Hopp til innhold
Søndag 22. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


Kommunene · Åseral · Saker

Revisjon Etiske retningslinjer

Sak 34/26 · Kommunestyret 18. juni 2026 · Behandlet

Innstilling

Forslaget til vedtak. Portalen publiserer ikke det endelige vedtaket for seg – se voteringene nedenfor for hva som ble vedtatt.

Saka vert utsett. Kommunedirektøren vert beden om å planleggje ein arbeidsverkstad tidleg hausten 2026. Dei folkevalde vert bedne om å kome med innspel til arbeidsverkstaden innan 15.08.2026. Saka vert lagt fram på nytt etter gjennomført arbeidsverkstad.

Kommunedirektøren si innstilling:

• Kommunestyret vedtek dei reviderte etiske retningslinjene for Åseral kommune.

• Retningslinjene skal implementerast gjennom opplæring, refleksjonsøkter og gjennomgang i relevante organ.

Behandling i møtet

Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.

Framlegg:

Krf og Sp:

Saka vert utsett. Kommunedirektøren vert beden om å planleggje ein arbeidsverkstad tidleg hausten 2026. Dei folkevalde vert bedne om å kome med innspel til arbeidsverkstaden innan 15.08.2026. Saka vert lagt fram på nytt etter gjennomført arbeidsverkstad.

Ordførar Inger Lise Lund Stulien (Ap):

Saka vert utsett. Før den politiske handsaminga skal det gjennomførast eit arbeidsverkstad om etiske retningslinjer i forkant av kommunestyremøtet 10.09.2026.

Kommunestyret ber om at revidert forslag til etiske retningslinjer vert lagt fram for politisk handsaming i kommunestyret hausten 2026.

Kommunestyret meiner at dei etiske retningslinene i større grad skal:

• Bygge på og ta omsyn til KS sine råd og tilrådingar for etiske retningslinjer i kommunesektoren. (Eksempel nedanfor).

• Starte med vårt felles ansvar for ei forsvarleg og effektiv forvaltning av fellesskapen sine midlar.

• Ha eigne punkt om openheit og innsyn i forvaltninga

• Ta omsyn til rolla, ansvaret og dei folkevalde har i det demokratiske styringssystemet. «Dei folkevalde skal ta avgjerder på eit godt opplyst grunnlag, der fakta og faglege råd frå administrasjonen er viktig, men og legge vekt på verdiar, prioriteringar og skjønn i tråd med lokaldemokratiet. Døme:

ETISKE RETNINGSLINJER for Åseral kommune For folkevalde og tilsette Vedteke av kommunestyret: ___________ Skal reviderast: Kvart 4. år, eller etter behov

1. Innleiing Åseral kommune forvaltar fellesskapet sine ressursar og tenester på vegne av innbyggjarane. Folkevalde og tilsette har derfor eit særleg ansvar for å opptre med integritet, openheit og respekt i alt dei gjer. Retningslinjene er ikkje ein fasit for alle situasjonar, men eit verktøy for refleksjon og rettleiing. God etikk krev skjønn – og ein kultur der det er trygt å spørje og diskutere.

2. Felles retningslinjer for folkevalde og tilsette

2.1 Respekt og god åtferd Alle som representerer Åseral kommune skal møte innbyggjarar, kollegaer og samarbeidspartnarar med høflegheit og respekt. Vi lyttar aktivt, svarer sakleg og bidreg til ei god og tillitskapande tone.

• Vi behandlar alle likt og utan diskriminering.

• Vi tek avstand frå trakassering, mobbing og nedsetjande åtferd.

• Vi opptrer ryddig og profesjonelt, også utanfor arbeidstid, når vi er synlege som representantar for kommunen.

2.2 Openheit og tillit Tillit er grunnlaget for lokaldemokratiet. Vi bidreg til at Åseral kommune er open og gjennomsiktig i si verksemd, ut over det lover og reglar krev.

• Vi er ærlege og opne om grunngjevingane for avgjerslene våre.

• Vi brukar ikkje tilgang til ikkje-offentleg informasjon til eigen fordel.

• Vi opptrer slik at innbyggjarane kan ha tillit til at avgjersler vert tekne på sakleg grunnlag.

2.3 Habilitet og interessekonfliktar Habilitet handlar om at avgjerder skal vere frie frå eigeninteresse. Reglane for habilitet følgjer av kommunelova § 11-10 og forvaltningslova §§ 6–10. Tilsette og folkevalde skal sjølve vurdere om dei er inhabile, og melde frå i god tid:

• Tilsette melder frå til nærmaste leiar, som avgjer vidare saksgang.

• Folkevalde melder frå til møteleiar, og det er det aktuelle organet som gjer formelt habilitetsvedtak. I tvilstilfelle er det betre å melde frå enn å late vere. Registrering av styreverv og økonomiske interesser i Styrevervregisteret vert tilrådd.

