Hopp til innhold
Fredag 13. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


← Spørsmål til regjeringen

Skriftlig spørsmål nr. 126 · 2024-2025

Eg forsøker igjen, og krever at samferdselsministeren svarer på og leggjer fram berekningsgrunnlaget som regjeringa la til grunn for bortfall av inntekter for samtlige gratisferjestrekningar som vart …

Frank Edvard Sve (FrP) stilte spørsmålet til samferdselsministeren, Jon-Ivar Nygård, 16. oktober 2024. Svaret kom 25. oktober 2024.

Til
Samferdselsministeren · Jon-Ivar Nygård
Datert
16. oktober 2024
Besvart
25. oktober 2024

Spørsmål

Eg forsøker igjen, og krever at samferdselsministeren svarer på og leggjer fram berekningsgrunnlaget som regjeringa la til grunn for bortfall av inntekter for samtlige gratisferjestrekningar som vart innført i Møre og Romsdal, lagt fram med grunnlag i innføringstidspunktet, fordelt pr. ferjestrekning.
Korleis kan samtidig samferdselsministeren vise til og minne om at det er fylkeskommunane som har ansvaret for fylkesferjedrifta og finansieringa av dette, når statsråden samtidig instruerar og tar frå fylka dette ansvaret?

Begrunnelse

I svar på skriftleg spørsmål frå underteikna til statsråden i spørsmål nr. 72 svarer ikkje samferdselministeren på det eg faktisk stiller spørsmål om.
Eg får prøve igjen, og ber no statsråden vere oppmerksom på at det SKAL svarast korrekt på spørsmåla som vert stilt frå Stortinget til regjeringa, ikkje omtrentleg eller unnvikande.
Regjeringa har innført gratisferjer i ein rekker av ferjesamband i ulike fylker, og lagt til grunn ein kompensasjon med bakgrunn i ein eller anna beregningsmetode og grunnlag.
- det er dette grunnlaget eg har etterlyst og som eg krever svar og ei oversikt over.
I svar på mitt spørsmål nr 72, skriver statsråden følgjande:

"Inntektsmodellen i ferjekriteriet er justert for å ta omsyn til det samla inntektsbortfallet som følgje av reduserte ferjetakstar og innføring av gratis ferje. Dei fylkeskommunane som har den største reduksjonen i billettinntekter, skal òg ha den største delen av kompensasjon."

Regjeringa har tydelegvis lagt til grunn eit eller anna beregningsgrunnlag for å kunne kompensere fylkeskommunane sine tap av inntekter på dei ulike innføringane av gratisferjer, og sågar straffa fylker som innført betaling igjen med å trekke ut tilskott i rammeoverføringane.
Derfor kan det ikkje vere særleg vanskeleg og innvikla for samferdselsministeren å kunne svare konkret og korrekt på kva til dømes det totale bortfallet av inntekter for dei ulike gratisferjene i Møre og Romsdal var i regjeringa sitt beregningsgrunnlag, på innføringstidspunktet.
Når regjeringa har innført gratisferjer, og kompensert det dei meiner er inntektstapet til fylkeskommunanen, er det også åpenbart eit krav at regjeringa legger fram disse beregningane med dokumentasjon på korleis dei har kome fram til disse tallgrunnlaga.
Det er like åpenbart at dersom regjeringa ikkje har eit system for å kunne fange opp kostnadsaukane i dei ulike kontraktene etter at regjeringa sjølve til dømes har ført ein politikk som har drevet både straum og drivtsoffprisane til himmels, likeså det meste av andre kostnadsdrivarar.
Dersom dette ikkje blir kompensert, betyr det i realiteten at fylkeskommunane får eit betydeleg tap i ferjedrifta dag for dag, år for år, påført og styrt av regjeringa utan muligheit for fylka å kunne påverke eller stoppe dette.

Svar

Samferdselsministeren Jon-Ivar Nygård, 25. oktober 2024

Tiltak som gjer det enklare for folk å bu i øysamfunn og langs kysten er viktig for denne regjeringa. Difor har regjeringa lagt til rette for å halvere takstane i ferjedrifta samanlikna med 2021, og lagt til rette for gratis ferjer til øyar og andre samfunn utan vegsamband til fastlandet og gjere ferjesamband med under 100 000 passasjerar årleg gratis.

Innføringa av gratis ferje og reduksjonen i ferjetakstane har blitt kompensert gjennom fleire aukingar av rammetilskotet i perioden 2021–2024. Kompensasjonen er vidareført innanfor rammetilskotet, og utgjer i 2024 om lag 1 046 mill. kr (i 2024-kroner), inkludert 258 mill. kr som Solberg-regjeringa føreslo til takstreduksjonar i 2022, jf. Prop. 1 S (2021–2022). Den samla kompensasjonen til fylkeskommunane tek utgangspunkt i inntektstal frå 2019, som var det siste «normalåret» før koronapandemien. Inntektstala frå 2019 for sambanda i Møre og Romsdal går fram av tabell nedanfor.

