Endring i forskrift om godtgjersle til folkevalde
Innstilling
Forslaget til vedtak. Portalen publiserer ikke det endelige vedtaket for seg – se voteringene nedenfor for hva som ble vedtatt.
Kommunestyret vedtek endringar i Forskrift om godtgjersle til folkevalde i Åseral kommune 2023– 2027, slik at godtgjersla for ungdomsrådet blir fastsett på nivå med tilsvarande folkevalde verv, i tråd med dei framlagde forslaga. Den samla godtgjersla for leiing av ungdomsrådet skal fordelast mellom leiar og nestleiar i tråd med ansvarsdeling. Rolle- og ansvarsfordelinga skal vurderast og eventuelt reviderast i tråd med ei slik organisering. Kommunedirektøren si innstilling:
Ungdomsrådet vedtek å tilrå at kommunestyret gjer følgjande vedtak:
Kommunestyret vedtek endringar i Forskrift om godtgjersle til folkevalde i Åseral kommune 2023– 2027, slik at godtgjersla for ungdomsrådet blir fastsett på nivå med tilsvarande folkevalde verv, i tråd med dei framlagde forslaga.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Kommunedirektøren si innstilling vart samrøystes vedteken, med følgjande tillegg og presiseringar frå ungdomsrådet:
Ungdomsrådet støttar kommunedirektøren sitt forslag om å fastsetje godtgjersla for ungdomsrådet på nivå med tilsvarande folkevalde verv. Samstundes presiserer ungdomsrådet at den samla godtgjersla for leiing av ungdomsrådet bør fordelast mellom leiar og nestleiar i tråd med ansvarsdeling, då ein ønskjer ei meir aktiv og delt leiing av rådet. Vidare legg ungdomsrådet til grunn at rolle- og ansvarsfordelinga blir vurdert og eventuelt revidert i tråd med ei slik organisering. Endringane er i tråd med kommuneplanen sitt mål om reell medverknad, ved å styrke kapasitet og kontinuitet i ungdomsrådet sitt arbeid. Ungdomsrådet er ein sentral arena for demokratisk medverknad for ungdom som ikkje har stemmerett ved val.
Voteringer
- Kommunedirektøren si innstilling vartVedtatt
Enstemmig vedtatt
Dokumenter
Flere saker fra samme møte
Kommunestyret 18. juni 2026.
- 35/26Delegering av mynde - korrigering 2026
- 34/26Revisjon Etiske retningslinjer
- 33/26Plan for spredte avløp - endring i kommunestyret sitt vedtak 05.02.2026 - sak 1/26
- 32/26DDV IKS – Utviding med Lund og Sirdal og endring av selskapsavtale
- 31/26Revidering av forskrift om vass- og avløpsgebyr i Åseral kommune - endeleg godkjenning
- 30/26Plan for helsemessig og sosial beredskap 2026 - 2030
- 29/26Etablering av kommunal ordning for støtte til arrangement
- 28/26Søknad om tilskot til Protestfestivalen - Prolog 2026
Siste saker i kommunestyret
- 4. nov. 2026Samarbeid om tilsyn med spreidde avløpsanlegg
- 4. nov. 2026Delegering av mynde - konsesjonslova §9A
- 15. okt. 2026Budsjettkontroll 2. tertial 2026
- 15. okt. 2026Søndagsopne butikkar - vurdering av Åseral som typisk turiststad
- 15. okt. 2026Eigarskapsmelding 2026
- 15. okt. 2026Delegering av mynde - konsesjonslova §9A
Kilde: kommunens møteportal (Tieto Public 360 (OpenGov)), saken hos kommunen ↗, hentet 22. november 2026. Navn med lenke har profil her.