Hopp til innhold
Fredag 13. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


← Spørsmål til regjeringen

Skriftlig spørsmål nr. 289 · 2024-2025

Når kan Stortinget vente seg at regjeringen følger opp vedtak 797, 14. juni 2024 om gjeninnføring av tilskudd til utleieboliger?

Tobias Drevland Lund (R) stilte spørsmålet til kommunal- og distriktsministeren, Erling Sande, 3. november 2024. Svaret kom 7. november 2024.

Til
Kommunal- og distriktsministeren · Erling Sande
Datert
3. november 2024
Besvart
7. november 2024

Spørsmål

Når kan Stortinget vente seg at regjeringen følger opp vedtak 797, 14. juni 2024 om gjeninnføring av tilskudd til utleieboliger?

Begrunnelse

Som omtalt i Prop. 1 S og regjeringens oppfølging av anmodningsvedtak, er Vedtak 797, 14. juni 2024 omtalt, som lød:

«Stortinget ber regjeringen gjeninnføre Husbankens tilskuddsordning for utleieboliger og tilhørende virkemidler for å gjøre det enklere å få tilgang på boliger i bosettingsarbeidet.»

Regjeringen beskriver på sin side i proposisjonen at:

"Departementet vil komme tilbake til Stortinget på egnet måte".

Over hele landet er det en utfordring å skaffe til veie nok utleieboliger. Det er et svært presset leiemarked som i sin tur gjør at leietakerne sliter med høye leiepriser blant annet. Mange kommuner har etterlyst Husbankens tilskudd til utleieboliger og trukket det frem som et viktig enkelttiltak for å lette på presset i leiemarkedet, blant annet på grunn av mottaket av ukrainske flyktninger. Det vil derfor være interessant å høre når statsråden og regjeringen ser for seg at tilskuddet til utleieboliger kan bli gjeninført.

Svar

Kommunal- og distriktsministeren Erling Sande, 7. november 2024

Regjeringa er oppteken av å føre ein ansvarleg økonomisk politikk som motverkar den høge prisveksten. Vi har derfor vore nøydde til å gjere tydelege prioriteringar, også på bustadområdet.
Det betyr ikkje at vi ikkje gjer noko for å forbetre situasjonen for leigarar. Ei god bustøtteordning gjer det enklare for husstandar med låge inntekter og høge buutgifter å skaffe seg og halde på ein høveleg bustad. Regjeringa er i gang med å forenkle og forbetre ordninga. I samband med revidert nasjonalbudsjett vart bustøtta vesentleg styrka med høgare tak for buutgifter, enklare reglar for behovsprøving og gunstigare reglar for hushald med heimebuande born i alderen 18 og 19 år. Vi gjer framlegg om å vidareføre alle desse satsingane i 2025.
I revidert nasjonalbudsjett vart òg låneramma til Husbanken styrka med tre milliardar kroner, til 32 milliardar kroner i 2024. Minst ein milliard kroner av auka skal gå til lån til utleigebustader. I 2025 er låneramma til Husbanken foreslått sett til 29 milliardar kroner. Med ei høg låneramme kan Husbanken mellom anna gi lån til kommunar og utbyggjarar for å skaffe fleire utleigebustader. Den raskaste måten å få fleire bustader ut i marknaden på er å ta i bruk tomme bustader. Gjennom boligdugnaden.no har regjeringa gjort det enklare for enkeltpersonar å finne ut korleis ein går fram for å leige ut ein bustad. Regjeringa har dessutan vidareført dei mellombelse endringane i plan- og bygningslova, og utvida med mellombelse unntak i husleigelova, mellom anna for å legge betre til rette for fleire utleigebustader.
Regjeringa ser òg på dei juridiske rammene for leigemarknaden. Husleigelovutvalet leverte sluttrapporten sin 18. oktober, og rapporten er på offentleg høyring. Regjeringa tek sikte på å leggje fram ein lovproposisjon om husleigelova i løpet av neste stortingsperiode.
Når det gjeld tilskot til utleigebustader, vil regjeringa, som varsla i Prop.1 S, kome tilbake til Stortinget på eigna måte.

Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Tobias Drevland Lund →

Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.