Hopp til innhold
Fredag 13. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


← Spørsmål til regjeringen

Muntlig spørsmål nr. 3 · 2024-2025

Det blir omtalt som ei nasjonal krise, det som no utspeler seg i dei fiskeriavhengige samfunna langs kysten, og spesielt i nord. Fiskeriorganisasjonane og industrien har gått ut og varsla at det …

Torgeir Knag Fylkesnes (SV) stilte spørsmålet til fiskeri- og havministeren, Marianne Sivertsen Næss, 20. november 2024.

Til
Fiskeri- og havministeren · Marianne Sivertsen Næss
Datert
20. november 2024
Besvart
20. november 2024

Fiskerier · Næringsliv · Arbeidsliv · Sysselsetting · Lokalforvaltning · Distriktspolitikk · Fiskeomsetning

Spørsmål

Det blir omtalt som ei nasjonal krise, det som no utspeler seg i dei fiskeriavhengige samfunna langs kysten, og spesielt i nord. Fiskeriorganisasjonane og industrien har gått ut og varsla at det trengst nasjonale tiltak for å møte den store krisa vi står i.

Dette er ei utvikling vi har sett over tid, men som no blir kraftig akselerert. Det er ein enorm nedgang i fiskekvotar. Tilgangen på arbeidskraft frå Aust-Europa har falle markant etter krigen i Ukraina, samhandlinga med Russland i den nordlege landsdelen har blitt heilt borte, og investeringsvilje og næringsetablering har stupt.

Menon Economics har gjennomført ein analyse av situasjonen og sett spesielt på Finnmark, men situasjonen er antakeleg heilt lik i andre delar av den fiskeriavhengige delen av kysten. Dei ser på kva konsekvensar dette vil ha for befolkningsutviklinga i nord. Dei meiner at ein fram mot 2030 vil ha ein nedgang i befolkninga på heilt opp til 35–36 pst. i desse samfunna. Det er allereie nedbygging av fiskemottaksstruktur og fiskeindustri på land og permitteringar. Dette er eit resultat av både fall i kvotar og ein forfeila fiskeripolitikk som sørgjer for at fisken ikkje blir handtert på land, men i større grad bidrar til sysselsetjing i andre, fjernare himmelstrøk.

For desse samfunna utgjer fiskeri og fiskeindustri opp mot to tredjedelar av heile verdiskapinga. Når ein tar det bort frå desse samfunna, når den aktiviteten blir borte, er det over. Vi snakkar her om utradering av stolte samfunn som Berlevåg, Vardø, Loppa, Karlsøy og Senja dersom ein ikkje gjer noko med det. Kva er regjeringa sitt svar på den krisa vi står i?

Spørsmålet ble besvart muntlig i spørretimen. Svaret står i referatet fra møtet, som er lenket fra spørsmålet på stortinget.no.

Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Torgeir Knag Fylkesnes →

Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.