Skriftlig spørsmål nr. 374 · 2024-2025
Stortinget har løyvd 5 millionar til Nasjonalt senter for jordobservasjon. No ventar vi på forslag til forskrift for bruk av pengane. Når kjem denne forskrifta?
Torgeir Knag Fylkesnes (SV) stilte spørsmålet til næringsministeren, Cecilie Myrseth, 12. november 2024. Svaret kom 20. november 2024.
- Fra
- Torgeir Knag Fylkesnes (SV)
- Til
- Næringsministeren · Cecilie Myrseth
- Datert
- 12. november 2024
- Besvart
- 20. november 2024
Spørsmål
Stortinget har løyvd 5 millionar til Nasjonalt senter for jordobservasjon. No ventar vi på forslag til forskrift for bruk av pengane.
Når kjem denne forskrifta?
Svar
Næringsministeren Cecilie Myrseth, 20. november 2024
Eg takkar for spørsmålet, som gjeld eit område eg er oppteken av. Noreg er ein viktig romnasjon, og vi har ambisjonar om å ytterlegare styrkje norsk romverksemd. Jordobservasjon er eit av områda der norske aktørar utmerkjer seg, og Noreg har særleg stor nytte av jordobservasjondata og -tenester. Difor har vi i Hurdalsplattformen sagt at vi vil arbeide for eit nasjonalt senter for jordobservasjon i Tromsø.
Nærings- og fiskeridepartementet har utarbeidd eit utkast til forskrift knytt til nasjonalt senter for jordobservasjon. Den vart nettopp sendt på offentleg høyring med frist 3. januar, og eg håpar sjølve forskrifta vil vere klar tidleg i 2025.
Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Torgeir Knag Fylkesnes →
Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.