Hopp til innhold
Fredag 13. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


← Spørsmål til regjeringen

Skriftlig spørsmål nr. 646 · 2024-2025

Nettavisen har nylig avslørt at Innovasjon Norge har oppretta ei spesialrådgivarstilling med lukrative løns- og arbeidsvilkår for ein tidlegare Ap-topp etter lokalvalet i 2023. Vedkomande dreiv …

Alfred Jens Bjørlo (V) stilte spørsmålet til næringsministeren, Cecilie Myrseth, 13. desember 2024. Svaret kom 20. desember 2024.

Til
Næringsministeren · Cecilie Myrseth
Datert
13. desember 2024
Besvart
20. desember 2024

Spørsmål

Nettavisen har nylig avslørt at Innovasjon Norge har oppretta ei spesialrådgivarstilling med lukrative løns- og arbeidsvilkår for ein tidlegare Ap-topp etter lokalvalet i 2023. Vedkomande dreiv valkamp for Ap i fire månader med full løn frå Innovasjon Norge og opplyste utad at ho hadde permisjon frå Innovasjon Norge – noko ho ikkje hadde.
Kva vil næringsministeren gjere for å rydde opp i saka, og er statsråden enig i at denne saka forsterkar inntrykket av at Ap er på ein annan planet enn grunnplanet i norsk næringsliv?

Svar

Næringsministeren Cecilie Myrseth, 20. desember 2024

Innovasjon Noreg er eit særlovsselskap og er regulert gjennom lov om Innovasjon Noreg. Forvaltninga av selskapet og den daglege drifta, inkludert regulering av tilsetjingsvilkår, ligg til styret i Innovasjon Noreg og den daglege leiinga, og ikkje til staten og fylkeskommunane som eigarar.
Som eigar har eg forventningar til selskapa om at dei mellom anna har gode rutinar for internkontroll, noko vi følgjer opp i den ordinære eigardialogen. Det er imidlertid som nemt Innovasjon Noreg sitt styre som er ansvarleg for at selskapet følgjer gjeldande lover og reglar.

Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo →

Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.