Skriftlig spørsmål nr. 443 · 2024-2025
Viser til mitt spørsmål nr. 335, og statsråden sitt svar på dette, og aksepterer at det vil ta noko lengre tid å finne svar på mitt spørsmål enn dei tilmålte 6 dagar. Statsråden må gjerne kome med ei …
Liv Kari Eskeland (H) stilte spørsmålet til samferdselsministeren, Jon-Ivar Nygård, 20. november 2024. Svaret kom 28. november 2024.
- Fra
- Liv Kari Eskeland (H)
- Til
- Samferdselsministeren · Jon-Ivar Nygård
- Datert
- 20. november 2024
- Besvart
- 28. november 2024
Spørsmål
Viser til mitt spørsmål nr. 335, og statsråden sitt svar på dette, og aksepterer at det vil ta noko lengre tid å finne svar på mitt spørsmål enn dei tilmålte 6 dagar. Statsråden må gjerne kome med ei førebels løypemelding for kor lang tid det vil ta å finne svara. Gjentek difor spørsmålet:
Kan eg be om å få ei oversikt over estimerte årlege kostnader i fm. dyrepåkjørsler med tog pr. år?
Begrunnelse
Å få ei oversikt over kostnader for dyrepåkjørsler er svært relevant i forhold til midlar som må bevilgast ved togskinner for å hindre slike påkøyrslar. Slike ulukker fører til forsinkelser, stans i trafikk, øydelagde togsett, togsett ute av drift, ekstraressursar for å hente ut vilt mm, i tillegg til lidingar som dyra må gjennom. Det vert brukt ein del ressursar kvart år for å sette opp viltgjerder, og vedlikehalde desse gjerda, og det er av interesse å få gjort ei vurdering av om desse tiltaka står i forhold til dei kostnadane slike påkjørsler medfører.
Svar
Samferdselsministeren Jon-Ivar Nygård, 28. november 2024
Det er ingen tvil om at kostnadene ved dyrepåkøyrslar er høge, men det er svært vanskeleg å gje eit samla estimat på dei totale kostnadene for Bane NOR, togselskapa og brukarane av jernbanen (reisande og næringslivet). Sistnemnde blir ofte ramma ved at slike hendingar gir forseinkingar og i verste fall innstillingar som kan være svært belastande for dei reisande, og gje ekstrakostnader for næringslivet.
Bane NOR har berekna eit estimat på kostnader knytt til dyrepåkøyrslar på totalt 13,25 millionar kroner. I tillegg utbetaler føretaket kompensasjon og erstatning for påkøyrde dyr på ca. 3,5-4 millionar kroner per år. Bane NOR har i sine berekning tatt utgangspunkt i Region Nord sine kostnader (gjennomsnitt av dei fire siste åra), basert på at denne regionen har 40 prosent av alle påkøyrde dyr. Prosenttalet er av erfaring ganske likt over år.
Kostnader som er inkluderte er alle direkte kostnader; mannskaps- og maskintimar, leie av avfallskonteinarar, handtering av avfall, entreprenørtenester og lokal bistand til å handtera/henta ut kadaver.
Kostnader som ikkje er med i estimatet er erstatning til reineigarar, administrativ tid, vêrvakt som handterer slike hendingar, togleiarsentralen og liknande administrative tenester, samt destruering av kadaver ved lovleg mottak (BIOSIRK AS). Desse kostnadene, og dessutan administrative kostnader, vil gi eit høgare reelt kostnadsestimat enn berre direkte kostnader.
Togselskapa har ikkje oversikt over alle kostnader knytt til dyrepåkøyrslar, og det er derfor ikkje mogleg å gi eit godt samla estimat på kostnadene ved slike hendingar. Tabellen under gjev likevel eit godt inntrykk av nokre av dei kostnadene dette påfører togselskapa, i tillegg til den menneskelege belastninga dette medfører for togpersonalet og dei som må rydda opp etter dyrepåkøyrslane.
Strekning/trafikk-avtale Selskap Skader/kostnader Annet/Andre ikkje-prissette kostnader
Trafikkpakke 3 (Bergensbanen, Vossebanen, Arna-Bergen). Vy Tog AS 57 dyrepåkøyrslar så langt i år. Kostnader knytt til sanering, byte av kraner og deksel. Ca. 30 000 kroner i kostnader per påkøyrsel, ca. 1,8 mill. kroner i året. Forseinkingar: Varierer frå ingen og svært små til dei tilfella dyra sit fast, og det kan ta ca. 1 time og få dei løys. Det har ved nokre tilfelle også teke lengre tid.
Gjøvikbanen Vy Gjøvik-banen AS - 2023: 2,6 mill. kroner i kostnader knytt til reparasjon av køyretøy i samband med dyrepåkøyrslar.
- 2024: (per 31. juli): 2,1 mill. kroner i kostnader knytt til reparasjon av køyretøy i samband med dyrepåkøyrslar.
- I tillegg kostnader ved at toga er ute av trafikk. For 2023 er dette estimert til 2,4 mill. kroner, og i 2024 (per 31. juli) 4,7 mill. kroner.
Trafikkpakke 1 Sørlandsbanen, Arendalsbanen, Jærbanen) Go-Ahead Norge AS Eit overordna kostnadsoverslag, inklusive alternativ transport ved forseinkingar/innstillingar, er 750 000 kroner i året. Det er variasjonar i talet på dyrepåkøyrslar år for år, både når det gjeld tal, og særleg når det gjeld kostnader.
Trafikkpakke 2 (Dovrebanen, Rørosbanen, Raumabanen, Nordlandsbanen, Trønderbanen Meråkerbanen, Saltenpendelen) SJ Norge AS Ved påkøyrsel av eit litt større dyr med dei litt nyare toga, som Type76 (Trønder- og Rørosbanen), blir kostnaden på minst 50 000 kroner, og ofte mykje meir. For denne togtypen vil eit svært grovt estimat vera i storleiksorden opp mot ein million kroner. Det er grunn til å tru at flest påkøyrslar skjer på Røros- og Nordlandsbanen. I sum for trafikkpakken må ein gå ut frå at beløpet er mykje større.
Eit svært grovt årleg anslag er såleis på om lag 25-35 millioner kroner. Forutan desse målbare kostnadene knytt til materielle skadar, opprydding og erstatningar, førar dyrepåkøyrslar ofte til forseinkingar og av og til også innstillingar. Dette påfører togselskapa ekstrakostnader knytt til eventuell alternativ transport. For dei reisande er forseinkingar også svært belastande, både fordi reisetida aukar, men også fordi det skaper uvisse rundt reisa og når ein kjem fram.
Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Liv Kari Eskeland →
Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.