Skriftlig spørsmål nr. 377 · 2024-2025
Kan jeg be om oversikt over antall som har fått plass og antall som har møtt opp på lærerutdanning (alle typer) fordelt etter studiested i perioden 2013 til 2024?
Kari-Anne Jønnes (H) stilte spørsmålet til forsknings- og høyere utdanningsministeren, Oddmund Hoel, 13. november 2024. Svaret kom 19. november 2024.
- Fra
- Kari-Anne Jønnes (H)
- Til
- Forsknings- og høyere utdanningsministeren · Oddmund Hoel
- Datert
- 13. november 2024
- Besvart
- 19. november 2024
Spørsmål
Kan jeg be om oversikt over antall som har fått plass og antall som har møtt opp på lærerutdanning (alle typer) fordelt etter studiested i perioden 2013 til 2024?
Begrunnelse
Ønsker oversikt for hvert år.
Svar
Forsknings- og høyere utdanningsministeren Oddmund Hoel, 19. november 2024
Eg takkar for førespurnaden. Vedlagt ligg eit rekneark som gir oversikt over talet på dei som har fått tilbod om plass og dei som har møtt og betalt semesteravgift på ei lærarutdanning i perioden 2013–2024, fordelt på lærestad. Oversikta dekker opptak til både vårsemesteret og haustsemesteret.
Tala dekker alle lærarutdanningar, òg barnehagelærarutdanninga og PPU, ikkje berre dei femårige utdanningane.
Representanten etterspør fordeling på «studiestad», som òg kan bli forstått som campus. Å bryte ned på dette detaljnivået ville gjort oversikta betydeleg meir kompleks. Departementet har heller ikkje enkelt tilgjengeleg statistikk som viser fordeling på campus for alle lærarutdanningar i perioden. Å skaffe ei oversikt over dette ville tatt lengre tid.
Den vedlagde oversikta er basert på tal frå Database for statistikk om høgare utdanning (DBH) som ligg ope tilgjengeleg og blir forvalta av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir).
Tala er runda av til nærmaste 5 på kvart datapunkt av omsyn til personvernet og EUs personvernforordning (GDPR). Summen for tilbod og møtt under kvart år er runda av uavhengig, og svarer difor ikkje med summen på tala ovanfor i same kolonne. Alle tala som er brukt i vedlegget kan samanliknast frå år til år.
Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Kari-Anne Jønnes →
Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.