2.4 Gåver og andre fordelar Folkevalde og tilsette skal ikkje ta imot eller gi gåver, rabattar, tenester eller andre fordelar som er eigna til å påverke – eller kan gi inntrykk av å påverke – avgjerder, saksførebuing eller tenesteutøving. Små gåver av liten verdi, som til dømes blomar eller enkle reklameartiklar, kan likevel vere greitt å ta imot.

• Tilsette ved tvil tek ein kontakt med leiar

• Folkevalde ved tvil tek ein kontakt med ordførar. 2.5 Reiser og representasjon Reise-, opphalds- og kurskostnader i fagleg samanheng skal dekkast av kommunen, staten, KS, fagforeining eller eige politisk parti.

• Tilsette: Unntak skal godkjennast av kommunedirektøren på førehand.

• Folkevalde: Reiser finansiert av andre enn nemnde kjelder skal orienterast til ordførar på førehand. Ordførar orienterer formannskapet. Slike reiser vert protokollerte og er offentlege.

• Fritidsreiser betalt av bedrifter eller organisasjonar kommunen har kontakt med, er ikkje tillate.

2.6 Korrupsjonsførebygging og forretningsskikk Åseral kommune har nulltoleranse for korrupsjon og misbruk av stilling. Vi er medvitne grensa mot kameraderi, smøring og korrupsjon i all kontakt med leverandørar og samarbeidspartnarar.

• Vi deltek ikkje i reklamesamanheng for leverandørar som kommunen har avtale med.

• Kommunens marknadsstilling skal ikkje utnyttast til privat bruk.

• Innkjøp skal fylgje kommunens innkjøpsreglar og krava om konkurranse og likebehandling.

2.7 Varsling om kritikkverdige forhold Alle folkevalde og tilsette oppfordrast til å varsle om kritikkverdige eller uetiske forhold. Det skal vere trygt å seie frå. Varslingskanalar:

1. Nærmaste leiar (hovudregel for tilsette)

2. Kommunedirektøren – dersom varselet gjeld næraste leiar

3. Kontrollutvalet – dersom varselet gjeld leiarnivå eller folkevalde

4. Ekstern kanal – varslingsteneste eller Arbeidstilsynet For folkevalde: Varsel mot folkevalde rettast til respektivt parti/organisasjon, eller til ordførar for uavhengige representantar. Gjengjelding mot den som varslar i samsvar med arbeidsmiljølova § 2A er strengt forbode. Sjå eigne rutinar for varsling (vedlegg).

2.8 Sosiale medium og offentleg kommunikasjon Vi opptrer med varsemd og godt skjønn i sosiale medium og offentleg kommunikasjon. Vi spreier ikkje feil eller misvisande informasjon om kommunen.

• Taushetsbelagd eller sensitiv informasjon skal aldri delast i sosiale medium.

• Digitale kommunikasjonsverktøy skal ikkje brukast til nedlasting av ulovleg materiale.

3. Særskilte retningslinjer for folkevalde

3.1 Demokratisk ansvar og openheit Folkevalde representerer alle innbyggjarane i Åseral. Avgjerder skal takast til det beste for fellesskapet – ikkje for eigne eller nærståande sine interesser.

• Ver open om kvifor du stemmer som du gjer.

• Lytt til innbyggjarane før du tek avgjersle, og svar på førespurnader.

• Du har vid ytringsfridom som folkevald. Demokratisk kritikk av kommunen er ikkje illojal åtferd.

3.2 Rolla som folkevald – grenser og ansvar Folkevalde styrer på overordna nivå ved å setje rammer, prioritere og vedta. Administrasjonen gjennomfører og forvaltar. Desse rollene skal haldast åtskilde.

• Du skal ikkje instruere enkeltmedarbeidarar i administrasjonen direkte.

• Du har full rett til å stille spørsmål til administrasjonen og krevje innsyn innanfor reglane.

• Du skal ikkje be om at eiga sak vert prioritert eller handtert annleis enn andre. 3.3 Bruk av vervet Folkevalde skal ikkje bruke vervet til å skaffe seg sjølv, familie eller nærståande fordelar.

• Du skal ikkje be om tilgang til informasjon som ikkje er open for alle.

• Du skal ikkje drive lobbyverksemd mot folkevalde organ i saker der du har personleg økonomisk interesse.

• Du skal ikkje utføre betalte oppdrag med føremål å påverke andre folkevalde.

3.4 Avgjerdsgrunnlag Folkevalde skal setje seg inn i saksgrunnlaget og ta avgjerder basert på fakta og faglege råd frå administrasjonen. Det er likevel folkevalde sin rett og plikt å gjere politiske prioriteringar.

4. Særskilte retningslinjer for tilsette

4.1 Fagleg og rettferdig tenesteutøving Tilsette skal utføre arbeidet fagleg forsvarleg og likebehandla alle innbyggjarar og brukarar. Personlege meiningar og eigainteresser skal ikkje påverke tenesteutøvinga.

• Vurder saker ut frå fakta og gjeldande reglar.

• Gi same gode teneste til alle, uavhengig av kven dei er.

4.2 Kunnskap om regelverk Tilsette skal kjenne til og fylgje lover, forskrifter og kommunens eigne rutinar. Leiar har ansvar for at tilsette har nødvendig opplæring.

