Hopp til innhold
Fredag 13. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


← Spørsmål til regjeringen

Muntlig spørsmål nr. 6 · 2024-2025

Då kan justisministeren få koma fram igjen. Statsråden har no styrt Justis- og beredskapsdepartementet i over tre år. Bodskapet frå regjeringa og statsråden har i heile denne perioden vore at det …

Helge André Njåstad (FrP) stilte spørsmålet til justis- og beredskapsministeren, Emilie Mehl, 11. desember 2024.

Til
Justis- og beredskapsministeren · Emilie Mehl
Datert
11. desember 2024
Besvart
11. desember 2024

Rettsvesen · Politi og påtalemyndighet

Spørsmål

Då kan justisministeren få koma fram igjen.

Statsråden har no styrt Justis- og beredskapsdepartementet i over tre år. Bodskapet frå regjeringa og statsråden har i heile denne perioden vore at det blir satsa på politiet. Tala for Politi-Noreg fortel derimot ei anna historie enn den statsråden fortel. Det er stor forskjell på det som blir sagt frå denne talarstolen frå regjeringa, og det som f.eks. vart sagt på pauserommet på Sogndal politikontor, der eg sat og snakka med dei dyktige tilsette natt til søndag. Der merkar dei lite av satsinga til regjeringa på politiet – bortsett frå at det har kome nokre fleire politikontor, og at det no er moglegheit til å ordna seg pass på begge sider av fjorden, men dersom det skjer noko akutt, er det derimot liten sjanse for at ein har fleire patruljar som kan avlasta folka som jobbar i dei ytre ledda.

Sidan regjeringsskiftet har antal politiårsverk i politidistrikta gått kraftig ned. Som ein konsekvens av dette har politidekninga per tusen innbyggjarar falle. Det har igjen medført ein kraftig auke i talet på kapasitetsbortleggingar, både med og utan kjend gjerningsperson. Det siste året har òg oppklaringsprosenten stupt, til eit alarmerande nivå på under 40 pst. Det er det lågaste nivået sidan førre tusenår.

Det er kraftige avvik mellom historieforteljinga til statsråden og den reelle verda. For eksempel er det per 27. november i år 14 596 straffesaker med kjend gjerningsperson som er lagde bort på grunn av manglande kapasitet.

Mitt spørsmål er: Synest statsråden at politiet etter tre år med Senterpartiet og Arbeidarpartiet i regjering er rusta til å levera på sitt samfunnsoppdrag, med sånne tal på bortleggingar?

Spørsmålet ble besvart muntlig i spørretimen. Svaret står i referatet fra møtet, som er lenket fra spørsmålet på stortinget.no.

Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Helge André Njåstad →

Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.