Finansieringa for reduserte takstar og gratis ferje heng saman. I berekninga av kompensasjonen til fylkeskommunane for innføring av gratis ferje, er det tatt høgde for at ferjetakstane er halvert på alle ferjesamband og at fylkeskommunane er kompensert for dette gjennom rammetilskotet. I berekningsgrunnlaget for gratis ferje inngår difor også reduserte takstar. Tabellen nedanfor viser eit anslag på fylkesfordelinga av den samla kompensasjonen for takstreduksjon og gratis ferje i 2022 og 2023 (nominelle tal). Midlane til takstreduksjon blei i 2022 og 2023 fordelte etter dei estimerte billettinntektene som blir brukte til å berekne kriteriet for ferjer i inntektssystemet for fylkeskommunane, medan midlane til gratis ferjer i desse åra blei gjevne med ei særskilt fordeling innanfor rammetilskotet.

i tusen kr
Fylkeskommune 2022 2023
Oslo 0 0
Rogaland 22 676 33 029
Møre og Romsdal 186 575 235 698
Nordland 86 920 138 402
Viken 3 250 11 903
Innlandet 1 274 1 693
Vestfold og Telemark 7 061 11 131
Agder 4 493 7 928
Vestland 138 360 198 007
Trøndelag 64 480 86 105
Troms og Finnmark 47 811 71 281
Sum 562 900 795 177

Frå og med 2024 blir ikkje lenger kompensasjon for gratis ferje gitt med ei særskilt fordeling. Midlane til takstreduksjon og gratis ferje er lagt inn i ferjekriteriet i rammetilskotet til fylkeskommunar, jf. Prop. 112 S (2022–2023) Kommuneproposisjonen 2024 og Innst. 488 S (2022–2023). Som det går fram av proposisjonen, er inntektsmodellen i ferjekriteriet justert for å ta omsyn til det samla inntektsbortfallet som følgje av reduserte ferjetakstar og innføring av gratis ferje. Dei fylkeskommunane som har den største reduksjonen i billettinntekter, skal og ha den største delen av kompensasjon.

Det finst ikkje berekningar på korleis inntektsmodellen ville vore utan ordninga med gratis ferje og utan takstreduksjonen, og det kan difor heller ikkje bereknast korleis effekten av denne endringa fordeler seg mellom fylkeskommunane. Eg har difor ikkje tal for korleis kompensasjonen fordeler seg mellom fylkeskommunane i 2024 og i budsjettforslaget for 2025. Samla heilårseffekt for kompensasjon til fylkeskommunane for takstreduksjon og gratis ferje blir om lag 1 046 mill. kr i 2024 og 1 089 mill. kr i 2025 (nominelle tal).

Berekningsgrunnlaget for reduserte takstar og gratis ferje er i all hovudsak basert på trafikkstatistikk frå ferjedatabanken for året 2019. Det er gjort nokre fråtrekk grunna nedlegging av samband og strekningar. Det var òg lagt på eit påslag for å ta omsyn til sambanda som ikkje rapporterte statistikk til ferjedatabanken. Under desse føresetnadene var inntekta på fylkeskommunale samband om lag 1 240 mill. kr i 2019 (eksl. mva og bompengar). Dette er utgangspunktet for berekningsgrunnlaget for gratis ferje og reduserte takstar. Tabellen nedanfor viser oversikt over inntektene på alle fylkeskommunale samband i Møre og Romsdal i 2019. Merk at det er avvik mellom nye berekningar og det fylkeskommunen mottar i auka tilskot. Dette skuldast mellom anna at inntektene vert fordelte gjennom ferjekriteriet. Tiltaka er innførte over fleire år, og grunnlaget har endra seg gjennom tidsperioden.

Samband Faktisk pris etter rabatt / eksl. mva og bompengar

(i tusen kr) Innføringstidspunkt for gratis ferje
Hundeidvika–Festøya 2 721 1. juli 2022
Molde - Sekken 1 741 1. juli 2022
Småge - Orta - Finnøya - Sandøya - Ona 2 908 1. juli 2022
Sæbø - Leknes - Skår - Trandal – Standal* 3 341 1. juli 2022
Stranda - Liabygda 20 945
Eidsdal - Linge 28 445
Sykkylven - Magerholm 65 642
Brattvåg – Dryna** 18 554 16. august 2023
Skjeltene - Lepsøya – Haramsøya*** 14 031
Solholmen - Mordalsvågen 12 402 16. august 2023
Aukra - Hollingsholmen 25 367 16. august 2023
Åfarnes - Sølsnes 60 860
Kvanne - Rykkjem 14 512
Arasvika - Hennset 3 218 1.juli 2023
Seivika - Tømmervåg 26 826
Edøya - Sandvika 12 318 16. august 2023
Volda - Lauvstad 10 934
Larsnes - Åram - Voksa - Kvamsøya 5 631 1. juli 2022
Årvika - Koparneset 17 823
Hareid - Sulesund 101 468
Sum 449 688
* Sambandsstruktur er endra. I grunnlag for å berekne effektar av takstreduksjonar vart det føresett at dette ikkje påverka inntektsgrunnlaget.
** Deler av sambandet er nedlagt grunna opning av Nordøyvegen. Inntekta på strekninga som ikkje er nedlagt (Brattvåg-Dryna) var på om lag 5,5 mill. kr i 2019.
*** Nedlagt grunna opning av Nordøyvegen

Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Frank Edvard Sve →

Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.