• Spør leiar dersom du er usikker på kva reglar som gjeld.

• Meld frå dersom du oppdagar rutinar som ikkje vert fylgt.

4.3 Oppfylging av politiske vedtak Tilsette skal setje i verk politiske vedtak slik dei er fatta, også når ein sjølv er ueinig. Fagleg ueinigheit kan formidlast til leiar gjennom tenestevegen – ikkje ved å la vere å gjennomføre vedtaket.

4.4 Interessekonfliktar Tilsette skal ikkje delta i handsaming av saker der dei har personleg, familiær eller økonomisk interesse. Rollesamanblanding mellom profesjonell og privat rolle skal unngåast aktivt.

• Meld frå til leiar om mogleg inhabilitet i god tid.

• Ikkje bruk informasjon frå jobben til å skaffe deg sjølv eller andre fordelar.

4.5 Ekstra arbeid og biverv Tilsette kan ikkje ta på seg løna arbeid utanfor kommunen eller starte eiga verksemd utan å avklare dette med nærmaste leiar. Ekstra arbeid må ikkje påverke innsatsen i kommunen.

• Avklar alltid med leiar før du startar ekstraarbeid eller eiga verksemd.

• Dobbel lønn for same tidsrom er ikkje tillate.

5. Ytringsfridom og lojalitet for tilsette

5.1 Retten til å ytre seg Tilsette har grunnlovsfesta ytringsfridom (Grunnlova § 100) og kan delta i samfunnsdebatten, òg om kommunale tenester og politiske vedtak. Når du ytrar deg offentleg, gjer du det som privatperson – ikkje som talsperson for kommunen.

• Ver sakleg og respektfull, og gjer det tydeleg at det er dine eigne meiningar.

• Du skal ikkje gi inntrykk av at du uttalar deg på vegner av kommunen. 5.2 Grenser for ytringsfridom – illojal åtferd Kommunen har høg toleranse for sakleg kritikk. Grensa går ved handlingar som kan skade kommunen, kollegaer eller innbyggjarar:

• Ikkje spre feil eller misvisande informasjon om kommunen.

• Ikkje kritiser kollegaer på ein ufin eller trakasserande måte.

• Ikkje del teiepliktsbelagd informasjon. Tilsette skal ikkje møtast med sanksjonar for å ytre seg som innbyggjarar, så lenge det skjer innanfor ramma av lojalitet og respekt.

6. Andre retningslinjer for tilsette

6.1 Bruk av kommunalt utstyr Kommunalt utstyr skal som hovudregel berre nyttast i tenesta. Einingsleiar kan godkjenne privat bruk i særskilte tilfelle. Slikt utlån skal registrerast, og brukaren er ansvarleg for kostnader og eventuelle skadar.

6.2 Kurs, foredrag og løna oppdrag i arbeidstida Tilsette som tek imot godtgjering frå utanforståande for kurs eller foredrag i ordinær arbeidstid, skal avklare dette med leiar. Dobbel lønn for same tidsrom er ikkje tillate.

7. Forankring og etikkarbeid

Etiske retningslinjer har best effekt når dei er levande – ikkje berre eit dokument i ei skuff. KS tilrår at kommunar set av tid til etisk refleksjon og dilemmatrening.

• Leiarar har ansvar for at retningslinjene er kjende og vert brukte i eiga eining.

• Nyilsette skal gjennomgå retningslinjene som del av introduksjonsprogrammet.

• Etiske dilemma bør drøftast jamleg i team og avdelingar.

• Retningslinjene skal reviderast kvart 4. år, eller tidlegare dersom det er behov for det. Kommunestyret vedtek revisjonen.

Vedlegg

• Rutinar for å melde avvik

• Rutinar for varsling (inkl. eksterne kanalar)

• Retningslinjer for leige eller lån av kommunalt materiell

• Styrevervregisteret – rettleiing for folkevalde

• Habilitetsreglane – utdrag frå kommunelova og forvaltningslova

Kjelder og grunnlag KS – Rammeverk for etiske retningslinjer (ks.no) · Kommunelova · Forvaltningslova · Arbeidsmiljølova · Grunnlova § 100 · Praksis frå Trondheim, Ringsaker, Stange, Haugesund og Folldal kommunar.

Ingen røysta for kommunedirektøren si innstilling. Framlegg frå Sp og Krf vart vedteke med 4 røyster (O. Ljosland, J. Stangvik, R. Byremo og T.O. Abusland). Framlegg frå ordførar Inger Lise Lund Stulien (Ap) fekk 3 røyster (I.L.L. Stulien,

B. Haugstad og N.S. Sannes).

Dokumenter

Flere saker fra samme møte

Kommunestyret 18. juni 2026.

Siste saker i kommunestyret

Alle saker i kommunestyret → · Folkevalgte i Åseral →

Kilde: kommunens møteportal (Tieto Public 360 (OpenGov)), saken hos kommunen ↗, hentet 22. november 2026. Navn med lenke har profil her.