å sikra samfunnsmessig styring over industriutviklinga.
Lønstakarane og deira organisasjonar må spela ei sentral rolle i utforminga av industripolitikken. Lokalsamfunna sine interesser må fremjast.
ARBEIDARPARTIET VIL:
· Føra vidare arbeidet med samordning av verkemidla i industri- og distriktspolitikken. Det gjeld etableringslova, Distriktenes Utbyggingsfond, etableringsrettleiinga, Industrifondet, Utviklingsfondet, Industribanken og andre statlege finansieringsinstitusjonar.
· Offentlege forskingsinstitusjonar må gjennom praktisk utviklingsarbeid, og i samarbeid med verksemdene, utvikla produksjonsteknikk og organisasjonsformer som gjev grunnlag for mindre verksemder i distrikt med veikt næringsgrunnlag.
· Nye industriverksemder må så langt råd er, styrast til stader med einsidig arbeidsliv og skort på arbeidsplassar.
· Små og mellomstore verksemder må sikrast ved spesielle verkemiddel.
· Tiltak for å sikra sysselsetjinga og eit meir allsidig tilbod på einsidige industristader.
· Større eksisterande verksemder må stimulerast til å etablere nye produksjonseiningar i område med veikt næringsliv.
· Auka vekt på geologiske undersøkingar i næringsveike strok.
· Ei vedvarande samfunnsmessig vurdering og planlegging i dei industribransjar som har serlege problem for å tryggja levedyktige arbeidsplassar.
· I samarbeid med fagrørsla utreida turvande tiltak for å endra struktur- og eigartilhøva i treforedlingsindustrien, slik at han blir sikra med gode og trygge arbeidsplassar.
· Styrkja planlegginga ved større industrireising med sikte på å gjera det lettare mogleg for kommunane å møta nye oppgåver og tryggja lokal sysselsetting, serleg av grupper som står veikt på arbeidsmarknaden.
· Staten skal med sin innkjøpspolitikk medverka til å sikra norsk industri og utvikla nye produkt gjennom utviklingskontraktar med industrien.
· Samordna verksemda i dei produksjonsverksemdene staten eig eller har dominerande innverknad på gjennom eit statleg forvaltningsselskap som skal ha til spesiell oppgåve å gjera utbygging i distrikta lettare mogleg.
· Kommunane skal ha rett til å vera representerte i avgjerande organ i verksemder som har serleg mykje å seie for kommunen, eller rett til å skipa samarbeidsutval med verksemda.
· Noreg må ta aktiv del i industri- og energisamarbeid med andre land.
TRYGGLEIK OG LIKESTILLING I LANDBRUKET
Eit hovudmål for Arbeidarpartiets landbrukspolitikk er å sikra bygde-Noreg mest mogleg likeverdige vilkår med andre delar av landet. Oppgåvane er å tryggja matforsyningane, stabilisera busetnaden i dei næringsveike distrikt og tryggja ei effektiv, langsiktig ressursutnytting. Yrkesutøvarane i landbruket skal ha trygge økonomiske og sosiale vilkår.
Arbeidarpartiet har utforma ein landbrukspolitikk som har auka tryggleiken i jordbruk, skogbruk og reindriftsnæring. Gjennomføringa av landbrukspolitikken må følgjast opp gjennom jordbruksforhandlingane med Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag. Forhandlingane bør utvidast til også å gjelda delar av skogbruket. I reindriftsnæringa må oppfølginga skje gjennom reindriftsavtalen med Norges Reindriftssamers Landsforening
Arbeidarpartiet går inn for ein samla ernærings- og matforsyningspolitikk med sikte på å betra folkets kosthald og auka produksjonen av jordbruksvarer. Det blir teke sikte på ein auke som vil merkast i jordbruksarealet og skogavvirkninga. Det må førast ein meir samordna landbrukspolitikk der ein ser utnyttinga av ressursane i alle landbruksnæringar i samanheng. Dette er eit grunnlag for ein aktiv bygdepolitikk.
Alle delar av landet bør vera med og auka produksjonen, men av distriktspolitiske grunnar må det leggjast større vekt på å auka landbruksproduksjonen i dei næringsveike distrikt. Målet er jamstelling i levekår mellom jordbrukarar og industriarbeidarar og ei monaleg jamnare inntektsfordeling innanfor landbruket med betre vilkår for dei små og vanskelegstilte bruk. Produktiviteten i næringa bør framleis betrast og investeringane i næringa avgrensast til det som er landbruksmessig nødvendig.
ARBEIDARPARTIET VIL:
· Føra vidare utjamninga i levekår mellom jordbrukarar og industriarbeidarar, med serleg vekt på betre kår for små og vanskelegstilte bruk.
· Utvikla bestemte normer for den arbeidsinnsatsen som skal gje den einskilde jordbrukararen rett til inntekt på line med industriarbeidarane. Det vert lagt stor vekt på andre verkemiddel enn generelle prisar for at kombinasjonsbruk, dei små bruka og utkantdistrikta skal få sin situasjon betra.
· Løntakargruppene i jord- og skogbruk må sikrast trygge økonomiske og sosiale vilkår og eit godt arbeidsmiljø.
· Tiltak med sikte på auka utnytting av skogressursane. Det tekniske utstyret og driftsmetodane tilpassast dei krav eit godt arbeidsmiljø og ei god ressursutnytting set.
· Ved avtaler mellom partane i skogbruket eller gjennom lovverket må det hindrast at store avvirkningsmaskiner blir tekne i bruk før ein har fått tid til ei samfunnsmessig vurdering av om det er forsvarleg å nytta utstyret.
· Eigedomsretten til jord- og skogbruk må praktiserast slik at eigaren har rett og plikt til å nytta ut ressursane. Lettare mogleg for paktar å kjøpa bruk. Investerings- og låneordningane for serleg vanskelegstilte bruk og landbrukarar under etablering styrkjast. Prisnivået på landbrukseigedom avgrensast.
· Det offentlege bør engasjera seg sterkare i formidling av landbrukseigedomar og ved tildeling av dyrkingsjord og tilleggsjord til mindre bruk.
