Skriftlig spørsmål nr. 266 · 2024-2025
Kan samferdselsministeren gjere greie for kva tiltak beredskapsmessig som er sett i verk for å kunne møte kommande vinter på norske vegar på ein god og forsvarleg måte?
Frank Edvard Sve (FrP) stilte spørsmålet til samferdselsministeren, Jon-Ivar Nygård, 31. oktober 2024. Svaret kom 8. november 2024.
- Fra
- Frank Edvard Sve (FrP)
- Til
- Samferdselsministeren · Jon-Ivar Nygård
- Datert
- 31. oktober 2024
- Besvart
- 8. november 2024
Spørsmål
Kan samferdselsministeren gjere greie for kva tiltak beredskapsmessig som er sett i verk for å kunne møte kommande vinter på norske vegar på ein god og forsvarleg måte?
Begrunnelse
Sist vinter var det totalt kaos beredskapsmessig med mange stengte vegar der beredskapen for brøyting, strøing, bilberging osv. vart sterkt kritikkverdig og skapte kø og kaos på mange viktige og heilt sentrale vegstrekningar i landet.
Svar
Samferdselsministeren Jon-Ivar Nygård, 8. november 2024
Regjeringa prioriterer å ta vare på vegane våre. Trafikktryggleik og framkomme på vegane er viktig året rundt. Vinterdrift på riksvegane skal skje i samsvar med fastsette driftsstandardar for den aktuelle vegen. Driftsentreprenørane skal ha god beredskap til å gjennomføre dei oppgåvene som er avtalt for å halde trafikken i gong. Statens vegvesen har ei sentral rolle både gjennom ansvaret for drift på eiget vegnett og gjennom rolla som vegmyndigheit. Selskapet Nye Veier AS står for drift og vedlikehald på riksvegstrekningane som selskapet har ansvar for. Fylkeskommunane har sjølve ansvar for drift og vedlikehald på eigne fylkesvegnett. Vegtrafikksentralen fekk i 2023 ei utvida rolle i å samordne vegeigarar, naudetatar, lokale og regionale myndigheiter og andre interessentar ved beredskapshendingar på veg. Dette bidrar til god og felles situasjonsforståing og er eit viktig bidrag for framkomme.
Statens vegvesen har sett rammer for beredskap i entreprenørkontraktar (driftskontraktar). Når det gjeld snøbrøyting skal mellom anna entreprenøren ha tilstrekkeleg kapasitet til å halde krava til syklustid (tidsbruk mellom kvar gong heile brøyte/strøarealet er brøyta eller strødd) ved samanhengande snøfall. Krava gjeld også om mengda snø som samlast på vegen kjem av vind. For fjellovergangar er det utarbeidd meir spesifikke krav, der også vindstyrke kombinert med snø er sentrale faktorar. For passeringar av fjellovergangar ved kraftige snø-/vindsituasjonar er omsynet til liv og helse førande for om det er forsvarleg med open veg, iverksetjing av kolonnekøyring eller om vegen må stengjast. I slike tilfelle er det som oftast ikkje beredskapsressursane som er styrande, men omsynet til liv og helse.
Vinterstandard og beredskap er regulert gjennom Statens vegvesens kontraktar med driftsentreprenørar som normalt har fem års varigheit. I spesielle tilfelle kan det forhandlast inn ekstra beredskapsressursar der det blir avdekt manglar/svakheiter i pågåande kontraktar. I den nye driftskontrakten Agder (2024-2029) er det definert utfordringspunkt/-strekningar i samspel med Norges Lastebileier-Forbund (NLF). På dei utvalde stadene skal det setjast av ekstra personell og utstyr som skal sikre best mogleg framkomme ved snøvêr. Statens vegvesen vurderer no om ei systematisk tilnærming til utfordringspunkt skal bli standard i kommande kontraktar.
Hausten 2024 startar det opp eit samarbeidsprosjekt mellom Politidirektoratet og Statens vegvesen om beredskap med omsyn til framkomme. Sør-aust politidistrikt og Statens vegvesens avdeling Drift og vedlikehald sør har starta eit slikt pilotarbeid, som skal gjerast nasjonalt.
Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Frank Edvard Sve →
Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.