Skriftlig spørsmål nr. 592 · 2024-2025
Er Bane Nor åpne for å ta i bruk ny teknologi/sensorteknologi som detekterer ras og skred samt hindrer dyrepåkjørsler langs sine toglinjer, og kan statsråden gi en oversikt over kvar slik teknologi er tatt i bruk, både som pilotprosjekt og der prosjekta evt. er gått over i ein driftsfase?
Liv Kari Eskeland (H) stilte spørsmålet til samferdselsministeren, Jon-Ivar Nygård, 5. desember 2024. Svaret kom 11. desember 2024.
- Fra
- Liv Kari Eskeland (H)
- Til
- Samferdselsministeren · Jon-Ivar Nygård
- Datert
- 5. desember 2024
- Besvart
- 11. desember 2024
Spørsmål
Er Bane Nor åpne for å ta i bruk ny teknologi/sensorteknologi som detekterer ras og skred samt hindrer dyrepåkjørsler langs sine toglinjer, og kan statsråden gi en oversikt over kvar slik teknologi er tatt i bruk, både som pilotprosjekt og der prosjekta evt. er gått over i ein driftsfase?
Begrunnelse
Dyrepåkjørsler gir store kostnader på togmateriell og skinner kvart år. Ras og skred tar i verste fall liv om det kjem brått eller desse ikkje blir detektert i tide. Ny teknologi kan betre på desse forholda.
Svar
Samferdselsministeren Jon-Ivar Nygård, 11. desember 2024
Bane NOR er open for å ta i bruk ny teknologi/sensorteknologi som detekterer ras og skred, og dessutan hindrar dyrepåkøyrslar. Det er stadig utvikling på området, og Bane NOR søkjer å finna og prøva ut ny teknologi og andre metodar som gir auka tryggleik for menneske og dyr, der det er moglegheit for det.
Bane NOR har til dømes testa ut og/eller teke i bruk følgjande ny teknologi dei seinaste åra:
• Det er gjort fleire forsøk på å «lytta på sporet» for å detektere steinsprang og skred. Geofonar, apparat til registrering av vibrasjonar i undergrunnen, er testa ut, mellom anna i perioden 2018 og 2022 for å detektere steinsprang på Raumabanen. Testane viste at teknologien var lovande, men systemet ble avvikla grunna tekniske problem og mangel på reservedelar. Ingen av desse pilotprosjekta har så langt gått over i driftsfase. Det er tradisjonelle rasvarlingsgjerder som blir nytta i drifta i dag.
• Ulike sensorar blir nytta for å overvaka rørsler i grunnen, til dømes i Moss i prosjektet Sandbukta-Moss-Såstad.
• Insar-satellittdata blir brukt i fleire prosjekt for overvaking av terreng, og Bane NOR driv forsking for utvida bruk av satellittdata nettopp for spor og terreng.
• Vasstandsmålingar med sensorar blir testa ut for å overvaka stikkrenner som ikkje klarer å ta unna vassmengder. Bane NOR har eit pågåande tiltak for å auka kontroll på vatn ved eit meir presist vedlikehald av grøfter, stikkrenner og andre dreneringsanlegg.
• Bane NOR har prøvd ulike metodar for å hindra dyrepåkøyrslar. Det mest effektive verkemiddelet så langt har vist seg å vera ein kombinasjon av viltgjerde og fôring.
Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Liv Kari Eskeland →
Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.