· På dei små og mellomstore bruk har kvinnenes arbeidsinnsats serleg mykje å seia. Kvinnenes arbeid i landbruket må derfor få ein sterkare yrkesstatus. Sosiale og skattemessige ordningar bør utformast slik at kvinner i landbruket blir likestilte med menn og kvinner i løns-arbeid.
· Utbygging av ferie- og avløysarordningane i landbruket. Ordningane bør leggjast opp slik at rekrutteringa til landbruket blir betre og mindre bruk får turvande tilleggssysselsetjing.
· Sikra at foredlinga av jord- og skogbruksprodukt skjer i samsvar med samfunnsmessige og distriktspolitiske mål. Økonomiske verkemiddel og lovverket bør nyttast for å oppnå dette.
· Sikra ei auka utnytting av grovfor og beite i mjølkeproduksjonen og kjøttproduksjonen, serleg med sikte på ei utbygging av produksjonsgrunnlaget i utkantbygdene.
· Samordna og styrkja landbruksetatane si verksemd. Forenkla handsaminga ved forvaltning av økonomiske verkemiddel og av jordlov, konsesjonslov og odelslov.
· Nye oppgåver i planleggings- og rådgjevingsarbeidet i landbruket bør i hovudsak leggjast til offentlege organ.
· Styrkja interessa for småhagebruk, parselldyrking m.m., både gjennom informasjon og rettleiing og ved å skaffa høvelege areal.
· Utvikla reindriftsnæringa på grunnlag av ressursar som best kan utnyttast av denne næringa med sikte på betra inntektsfordeling, økonomisk berekraftige driftseiningar og trygging av busetnaden.
GODE KÅR I FISKERINÆRINGA
Fiskeria skal medverka til ei riktig ernæring og gje grunnlag for ein tilfredsstillande levestandard for dei som har fiskerinæringa som inntektsgrunnlag. Avtalen mellom staten og Norges Fiskarlag skal ta sikte på å medverka til dette. Norges Fiskarlag må representera fiskerinæringa overfor styremaktene når det gjeld spørsmål som økonomisk har noko å seia for næringa. Forhandlingane med styremaktene skal byggja på eit nært samarbeid med arbeidstakarane sine faglege organisasjonar. Det blir skipa eit kontaktutval mellom staten og organisasjonane i næringa.
Råfiskloven må framleis vera grunnlaget for salslaga si verksemd. Det fiskarane har å seia og rettane deira må haldast oppe i denne samanheng.
Det må gjennomførast ei betre produksjonsplanlegging og omsetnaden av fisk og fiskeprodukt må organiserast med sikte på best mogleg stabilitet i næringa og ei rettferdig deling av det økonomiske utbyttet på einskild-lekkane i næringa. I denne samanhengen må både fiskarane og arbeidstakarane i fiskeindustrien gjevast meir å seia.
ARBEIDARPARTIET VIL:
· Fiskeressursane må sikrast ved ei forsvarleg utnytting, samtidig som det må satsast på ein høgare utnyttingsgrad og større bruk av råstoffet direkte til menneskeføde.
· Innafor den utvida fiskerigrensa må det gjennomførast turvande reguleringar for å sikra ressursane og for å oppnå rasjonell utnytting av fiskemengdene. Noreg må framleis arbeida aktivt på det internasjonale plan for å oppnå eit effektivt vern av ressursgrunnlaget.
· Fisket med passive reiskapar må sikrast nok vern slik at det blir mogleg å driva trygt.
· Tiltak i fiskeforedlingsindustrien som gjev grunnlag for jamnare sysselsetjing.
· Dei sosiale ordningane for fiskarane må byggjast vidare ut. Pensjonsordninga betrast.
· Arbeidstilhøva i fiskeindustrien må betrast med sikte på helsesame og hygieniske arbeidsplassar.
· Det må framleis vera målet å halda oppe ein variert flåtestruktur. Flåtestrukturen må utviklast slik at han medverkar til å halda oppe busetnadsmønsteret.
· Ei kontinuerleg fornying av fiskefartøya.
· Kystfiskeflåten blir prioritert.
· Konsesjonspolitikken må utformast og praktiserast slik at det vert teke nok omsyn til rekrutteringa og behovet for ein variert fiskeflåte i dei einskilde distrikta.
· Utbygging og styrking av samvirketiltak i fiskerinæringa ved offentleg rettleiingsteneste og høvelege tiltak.
· Auka satsing på fiskeriforskinga - med vekt på fangst- og reiskapsforsking, foredlingsforsking, fiskeoppdrett og økonomisk og sosiologisk forsking.
HANDELEN
Handelen er landets nest største næring og yter ein viktig og nødvendig service både i byar og utkantstrok. Det må leggjast stor vekt på forbrukarinteressene, på publikumskravet om service og behovet for butikkar i utkantane. Dei tilsette må sikras auka del i avgjerdsretten og eit betre arbeidsmiljø.
ARBEIDARPARTIET VIL:
· Samarbeida med og styrkja forbrukar-kooperasjonen.
· Servicetilboda i lokalsamfunnet må sjåast i samanheng. Utkantbutikkane må få lettare høve til modernisering og effektivisering. Landhandelen og små samvirkelag må tilførast fleire oppgåver. Det må utviklast eit butikkmønster som er tilmåta dei lokale behov.
SKIPSFARTEN OG SJØFOLKA SI STILLING
Sjøfolka sine arbeidsplassar må tryggjast og deira arbeidssituasjon betrast. Tryggingsarbeidet til sjøs må ofrast monaleg større merksemd. Dei skipsfartspolitiske målsettingar må i samarbeid med næringa sine orgnisasjonar tilpassast retningslinene for Noregs økonomiske og internasjonale politikk. Gjennom valuta- og skattelovgjevinga og andre tiltak må styremaktene sikrast betre innsyn i og kontroll over verksemda i reiarlagsnæringa.
ARBEIDARPARTIET VIL:
· Utreiding av og tiltak for bedriftsdemokrati i utariks sjøfart. Auka sosial jamstelling mellom sjøfolka.
