Skriftlig spørsmål nr. 335 · 2024-2025
Kan eg be om å få ei oversikt over estimerte årlege kostnader i fm. dyrepåkjørsler med tog pr. år?
Liv Kari Eskeland (H) stilte spørsmålet til samferdselsministeren, Jon-Ivar Nygård, 7. november 2024. Svaret kom 15. november 2024.
- Fra
- Liv Kari Eskeland (H)
- Til
- Samferdselsministeren · Jon-Ivar Nygård
- Datert
- 7. november 2024
- Besvart
- 15. november 2024
Spørsmål
Kan eg be om å få ei oversikt over estimerte årlege kostnader i fm. dyrepåkjørsler med tog pr. år?
Begrunnelse
https://www.banenor.no/siteassets/handlingsplan-for-a-forebygge-dyrepakjorsler-pa-jernbanen-i-perioden-2022---2025-2.pdf
Kvart år er det fleire tusen dyrepåkjørslar med tog. Det er utarbeidd handlingsplanar for å motverke slike ulykker, men det tek tid å få effektuert desse handlingsplanane. Påkøyrslar ender ofte fatalt for dyra, men også togmateriell og skinner får skader, samstundes som det fører til forseinkingar og arbeid for togpersonellet. Vi vil gjerne vite kor store verdiar ein estimerar desse dyrepåkjørslane har for Bane Nor og togselskapa i løpet av eit år.
Svar
Samferdselsministeren Jon-Ivar Nygård, 15. november 2024
Det er eit omfattande arbeid å lage slike estimat over årlege kostnader ifm. dyrepåkjørsler med tog per år, og Bane NOR opplyser at det innafor den knappe tidsramma for dette spørsmålet ikkje er mogleg å få dette til. Heller ikkje togselskapa har kostnadsestimat direkte knytt til dyrepåkøyrslar.
Det er viktig å leggje til rette for felles innsats og samarbeid for å auke dyrevelferda. Derfor arbeider regjeringa med å leggje fram ei ny stortingsmelding om dyrevelferd, der dyrepåkøyrslar er eit tema.
Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Liv Kari Eskeland →
Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.