Skriftlig spørsmål nr. 409 · 2024-2025
Kan næringsministeren få fram ei oversikt over om og i kva grad det er eit auka påtrykk inn mot Innovasjon Norge sine utanlandskontor, anten generelt eller spesifikt i enkeltland/ enkeltlokasjonar, …
Alfred Jens Bjørlo (V) stilte spørsmålet til næringsministeren, Cecilie Myrseth, 17. november 2024. Svaret kom 25. november 2024.
- Fra
- Alfred Jens Bjørlo (V)
- Til
- Næringsministeren · Cecilie Myrseth
- Datert
- 17. november 2024
- Besvart
- 25. november 2024
Spørsmål
Kan næringsministeren få fram ei oversikt over om og i kva grad det er eit auka påtrykk inn mot Innovasjon Norge sine utanlandskontor, anten generelt eller spesifikt i enkeltland/ enkeltlokasjonar, av norske gründerar, bedrifter og investorar som vurderer å flytte ut av Noreg som følgje av regjeringa og deira støtteparti sin næringsfiendtlege skattepolitikk og negative retorikk om norske gründerar og privat norsk eigarskap i bedrifter?
Svar
Næringsministeren Cecilie Myrseth, 25. november 2024
Innovasjon Norge er statens og fylkeskommunane sitt verkemiddel for å realisere verdiskapande næringsutvikling i Noreg. Hovudmålet til Innovasjon Norge er å utløyse bedrifts- og samfunnsøkonomisk lønsam næringsutvikling, og utløyse næringsmessige moglegheiter i regionane. For å bidra til å nå dette målet har Innovasjon Norge etablert utanlandskontor i fleire land som bidreg til å fremje norsk eksport og internasjonalisering av norsk næringsliv. Vidare arbeider Innovasjon Norge for å tiltrekkje utanlandske investeringar til Noreg gjennom Invest in Norway.
Innovasjon Norge har ingen oppgåver knytt til å gje råd eller bistand til norske bedrifter som ønskjer å flytte ut av Noreg. Eg har spurt Innovasjon Norge om selskapet har motteke førespurnader om dette. Innovasjon Norge melder at dei fleste utanlandskontora mottar få eller ingen slike førespurnader. Innovasjon Norge melder at enkelte utanlandskontor har registrert negative tilbakemeldingar frå enkelte bedriftsrepresentantar om skatt. Dette gjelder særleg utanlandskontor som har mykje kontakt med gründerar og oppstartsbedrifter, og speglar nok den pågåande politiske debatten om skattepolitikk i Noreg.
Eg vil understreke at det går godt i norsk økonomi; det vert etablert fleire tusen nye verksemder kvar månad i Noreg; næringslivet investerer mykje i Noreg, og vi har låg arbeidsløyse og høg sysselsetjing.
Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo →
Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.