· Auka innsats for å betra tryggleiken til sjøs. Det må satsast sterkt på utviklinga av moderne, effektivt bergingsutstyr. Undervisning om tryggingstiltak må styrkjast ved dei maritime skulane. Verne- og miljøarbeidet ombord må styrkjast. Statens Havarivernskole blir bygd ut til ein tidsmessig undervisningsinstitusjon i tryggingsarbeidet innan skipsfarts- og oljesektoren.
· Nok opplæringssplassar i skip sikrast slik at praktisk opplæring i sjømannsyrket kan gjevast norsk ungdom som ønskjer det. Sjøfolks utdanning og yrkespraksis må i stigande grad også kvalifisera til likeverdig arbeid på land. Utreiding av behovet for etterutdanning innan ulike kategoriar av sjømannsyrket.
· Byggjing av ein ny kortbølgesendar. Velferdsarbeid og kulturtiltak for sjøfolk ofrast sterk merksemd. Stønad til tiltak som gjer mogleg gjensidig kontakt mellom alle grupper sjøfolk og familiane heime. Sending av NRK's fjernsynsprogram via videokasettar til den norske handelsflåten.
· Registrering under framandt flagg må berre aksepterast der dette er eit naturleg og nødvendig supplement til tilsvarande verksemd i Noreg. Styremaktene må sikra at slik verksemd gjev eit fullverdig tilskott til norsk økonomi, og at tilhøva for dei tilsette må verta ivaretekne på ein tilfredsstillande måte.
SAMORDNA SAMFERDSEL
Kommunikasjonane har mykje å seia for menneskeleg trivnad og velferd og for den økonomiske aktiviteten i samfunnet. Samferdselspolitikken skal medverka til å verkeleggjera måla for samfunnsutviklinga og fremja det mønster for produksjon og busetnad som vi ønskjer. Hovudoppgåva er å sikra ei effektiv og tilfredsstillande transportavvikling i alle delar av landet. Samferdselspolitikken må utformast med sikte på å avgrensa støy og forureinsingar og å redusera talet på ulykker og skadar monaleg.
ARBEIDARPARTIET VIL:
· Ei vidareføring av arbeidet med å byggja opp eit landsomfatande kollektivt transportsystem av høg standard både for personar og gods. Samferdselslova, avgiftssystemet og stønadsordningane må nyttast med sikte på å styrkja den rutegåande transporten.
· Jernbanen og sjøtransporten vert gjort meir konkurransedyktig. Transportssystemet må baserast på eit totalt samvirke mellom dei ymse typar trafikkmiddel, og med minst mogleg parallelkjøring.
· Spørsmålet om Nord-Noreg-banens vidareføring vert avklåra med grunnlag i ei samla vurdering av samferdselsplanane. Distrikspolitiske verknader av jernbanen vert tillagt avgjerande vekt.
· Den kollektive persontransporten blir styrkt. Arbeidet med samordna rute- og takstopplegg i dei større byane vert ført vidare. Eigne kjørefelt eller gater for kollektive transport-middel i byar og tettstader må etablerast der det er nødvendig og praktisk mogleg. Transporttilbodet til grisgrendte strok må haldast oppe og styrkjast.
· Arbeidet for auka trafikktryggleik må styrkjast. Auka skjerming av tettstader og bumiljø mot biltrafikk og støy, sterk satsing på å utbetra kryssingsstader for fotgjengarar. Sikring av punkt, vegstrekningar og område, serleg i byar og tettstader, der det har vore spesielt mange ulykker. Auka tempo i utbygginga av gang- og sykkelvegar. Vidare sterk satsing på trafikkovervaking av farleg kjøreåtferd.
· Arbeidet med å føra fram veg til veglause distrikt og avløysa ferjesamband med vegsamband må førast vidare. Ein monaleg del av investeringane i vegutbygging må framleis koma distrikta til gode.
· Det må skje ei samordna utbygging av dei ymse transportanlegg. Rasjonelle organisasjonsmessige einingar må etablerast i dei einskilde distrikt.
· Innafor luftfarten må det etablerast eit nærare samarbeid med selskapa om rute- og terminalsystemet. Sikringstenesta i luftfarten blir framleis gjeven høg prioritet.
· Hurtigruta Bergen-Kirkenes vert halden oppe som maritimt stam-samband mellom landsdelane med moderne skip tilpassa transportbehovet.
· Avgjerdene i lokale samferdselssaker blir lagde til lokale folkevalgde organ. Ansvaret for ruter, takstar og subsidier til lokalruter vert for det meste lagt til fylka.
· Det omfatande utreiingsarbeidet i samferdselssektoren må følgjast opp med konkrete tiltak forma ut som lekkar i ein samordna plan for samferdselen.
· Utbyggingstakten i Televerket vert halden på eit nivå som sikrar utvikling av eit moderne og effektivt telekommunikasjonssystem . Ordninga med abonnentlån for privattelefonar vert avvikla. Telefonstønadsordninga for eldre og uføre vert vidare utbygd.
· Transporttilbodet for funksjonshemma vert bygt ut.
· Samordna servicetilbod for m.a. post- og teletenester blir søkt etablerte i grisrendte område.
SOSIAL TRYGGLEIK
Sosialpolitikken skal byggja på at alle menneske har rett til eit meiningsfylt tilvere. Sosiale problem og helseskadar er i stor monn ein følgje av tilhøva i samfunnet og arbeidslivet. Sosialpolitikken må derfor sjåast i nøye samanheng med heile samfunnspolitikken. Eit nærmiljø som skaper meir levande kontakt mellom menneske og gjer sjølvutfalding meir mogleg, og arbeidsmiljø som gjev aukande tryggleik og er mindre merkt av konkurransejag, vil redusera dei sosiale problema. Omsynet til dei sosiale og helsemessige verknader må derfor innarbeidast i all samfunnsplanlegging. Menneske som nå blir oppfatte som sjuke eller som avvikarar, skal så langt råd er ta del i samfunnsaktivitet og arbeidsliv på line med alle andre.
HELSE- OG SOSIALSTELLET
Det skal vera ein rimeleg vokster i dei sosiale ytingane, men det må leggjast stor vekt på å halda utgiftsnivået i sjukehus- og helsesektoren under kontroll. Auka økonomisk ansvar til eigarane av institusjonar vil gje betre økonomi. Heilskapssynet må setjast over sektortenking og spesialinteresser i planlegginga med sikte på betre helsemessige tenester for dei mange.
