Hopp til innhold
Fredag 13. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


← Spørsmål til regjeringen

Skriftlig spørsmål nr. 189 · 2024-2025

Kan samferdselsministeren leggje fram ei oversikt over berekna kostnadsauke for det offentlege med bakgrunn i regjeringa sine krav om nullutslipp for alle offentlege innkjøp av bilar, varebilar, og …

Frank Edvard Sve (FrP) stilte spørsmålet til samferdselsministeren, Jon-Ivar Nygård, 23. oktober 2024. Svaret kom 30. oktober 2024.

Til
Samferdselsministeren · Jon-Ivar Nygård
Datert
23. oktober 2024
Besvart
30. oktober 2024

Spørsmål

Kan samferdselsministeren leggje fram ei oversikt over berekna kostnadsauke for det offentlege med bakgrunn i regjeringa sine krav om nullutslipp for alle offentlege innkjøp av bilar, varebilar, og buss, dokumentert ved anbod for Euro 6 kontra etter kravet om nullutslipp i dei ulike køyretøygruppene?

Begrunnelse

Regjeringa har innført krav om nullutslipp i alle offentlege anbod for anskaffelsar av bilar, varebilar, buss, også no for taxinæringa gjeldande frå 1 januar 2025.
I alle desse krava om nullutslipp medfører dette betydeleg auke i kostnadar for både det offentlege og for taxinæringa, der innkjøp og drift av desse nullutslippskøyretøya medfører betydeleg auka kostnad.
Det er også betydeleg begrensningar i bruken av desse køyretøya vinterstid, noko som også fører til betydelege store beredskapsmessig utfordringar samt problem med ladetid.

Svar

Samferdselsministeren Jon-Ivar Nygård, 30. oktober 2024

Offentleg sektor er ein stor innkjøpar, og gjennom å stille krav om nullutslepp bidreg sektoren til å redusere skadelege miljøpåverknad og fremme klimavennlege løysningar. Kvar gong vi utviklar gjeldande forskrift med utsleppskrav til offentlege kjøp av køyretøy og krav til løyve lagar Statens vegvesen estimat på kostnadar knytt til desse endringane. Til grunn for kostnadsestimatet ligg det høgare innkjøpskostnadar av køyretøy, lågare driftskostnader samt tilleggskostnadar knytt til lading av elbilar. Eventuelle tidskostnader ved lading er ikkje med i reknestykket. Vi har ikkje oppdaterte tal for dei einskilde køyretøygruppene no.
Kostnadar knytt til nullutslepp har vore fallande i alle køyretøysegment dei seinare åra, og dette er ei utvikling som forventast fortsette. For elbilar har i tillegg energikostnaden blitt lågare, spesielt når det er tilrettelagd for lading over natt på eigen lader. I alt forventar vi at kjøparen av eit køyretøy som blir mykje brukt, som til dømes ein taxi, vil få eit billegare bilhald.
Det er ikkje innført nye nasjonale miljøkrav til taxinæringa frå 1. januar 2025.
Til representantens bekymring over bruken av nullutsleppskøyretøy på vinterstid; tidlegare elbilar og elbussar hadde ein teknologi som ikkje alltid var tilpassa vintertemperaturar. Dette lærar kjøparen å ta omsyn til. Varmepumper og isolerte batterikassar hjelper, og er nå vanlegare løysingar på køyretøyane. Streng kulde gir også utfordringar for dieselbussar vintertid.

Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Frank Edvard Sve →

Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.