Skriftlig spørsmål nr. 383 · 2024-2025
Kan samferdselsministeren leggje fram ei totaloversikt over beregningsgrunnlaget for ferjedrifta totalt ang. Møre og Romsdal gjeldande fylkesvegferjene, som bekreftar eller avkreftar påstanden frå …
Frank Edvard Sve (FrP) stilte spørsmålet til samferdselsministeren, Jon-Ivar Nygård, 13. november 2024. Svaret kom 20. november 2024.
- Fra
- Frank Edvard Sve (FrP)
- Til
- Samferdselsministeren · Jon-Ivar Nygård
- Datert
- 13. november 2024
- Besvart
- 20. november 2024
Spørsmål
Kan samferdselsministeren leggje fram ei totaloversikt over beregningsgrunnlaget for ferjedrifta totalt ang. Møre og Romsdal gjeldande fylkesvegferjene, som bekreftar eller avkreftar påstanden frå fylkeskommunedirektøren om at ferjefinansieringa i fylket er underfinansiert med 230 million kr årleg frå staten?
Begrunnelse
Møre og Romsdal fylkeskommune ved fylkeskommunedirektøren hevdar at ferjedrifta som fylkeskommunen har ansvaret for, er underfinansiert med 230 million kr pr. år.
Det er tidligare lagt til grunn ein nasjonal ferjestandard med eigen beregningsgrunnlag/nøkkel, samt at det nyleg er regulert fordelingane av ferjemidlane mellom dei ulike ferjefylka.
Svar
Samferdselsministeren Jon-Ivar Nygård, 20. november 2024
I Noreg er det fylkeskommunen som har ansvar for drift og vedlikehald av fylkesvegnettet. Det gjeld òg drift av fylkesvegferjene. For spørsmål knytt til berekningsgrunnlaget for drifta av fylkesvegferjene i Møre og Romsdal ber eg representanten ta kontakt med Møre og Romsdal fylkeskommune.
Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Frank Edvard Sve →
Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.