Det må vera eit mål å leggja tilhøva til rette for at eldre, funksjonshemma og sjuke kan få stønad og behandling slik at dei kan bli buande lengst mogleg i heimane sine. I dei helse- og sosialinstitusjonar som høver for det, må meir demokratiske arbeidsformer utviklast ved at alle som er i institusjonen får noko å seia over drift og daglege tilhøve. Det må leggjast opp til ei sterk betring av kåra for dei funksjonshemma.
ARBEIDARPARTIET VIL:
· Vidare utbygging av helse- og sosialsentra og gjennomføring av tiltak for å styrkja heimehjelp og heimesjukepleie. Stønadsordningane i Folketrygda vert lagde om med sikte på i høgre grad å stimulera til familieopphald.
· Betring av tilhøva ved alders- og sjukeheimar og andre sosiale institusjonar. I nye institusjonar bør dei som ønskjer det, få eigne rom. Stimulering til ombygging av eldre institusjonar med same føremål. Større personleg fridom og auka innverknad for dei som bur i helse- og sosialinstitusjonar. Sjukeheimar med aktiv rehabilitering i kvart fylke.
· Auke i utdanningskapasiteten for sosial- og helsepersonell. Auka vekt på praksis utafor institusjonane.
· Styrking av den polikliniske handsaminga og høve til dagopphald ved sjukehus.
· Auka offentleg ansvar for helsetenesta ved ny lov om helsetenesta utafor sjukehus. Denne lova må og gjelda lækjarvaktordninga og ambulansetenesta.
· Ein serleg innsats med auka offentlege midlar for funksjonshemma. Rettleiingstenesta og dei praktiske hjelpetiltak for familiar med utviklingshemma barn blir sterkt utbygde.
· Det offentlege tannhelsearbeidet blir styrkt gjennom organisering av ei samla og eins offentleg tannhelseteneste for heile landet. Tenesta blir bygd ut med sikte på å gje fri tannrøkt for barn og unge opp til 18 år, pasientar i langtidsinstitusjonar, funksjonshemma, trygda med minstepensjon og andre vanskelegstilte grupper. Det førebyggjande arbeidet blir intensivert ved meir systematisk bruk av hjelpepersonell og tilbod om gratis fluortablettar til førskulebarn og barn i grunnskulen.
· Vidare sterk vekt på førebyggjande tiltak og oppsøkjande verksemd for å unngå alkohol- og stoffmisbruk. Auka vekt på arbeidet for å betra bustadtilbod og behandlingstilbod til alkoholskadde og heimlause. Auka stønad til Arbeidslivets Komite mot Alkohol og Narkomani og til opplysningsarbeidet i organisasjonane.
DEI TRYGDA
Den almenne velstandsauken må koma dei trygda til gode gjennom ei planmessig opptrapping av inntektene for dei trygda. Midlar frå Folketrygda må i aukande omfang setjast inn i førebyggjande og arbeidsskapande verksemd for å minka tilgangen i talet på varige trygdemottakarar.
ARBEIDARPARTIET VIL:
· Det må gjennomførast ei opptrapping av ytingane i Folketrygda for dei trygda som har minstepensjon.
· Trygdelovgjevinga må gjennomgåast og endrast slik at det blir lettare for eldre og trygda å kombinera arbeid med trygd.
· Utreiding av spørsmålet om fleksibel pensjonsalder.
· Arbeidskontora sitt arbeidsområde må og omfata formidling av arbeid til interesserte pensjonistar og andre grupper som står veikt på arbeidsmarknaden.
· Stimulering av aktivitet for dei trygda i organisasjonane og i samfunnslivet elles.
· Auka bustønad til trygda med låge pensjonar og høg husleige.
· Auke i trygdeytingane til serleg vanskelegstilte grupper og ein aktiv innsats for å gjera arbeid og fritidstilbod lettare mogleg. Betra og forenkla tilbod om tekniske hjelpemiddel for funksjonshemma. Eldre over 70 år med funksjonshemningar må bli likestilte med andre funksjonshemma når det gjeld stønad.
TRYGGLEIK FOR INNVANDRARAR
Innvandringa av utalandske arbeidstakarar og deira familiar i Noreg har gjeve verdfulle tilskott til arbeids- og samfunnsliv. Innvandrarane må sikrast likestilling og respekt. Deira arbeids- og bustadstilhøve må betrast gjennom medverknad frå offentlege styresmakter. Dei ulike statlege og kommunale stønadstiltak for å betra framandarbeidarane sine kår må aukast monaleg. I skuleverket og på annan måte må det leggjast meir vekt på forståing av kultur- og eigenart i andre folkegrupper.
ARBEIDARPARTIET VIL:
· Framtidig regulering av innvandringa til Noreg må ikkje byggja på kortsiktige eller skiftande vurderingar av behovet for arbeidskraft, men ha som utgangspunkt at dei som ønskjer å koma til Noreg, må vera sikra tilfredsstillande kår.
DEN EINSKILDE OG SAMFUNNET
Utviklinga av velferd og sosial tryggleik for dei breide grupper ville ikkje ha vore mogleg utan ein monaleg vokster i omfanget av verksemda i stat, fylke og kommunar. Kravet om auka offentleg innsats på ei rekke område står i vår tid ofte i motsetnad til kravet om at den offentlege administrasjon ikkje skal utvidast. Ei avveging er nødvendig.
Arbeidarpartiet vil leggja stor vekt på å utvikla samfunnsorgana til gode og effektive serviceinstitusjonar for den einskilde og for fellesskapet. Uturvande detaljstyring, innvikla regelverk, vanskelege skjema og omstendeleg og langsam sakshandsaming må unngåast. Informasjonsverksemda må styrkjast.
ARBEIDARPARTIET VIL:
· Vidareføra arbeidet for forenkling, desentralisering og effektivisering av den offentlege forvaltninga.
· Tiltak for enklare språk i lover og offentlege dokument.
· Ein serleg innsats for forenkling av regelverk og saksbebehandling i byggesaker. Raskare saks- og ankebehandling i trygdesektoren.
