Muntlig spørsmål nr. 7 · 2024-2025
Ikkje overraskande kan gjerne statsråd Nygård koma fram, for me må bora litt meir i togproblematikken. Eg hadde gleda av å vera i Dagsnytt 18 med statsråden på måndag. Då var det forseinkingar og …
Liv Kari Eskeland (H) stilte spørsmålet til samferdselsministeren, Jon-Ivar Nygård, 11. desember 2024.
- Fra
- Liv Kari Eskeland (H)
- Til
- Samferdselsministeren · Jon-Ivar Nygård
- Datert
- 11. desember 2024
- Besvart
- 11. desember 2024
Samferdsel · Jernbaner
Spørsmål
Ikkje overraskande kan gjerne statsråd Nygård koma fram, for me må bora litt meir i togproblematikken.
Eg hadde gleda av å vera i Dagsnytt 18 med statsråden på måndag. Då var det forseinkingar og kaos på toga som igjen var tema, for kvar dag vaknar pendlarane og lurer på om dei kjem seg på jobb, om dei får henta i barnehage til avtalt tid. Berre i ni av årets arbeidsdagar har Bane NOR levert ein infrastruktur utan problem. Det er klart at dette er fullstendig uhaldbart for dei reisande.
Me opplevde i sendinga at statsråden dreiv med ein liten porsjon ansvarsfråskriving. Han påstod at forklaringa på dette kaoset togkundane i dag opplever, er å finna i jernbanereforma, men verken Riksrevisjonen eller andre har så langt me har sett, vist til jernbanereforma som forklaring. Kva dokumentasjon har statsråden på at forseinkingar og innstillingar faktisk skuldast jernbanereforma?
Spørsmålet ble besvart muntlig i spørretimen. Svaret står i referatet fra møtet, som er lenket fra spørsmålet på stortinget.no.
Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Liv Kari Eskeland →
Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.