Hopp til innhold
Søndag 22. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


Kommunene · Aukra · Saker

Molde og Romsdal havn IKS - Godkjenning av ny selskapsavtale

Sak 65/26 · Kommunestyret 10. september 2026 · Behandlet

Vedtak

Det vart ikkje votert over saka

Helge Kjøll Elisabeth Eikrem Førde Gisle Johan Dahle Breivik

Protokollunderskriver Protokollunderskriver Protokollunderskriver

Behandling i møtet

Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.

Tilrådinga frå kommunedirektøren Interpellasjon vart tatt ført PS-66/26

Kommunestyrerepresentant Kjetil Ilestad (SP) har sendt inn ein interpellasjon som vart sendt ut saman med møteinnkallinga. Ordførar Helge Kjøll jr. (KRF) svarte på interpellasjonen frå Kjetil Ilestad (SP):

Svar på interpellasjon Aukra kommune vil takke interpellanten for å løfte fram eit viktig tema. Vi er samd i at trygg tilgang på reint drikkevatn er ein grunnleggjande føresetnad for beredskap, folkehelse og samfunnstryggleik. Aukra kommune har over tid arbeidd målretta med å sikre robuste og framtidsretta vassforsyningsløysingar, og tiltaka ved Tverrlia vassbehandlingsanlegg er eit viktig bidrag i dette arbeidet.

Det er òg riktig som interpellanten peikar på at Aukra kommune har lokal forskrift om vass- og avløpsgebyr frå 2017, og at forskrifta slår fast at gebyra skal dekkje kommunen sine kostnader ved tenesta i samsvar med sjølvkostregelverket. Tverrlia vassbehandlingsanlegg er kritisk infrastruktur for kommunen. Investeringane som no vert gjennomførte skal bidra til å sikre tilstrekkeleg kapasitet, god vasskvalitet og nødvendig driftstryggleik. Dette er investeringar som er viktige for å oppretthalde ei sikker og stabil vassforsyning til innbyggjarane i kommunen.

Samtidig reiser interpellanten spørsmål som krev grundige vurderingar. Storleiken på gebyra for den enkelte abonnent vert påverka av fleire faktorar, mellom anna:

• nivået på drifts- og vedlikehaldskostnader

• gjennomførte og planlagde investeringar

• avskrivingstid og rentenivå

• fordelinga mellom fast og variabel del av gebyret

• bruk av sjølvkostfond og fondsavsetningar

• eigedomen sitt areal og forbruk

• nasjonalt og lokalt regelverk

I tillegg vil framtidige krav knytt til klima, beredskap, teknologi og vasskvalitet kunne påverke investeringsbehovet i sektoren. Kommunedirektøren gjennomfører kvart år eigne vurderingar av gebyrnivået for vatn og avløp som ein del av budsjettarbeidet. Vurderingane omfattar både komande budsjettår og utviklinga i ein lengre planperiode, med sikte på å sikre forsvarleg økonomisk forvaltning og så stabile gebyr som mogleg innanfor gjeldande regelverk.

Interpellasjonen reiser viktige spørsmål om kommunen sitt handlingsrom innanfor sjølvkostregelverket, om forvaltninga av vass- og avløpssektoren og om korleis ein kan sikre ei føreseieleg gebyrutvikling over tid. Dette er problemstillingar som krev nærare juridiske, økonomiske og faglege vurderingar. På denne bakgrunnen meiner vi det vil vere mest tenleg at spørsmåla vert utgreidde nærare av kommunedirektøren før kommunestyret tek stilling til dei.

På bakgrunn av dette tilrår ordføraren at interpellasjonen vert oversendt kommunedirektøren for vidare oppfølging.

Helge Kjøll jr. Ordførar

Tilrådinga frå kommunedirektøren vart samrøystes vedtatt Det vart ikkje votert over saka

Voteringer

  1. Tilrådinga frå kommunedirektøren vartVedtatt

    Enstemmig vedtatt

Dokumenter

Flere saker fra samme møte

Kommunestyret 10. september 2026.

Siste saker i kommunestyret

Alle saker i kommunestyret → · Folkevalgte i Aukra →

Kilde: kommunens møteportal (Tieto Public 360 (OpenGov)), saken hos kommunen ↗, hentet 22. november 2026. Navn med lenke har profil her.