· Betre oppfølgjing og auka bruk av utreiding og forsking for å gje større kunnskap om korleis lover og regelverk verkar i praksis.
· Betra den offentlege informasjon ved å gjera innhald og grunngjeving for ymse regelverk betre kjent. I denne samanheng større grad av oppsøkjande verksemd overfor vanskelegstilte grupper.
AUKA RETTSTRYGGLEIK
Målsetjinga for kriminalpolitikken er å skapa rettstryggleik og tryggleik for den einskilde og for fellesskapet. I sterkare grad enn hittil må det reagerast mot brott som rettar seg mot fellesgoda.
Det førebyggjande arbeidet må styrkjast, og straffedømde må få hjelp til å tilpassa seg samfunnet igjen. Også dei som blir dømde for lovbrot skal behandlast i samsvar med den respekt for menneskeverd som samfunnet byggjer på. Det er nødvendig med ein serleg innsats for å hjelpa barn og ungdom som har kome bort i kriminalitet. Fengsling av barn må unngåast.
Kriminalpolitiske tiltak åleine løyser ikkje problema med lovbrott. Kriminalpolitikken må derfor sjåast i samanheng med politikken som vert førd på andre område. Ei samfunnsutvikling bygd på solidaritet og likeverd vil motverka kriminalitet.
ARBEIDARPARTIET VIL:
· Skipa eit råd for førebygging av kriminalitet der også organisasjonane i arbeidslivet blir representerte.
· Politi- og lensmannsetaten må styrkjast og gjevast gode arbeidsvilkår. Bydelspolitiet og anna tenesteyting i lokalmiljøa blir utbygde. Patruljetenesta i tettbygde strok må effektiviserast.
· Politiet og påtalemakta må setjast betre i stand til å etterforska og føra for retten lovbrott som gjeld skattlegginga og valutalovgjevinga, miljøvern, arbeidarvern og arbeidsmiljø.
· Sterkare innsats for å hindre innførsel og omsetnad av narkotika.
· Helse- og sosialtenesta i fengselsanstaltane må styrkjast. Dei innsette bør gjevast eit utdannings- og arbeidstilbod som kan letta overgangen til normalt arbeidsliv. Arbeidsmarknadsstyremaktene må påleggjast eit serleg ansvar for å skaffa arbeid til dei frigjevne.
· Ei utbygging av kontroll- og hjelpeorgan med utvida høve til kriminalomsorg i fridom som siktemål.
· Løyve til å setja ungdom i varetekt vert avgrensa.
· Tida mellom lovbrott og soning må nedkortast.
· Tilbodet om rettshjelp blir utbygd, serleg for veike grupper.
DEN ØKONOMISKE POLITIKKEN
Arbeidarpartiregjeringane har utvikla ein økonomisk politikk som har teke i bruk nye verkemiddel. I ein vanskeleg internasjonal situasjon har denne nye økonomiske politikken vist seg meir tenleg enn den tradisjonelle. Samtidig maktar ein betre å tryggja arbeidsplassar, sikra inntektsvokster og avgrensa prisauken.
TRYGGLEIK FOR ARBEID OG INNTEKT
Dei siste åra har vist at full sysselsetjing ikkje er sjølvsagt. Store delar av den vestlege verda opplever på ny massearbeidsløyse. I vårt land har Regjeringa sin politikk, ved bruk av sterke offentlege verkemiddel ført til å tryggja økonomisk aktivitet, vokster og sysselsetjing.
Vidare arbeidsløyse i mange andre land vil pressa lønene ned og føra til hard internasjonal konkurranse og vanskar for mange norske verksemder og bransjar. Også i komande periode vil derfor tryggleik for arbeid og inntekt vera hovudoppgåva for Arbeidarpartiets økonomiske politikk. Arbeidarpartiet vil ikkje godta å bruka arbeidsløyse som eit middel til å halda prisane nede, men kjempa mot all arbeidsløyse.
ARBEIDARPARTIET VIL:
· Utforminga av budsjett, skatteopplegg, inntekts- og kredittpolitikk skal ta sikte på full sysselsetting. Dersom det blir behov for det, må styremaktene vera budde på å gjera endringar på stutt varsel.
· Inntektspolitikken må leggjast opp i nært samarbeid med fagrørsla. Når situasjonen krev det og organisasjonane i arbeidslivet ønskjer det, bør skattelette og andre statlege tiltak kombinerast med lønstillegg for å avgrensa auken i prisar og kostnader. Ved kombinerte inntektsoppgjer må alle inntektsformer underordnast eit heilskapssyn.
· Eit vidare høgt investeringsnivå i næringslivet. Arbeidsplassane må sikrast ved bruk av tidsmessig utstyr og høg produktivitet.
· Styremaktene må gjennom serlege tiltak føra ein aktiv politikk for å halda oppe arbeidsplassane. Tenlege lån til investeringar i framtidsprosjekt.
· Statsbankane må framleis spela ei hovudrolle i den økonomiske politikken og gje kreditt til viktige foremål og vanskelegstilte distrikt.
STØRRE LIKSKAP I FORDELINGA
For Arbeidarpartiet er det ei hovudsak å forsvara og føra vidare prinsippa i solidaritetssamfunnet. Partiet vil føra ein politikk som set samfunnsorgana i stand til å løysa dei viktige fellesoppgåvene. Føresetnaden er då eit høgt fellesforbruk som gjer det mogleg å overføra midlar frå dei som har mykje til dei som har lite. Skattesystemet må utformast slik at det blir reell likskap i vurderinga av inntektene til lønstakarane og næringsdrivande. Hovudoppgåva er å skape større likskap i inntektene og auka rettferd i skattlegginga.
ARBEIDARPARTIET VIL:
· Saman med fagrørsla leggja opp til ein inntektspolitikk der dei med reelt låge inntekter får relativt større tillegg enn dei med høgare inntekter. Ingen vokster for dei høgaste inntektene.
· Dei ekstra inntektene som oljen skaper bør i første rekkje brukast til å byggja opp varige verdiar. Det er ei serleg viktig oppgåve å sikra og styrkja eksisterande arbeidsplassar og å byggja ut nye. Andre serleg viktige område er miljøtiltak i lokalsamfunnet, på arbeidsplassane, i helsestellet, samferdselstiltak som vegar, bruer og ein betre utbygd kollektivtransport.
