Hopp til innhold
Fredag 13. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


← Spørsmål til regjeringen

Skriftlig spørsmål nr. 365 · 2024-2025

Kan eg be om å få eit estimat på kor mykje dyrepåkjørsler kostar Bane Nor og togselskapa i løpet av eit år, og ber også om at oversikta inkluderer forseinkingar slike dyrepåkjørslar medfører?

Liv Kari Eskeland (H) stilte spørsmålet til samferdselsministeren, Jon-Ivar Nygård, 11. november 2024. Svaret kom 18. november 2024.

Til
Samferdselsministeren · Jon-Ivar Nygård
Datert
11. november 2024
Besvart
18. november 2024

Spørsmål

Kan eg be om å få eit estimat på kor mykje dyrepåkjørsler kostar Bane Nor og togselskapa i løpet av eit år, og ber også om at oversikta inkluderer forseinkingar slike dyrepåkjørslar medfører?

Begrunnelse

https://www.banenor.no/siteassets/handlingsplan-for-a-forebygge-dyrepakjorsler-pa-jernbanen-i-perioden-2022---2025-2.pdf
Kvart år skjer det 2-3000 dyrepåkjørslar med tog i Noreg. Fleire plasser vert det jobba med fysiske tiltak, men førebels er ein ikkje i mål med tiltaka. Vi ber om å få ei oversikt som viser kva kostnader desse dyrepåkjørslane utgjer på togmateriell og bane pr år, samt ei oversikt over forseinkingar som skuldast slike påkjørslar.

Svar

Samferdselsministeren Jon-Ivar Nygård, 18. november 2024

Eg visar til svar på spørsmål nr. 335. Det er eit omfattande arbeid å lage slike estimat over årlege kostnader ifm. dyrepåkjørslar med tog per år inkl. forseinkingar dyrepåkjørslar medfører. Bane NOR opplyser at det innafor den knappe tidsramma for dette spørsmålet ikkje er mogleg å få dette til. Heller ikkje togselskapa har kostnadsestimat direkte knytt til dyrepåkøyrslar.
Det er viktig å leggje til rette for felles innsats og samarbeid for å auke dyrevelferda. Derfor arbeider regjeringa med å leggje fram ei ny stortingsmelding om dyrevelferd, der dyrepåkøyrslar er eit tema.

Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Liv Kari Eskeland →

Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.