Skriftlig spørsmål nr. 628 · 2024-2025
Kan samferdselsministeren gjere greie for kva regjeringa har gjort i praksis for å møte utforingane med ladeinfrastruktur i takt med at regjeringa har innført krav om nullutslipp i alle offentlige …
Frank Edvard Sve (FrP) stilte spørsmålet til samferdselsministeren, Jon-Ivar Nygård, 11. desember 2024. Svaret kom 18. desember 2024.
- Fra
- Frank Edvard Sve (FrP)
- Til
- Samferdselsministeren · Jon-Ivar Nygård
- Datert
- 11. desember 2024
- Besvart
- 18. desember 2024
Spørsmål
Kan samferdselsministeren gjere greie for kva regjeringa har gjort i praksis for å møte utforingane med ladeinfrastruktur i takt med at regjeringa har innført krav om nullutslipp i alle offentlige innkjøp for bil, varebil, buss og ferje også no også utfordra for taxinæringa, og kan det bes om at dette blir lagt fram som oversikt pr. fylke for dei ulike driftsområda, med avstand mellom ladepunkta?
Begrunnelse
Regjeringa har stilt krav til nullutslipp ved offentlige innkjøp av bil, varebilar og buss, samt ferjer.
Enkelte byar og fylker har også stilt liknande krav til drosjenæringa, som sansynleg får spesielt store utfordringar med tanke på manglande ladeinfrastruktur, samt at driftsmateriellet må stå på lading i driftstida.
Siste dømet på dette er frå Finnmark, der Helse nord har prestert å krevje at pasientane vert frakta med el-bilar, der ladeinfrastrukturen er 150 km imellom ladestasjonar.
Svar
Samferdselsministeren Jon-Ivar Nygård, 18. desember 2024
Norge har den høgaste tettleiken av ladepunkt i verda, og tilbodet til bilistane blir stadig betre. Ved utgangen av 2024 er det 9201 hurtigladepunkt langs norske vegar og det er 85 elbilar per hurtigladar. Året før var det 93 biler per lader, og i 2020 var det 103 biler per lader. Utviklinga i ladeinfrastruktur skuldast at staten har prioritert støtte til innfasing av elektriske køyretøy. Ein viktig del av denne støtta har vore støtte til etablering av ladeinfrastruktur. Enova har i fleire runder gjeve tilskot til etablering av hurtigladarar.
Tabellen under viser korleis hurtigladepunkta er fordelt mellom fylka (kjelde: Elbilforeningen/Nobil). Den nøyaktige lokaliseringa og avstand mellom ladepunkta finst på google maps og i diverse appar for lading, til dømes Elbilforeninga sin ElbilAppen.
Agder 687
Akershus 804
Buskerud 792
Finnmark 101
Innlandet 1397
Møre og Romsdal 378
Nordland 487
Oslo 598
Rogaland 472
Telemark 465
Troms 220
Trøndelag 822
Vestfold 413
Vestland 1094
Østfold 471
Regjeringa har innført krav til nullutslepp i offentlege kjøp av personbilar, varebilar og bybussar. Innføring av krav kan vere eit effektivt verkemiddel for at offentlege aktørar vel klimavenlege løysingar når desse er konkurransedyktige. Personbilar, lette varebilar og bybussar er dei kjøretøya der høva på kort sikt ligg best til rette for nullutslipp. For dei fleste kjøp vil eit nullutslippskjøretøy innebere lågare kostnader når man tek omsyn til både innkjøp og driftskostnader over levetida.
Fylkeskommunane har heimel i yrkestransportlova til å stille miljøkrav til drosje innanfor ein eller fleire kommunar i fylket. Fylkeskommunen må setje ein frist på minst fire år for å oppfylle krava. Eg legg til grunn at fylkeskommunen gjer dei nødvendige vurderingane av verknaden på drosjetilbodet før dei vedtek slike krav.
For at krava skal kunne fungera i praksis, er det fastsatt eit sett med unntak frå kravet. Eit av desse unntaka gjeld der det ikkje er tilgjengeleg ladeinfrastruktur.
Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Frank Edvard Sve →
Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.