· Trygda med minstepensjon og andre grupper som heng etter i velstandsutviklinga, må få betra sine levekår. Det må gjenomførast ei opptrapping av ytingane i folketrygda for dei trygda som har minstepensjon.
· Lønstakargruppene må sikrast ein rimeleg del av produksjonsvoksteren.
· Voksteren i det private forbruk bør vera moderat, men samtidig mest mogleg stabil.
· Verksemda i stat og kommune må haldast oppe på eit høgt nivå og byggjast vidare ut med betre servicetilbod. Fleire oppgaver må førast ut frå sentrale styremakter til lokalsamfunnet. Det må satsast på forenkling og rasjonalisering for å sikre at offentlege midlar blir effektivt brukte.
· I personleg eigde verksemder må inntektene ved skattlegging delast slik opp at verksemdene sin del vert skattlagd for seg, og eigarens inntekt vert skattlagt som for lønstakarar.
· Gjennomføring av eit omfatande program for å avgrensa skatteunndraging. Kontrollapparatet blir bygt ut, og straffene skjerpest. Samtidig er det nødvendig med ei enklare sakshandsaming i skattesaker for vanlege lønnstakarar.
ØKONOMISK DEMOKRATI OG EIGEDOMSRETT
Arbeidarpartiets politikk har gjeve einskildmennesket større høve til val gjennom auka eigedomsrett til bustad, hytte, gardsbruk, fiskebåt og anna eigedom. Denne politikken vil partiet føra vidare. Det må likevel trekkjast eit klårt skilje mellom den eigedoms-retten som gjev auka valfridom for den einskilde og den eigedomsretten som gjev makt over andre. Det er turvande å hindra at små grupper gjennom den private eigedomsrett skal avgjera økonomiske spørsmål med verknader for samfunnet og mange menneske. Uturvande maktkonsentrasjon må unngåast, også i den offentlige sektoren.
Arbeidarpartiet vil byggja vidare på eit økonomisk system der bedriftene er sjølvstendige einingar og der forbrukarane fritt kan velja mellom varer og tenester. Men samfunnet må trekkja opp klåre rammer og sørgja for eit meir demokratisk styre i den einskilde verksemd, slik at det blir mogleg for dei som avgjerdene gjeld, reelt å få noko å seia.
ARBEIDARPARTIET VIL:
· Som ein lekk i arbeidet med demokratisering og desentralisering halda fram med arbeidet med å føra ut frå sentrale styremakter oppgåver som kan løysast på fylkes- og kommuneplanet.
· Bedriftsdemokratiet blir bygt vidare ut, og lokalsamfunnet sikrast større innverknad på næringsutviklinga.
· Sikra gjennomføring av demokratiseringa av forretningsbankane, slik at Storting og fylkesting veljer fleirtalet i representantskapa.
· Spørsmålet om ein statleg forretningsbank vert vurdert i lys av røynslene med demokratiseringa av forretningsbankane.
· Private finansierings- og investeringsselskap vert underlagde samfunnskontroll.
· Utreiding av framtida for forsikringsbransjen, med auka vekt på samarbeid mellom forsikringsselskap, offentlege institusjonar og folkeorganisasjonane. Modernisering av forsikringslovgjevinga, m.a. ved å sikra auka bedriftsdemokrati og styrkt samfunnsmessig styring av forsikringsselskapa.
NOREG OG VERDA
Arbeidarpartiet ønskjer gjennom sin internasjonale politikk å medverka til ei verd med fridom, sosial rettferd og fred for alle folk. Klåre siktemål er å sikra utviklingslanda og menneska der sjølvstende, rettferdig handsaming og betre levekår.
Eit utvikla samarbeid mellom stormaktene har avgjerande mykje å seia for fred og tryggleik i verda. Men stormaktene skal ikkje dominera dei små og mellomstore land. Desse landa har ei sjølvstendig rolle å spela. Det er i deira interesse å styrkja FN's avgjerdsmakt.
Noregs naturressursar på kontinentalsokkelen, våre interesser i nordlege havområde, vår sterke økonomiske stilling og krava frå den tredje verda om ei ny økonomisk verdsordning gjer det vidare nødvendig for Noreg å føra ein handlekraftig og truverdig utanrikspolitikk.
NY ØKONOMISK VERDSORDNING
Utjamning av skilje mellom rike og fattige land i verda er ei hovudoppgåve i Arbeidarpartiets internasjonale politikk. Styrkt sjølvkjensle og solidaritet mellom utviklingslanda kjem til uttrykk i kravet om ei ny økonomisk verdsordning. Utviklingslanda må sikrast meir rettferdige og stabile prisar for varene sine, nasjonal styring over utnytting og fordeling av eigne ressursar og eit internasjonalt økonomisk system som tryggjer deira interesser. Det er turvande med eit samarbeid mellom dei industrialiserte land for å sikra kontroll over den internasjonale økonomi etter arbeidarrørsla si målsetting om arbeid og inntekt for alle.
ARBEIDARPARTIET VIL:
· Stø krava frå utviklingslanda om ny økonomisk verdsordning gjennom Noregs engasjement i internasjonale organisasjonar og gjennom vår eigen økonomiske politikk.
· Mishøvet mellom folkevokster og matproduksjon må reduserast gjennom planmessig innsats.
· Kontroll med internasjonale storkonsern. Gjennom avtalar mellom interesserte land må det førast ein felles politikk overfor slike selskap. Dei fagorganiserter si stilling i internasjonale konsern må styrkjast.
· Oppnå kontroll og styring med internasjonalerkapitalkrefter, økonomi og pengetilhøve gjennom styrkt og utvikla internasjonal planøkonomi. Den økonomiske politikken i landa må samordnast med sikte på å sikra full sysselsetting og rettferdig inntektsfordeling.
· Dei internasjonale havområda utafor dei nasjonale soner må vera felles gode for alle land og inntektene fordelast i samsvar med det. Aktiv innsats for å sikra mineralske og levande ressursar i havet.
SAMARBEID MED UTVIKLINGSLANDA
Noregs samkvem med utviklingslanda må byggjast vidare ut. Dei einskilde
tiltak må vurderast ut frå kva som tener dei breide folkegrupper i det
einskilde utviklingsland. Noregs samarbeid med utviklingslanda skal ha
som utgangspunkt at makt- og inntektsfordeling i desse landa skal endrast
til fordel for dei grupper som i dag er veikast og fattigast. Ein aukande del av
Noregs samla inntekter må gå til utviklingslanda.
I BISTANDSPOLITIKKEN VIL ARBEIDARPARTIET:
· Auka utviklingshjelpa. Hjelpa skal vera ubunden og spesielt gå til dei land som fører ein utviklingsfremjande politikk, er mellom dei fattigaste i verda, eller er i ei vanskeleg stilling på grunn av geografiske, politiske eller andre tilhøve.
· Utviklingshjelpa skal så langt råd er, fremja sosial likestilling. Det må leggjast serleg vekt på kvinnenes situasjon.
· Auka støtte må gjevast til rørsler i utviklingsland som strir for demokrati, nasjonal og sosial frigjering.
I HANDELSPOLITIKKEN VIL ARBEIDARPARTIET:
· Større tilgjenge for utviklingslanda til den norske marknaden for sine ferdigvarer og halvfabrikata. Dei overgangsproblem dette kan skapa for norsk industri og norske arbeidstakarar må møtast med aktiv innsats og stønad frå styremaktene og ikkje leggjast på einskilde grupper.
· Utforma klåre retningsliner for tilhøvet mellom utviklingshjelp og vanleg handelsmessig og økonomisk samband.
· Stilla som krav til private investeringar at dei byggjer på eit samarbeid som aukar foredlingsevna i vedkomande utviklingsland, sikrar sysselsettinga på eit høgare nivå, og at storparten av overskotet blir reinvestert. Det må opnast for full nasjonal råderett over verksemda etter ei viss tid.
· Medverka til å styrkja utviklingslanda si stilling i internasjonale økonomiske organisasjonar.
· Vidarerutvikling av samarbeidet med dei nordiske land og andre industriland for å skapa breidare oppslutnad om utviklingsfremjande internasjonal økonomisk politikk.
EIN POLITIKK FOR TRYGGLEIK OG FRED
Det grunnleggjande mål for tryggingspolitikken er å førebyggja krig og å sikra Noregs rett til å forma si eigen samfunnsutvikling. Konferansen for tryggleik og samarbeid i Europa representer eit steg i rett leid. Enno eksisterer det likevel ikkje nokon tilfredsstillande internasjonal rettsorden som kan garantera dei einskilde nasjonar fred og tryggleik. Det må vera Noregs mål å nå fram til eit verdsomspennande tryggingssystem som er fritt for militære blokkdaningar og trugsmål fra masseøydeleggingsvåpen.
I den aktuelle situasjon må Noreg følgja to hovudliner i sin tryggingspolitikk. Det må arbeidast aktivt for avspenning, nedrusting og styrking av internasjonalt samarbeid. Det må førast ein tryggingspolitikk som ikkje på noko hald gjev grunnlag for uro, utryggleik og auka spenning.
ARBEIDARPARTIET VIL:
· Gjennom vidare aktivt medlemskap i NATO skal Noreg sikra nasjonal tryggleik og sjølvstende.
· Noregs basepolitikk, atompolitikk og dei avgrensingar som blir nytta for allierte fellesøvingar, skal oppretthaldast, slik det er fastlagt av Regjering og Storting.
· Noreg må medverka til å setja Helsingforsavtalens prinsipp ut i praktisk politikk ved å ta del i aktivt arbeid for avspenning og samarbeid, rustningskontroll og gjensidig reduksjon av rustningane. Det må stillast som krav at prinsippa i avtalen blir etterlevde i alle land som har underteikna han.
· Gjennom samarbeidet i NATO bør Noreg arbeida for at konferansen om gjensidige styrkereduksjonar i Sentral-Europa kan føra til reell militær nedtrapping og samtidig søkja å ivareta spesielle norske tryggingsinteresser.
· Noreg må søkja samarbeid med andre land for å aktivisera FN's arbeid med rustningskontroll og nedrusting, m.a. gjennom ein eigen FN-sesjon for nedrusting.
· Noreg må halda fram i samarbeidet om nordisk innsats for FN's fredsbevarande verksemd.
Forsvarspolitikken står framfor ei vidare utforming. Langtidsplanarbeidet i Forsvaret må styrkjast.
ARBEIDARPARTIET VIL:
· Forsvarskommisjonens tilråding vert gjeven brei handsaming. Utreidingsarbeidet skal tena som eit nyttig grunnlag for forsvars- og tryggingspolitikken når den noverande langtidsplan for Forsvaret går ut i 1978.
· Demokratiseringsprosessen i Forsvaret vert ført vidare. Vekt blir lagt på effektiv utnytting av tenestetida og på eit meiningsfylt innhald i tenesta. Samarbeidsutvala og tillitsmannssystemet må styrkjast med sikte på at dei vernepliktige skal få meir å seia.
· Økonomien og velferdstilboda for dei vernepliktige betrast. Vernepliktige og sivilabeidarar må i fritida sikrast rett til å driva politisk verksemd og anna organisasjonsarbeid. Forsøksordningane som er utarbeidde blir gjennomførde somreinrlekkrirdette.
· Som lekk i Forsvarets personalpolitikk må det vera god kontakt med organisasjonane for dei som har sitt yrke i Forsvaret.
· Forsvarsverksemda må i fredstid tilpassast, slik at ho mest mogleg også tener det sivile samfunnet.
TRYGGING AV MENNESKERETTANE
Trygging av menneskerettane er eit nødvendig grunnlag i kampen for fridom, sosial rettferd og fred. Det må reagerast aktivt mot overgrep og brott på menneskerettane. Internasjonale rettsreglar under konfliktar må respekterast. Arbeid for sjølvråderetten åt folka, rett til arbeid og inntekt, utdanning og kulturgode, er i samsvar med eit utvida menneskerettsomgrep.
ARBEIDARPARTIET VIL:
· Noreg må i internasjonale organisasjonar arbeida aktivt for alle sider ved menneskerettane.
· Kjempa mot haldningar i Noreg som diskriminerer folkegrupper som etnisk, religiøst eller kulturelt har ein annan bakgrunn enn nordmenn flest.
· Vidare norsk stønad til utbygginga av eit internasjonalt apparat som kan medverka til at menneskerettane vert etterlevde. Arbeid for ein FN's Høgkommisær for menneskerettane.
· Noreg må innafor NATO ta avstand frå og motarbeida alle tendensar frå medlemslands side til å oppretthalda eller utbyggja militær kontakt med land som systematisk bryt menneskerettane. Serleg må eit kvart tiltak som kan stø rasistregimet i Sør-Afrika hindrast.
· Noreg må arbeida for at alle land som har godkjent Helsingfors-avtalen oppfyller pliktene til å arbeida for likeverdige rettar og sjølvråderett for folka. Internasjonale avtalar om samarbeid mellom Vest- og Aust-Europa må følgjast aktivt opp.
· Støtte til Amnesty International og tilsvarande organisasjoner i striden for menneskerettane.
INTERNASJONALE ORGANISASJONAR
Tilfredsstillande løysingar på grunnleggjande problem i verda kan berre finnast gjennom breidt internasjonalt samarbeid. Det har avgjerande mykje å seia at det organisatoriske samarbeidet i verda blir styrkt. At Noreg tar del i slike organisasjonar er derfor ein viktig del av norsk utanrikspolitikk.
Norsk deltaking i FN og FN's særorganisasjonar er ein lekk i arbeidet med å byggja ut eit internasjonalt samfunn. Saman med andre land må Noreg styrkja finansieringa av FN-verksemda og FN's evne til å løysa konfliktar.
Det internasjonale samarbeidet på energisektoren blir stendig viktigare. Noreg har avtaler om assosiert tilknyting til Det Internasjonale Energibyrået, IEA. Gjennom denne tilknytningsform blir den nasjonale styring i olje- og energipolitikken oppretthalden. Innafor avtalen er Noreg serleg interessert i eit samarbeid om forsking, energisparing og utvikling av alternative energikjelder. Som oljeeksportør må Noreg byggja ut kontaktane til Organisasjonen for oljeeksporterande land, OPEC.
Gruppa av utviklingsland speler ei stendig større rolle i internasjonal samanheng. Noreg må byggja ut kontakten med desse landa.
For betre å møte dei mange internasjonale samarbeidsoppgåver og styrkja kontakten med dei store folkegrupper og deira organisasjonar i andre land må utarikstenesta styrkjast. Det er nødvendig å sikra ei breidare rekruttering til utanrikstenesta. Kvinnenes stilling og vilkår innafor tenesta blir styrkt.
EUROPEISK SAMARBEID
Samarbeidsoppgåvene i Vest-Europa er viktige i samband med sikring av sysselsetjinga og utforming av samfunnsutviklinga i vår del av verda. Det store frihandelsområdet som no omfattar alle EFTA- og EF-land har skapt eit auka behov for kontakt og konsultasjonar mellom EFTA og EF-landa.
Noregs tilhøve til EF skal framleis baserast på ein handelsavtale. Dei sterke økonomiske tilknytingar til EF-landa og andre vesteuropeiske land tilseier eit nært samarbeid både tosidig mellom Noreg og einskilland og i internasjonale organisasjonar.
ARBEIDARPARTIET VIL:
· Gå inn for eit betre samarbeid mellom landa i Vest-Europa med sikte på auka samfunnsstyring i økonomien, betre kontroll med fleirnasjonale selskap, løysing av viktige miljøproblem og ei positiv haldning overfor utviklingslanda.
· Noregs handel og økonomiske, tekniske og kulturelle samarbeid med aust-europeiske land må byggjast vidare ut.
NORDEN
Det nordiske samarbeidet er bygt sterkt ut på ei rekkje område gjennom samarbeidet mellom dei nordiske regjeringane og i Nordisk Råd.
ARBEIDARPARTIET VIL:
· Et forpliktande samarbeid mellom dei nordiske land må utviklast vidare gjennom Nordisk Råd, rådets ymse organ og arbeidarrørsla sitt eige nordiske samarbeid.
· Norden må i fellesskap arbeida for ein internasjonal økonomisk politikk som har full sysselsetjing som sitt fremste mål.
· Det nordiske industri- og energisamarbeidet må byggjast vidare ut.
· Norden må samarbeida om sams haldningar i arbeidet for fridom og rettferd for mennesker over heile verda. Serleg vekt på kampen mot rasisme og undertrykking i det sørlige Afrika.
SAMARBEID MED MEININGSFRENDAR
Føresetnaden for fridom, sosial rettferd og fred er breidt samarbeid mellom demokratisk-sosialistiske og progressive parti i Europa og andre delar av verda. Fagrørsla har skapt nyttige samarbeidsorgan som Nordens Faglege Samorganisasjon og Den Europeiske Faglege Samarbeidsorganisasjon. På same måte som i vårt eige land vil det faglig/politiske samarbeidet også internasjonalt vera ein føresetnad for ein verknadsfull innsats. Det ligg eit spesielt ansvar i å styrkja og stø framvoksteren av demokratiet og ei progressiv utvikling i land som Portugal, Spania, Hellas og Tyrkia. Det vil bli lagt stor vekt på samarbeid med den demokratiske arbeidarrørsla i desse landa.
ARBEIDARPARTIET VIL:
· Arbeida for eit effektivt organisert samarbeid mellom sosialistpartia i Europa og mellom desse og Den Europeiske Faglege Samorganisasjon.
· Den Sosialistiske Internasjonale må styrkjast som eit samarbeidsforum for demokratisk sosialistiske parti og progressive politiske rørsler i alle verdsdelar.
Kilde: Sikt – Kunnskapssektorens tjenesteleverandør. (u.å.). Polsys, Partidokumentarkivet, dokument 10051. Hentet 9. oktober 2026, fra polsys.sikt.no. Tilrettelagt av Bernt Aardal og Hege Skeie, senere oppdatert av Sikt. Teksten er hentet automatisk fra originalfilen og kan ha feil i avsnittsdeling og overskrifter.