Skriftlig spørsmål nr. 69 · 2024-2025
Kan samferdselsministeren leggje fram ei spesifisert oversikt over forslaget til statsbudsjett frå regjeringa ang. forslaget på 481 million kr til fylkesvegane, fordelt mellom rassikring, tunellsikkerhetsforskrifta og sikring av bruer, og midlar til generelt vedlikehold av fylkesvegnettet?
Frank Edvard Sve (FrP) stilte spørsmålet til samferdselsministeren, Jon-Ivar Nygård, 8. oktober 2024. Svaret kom 14. oktober 2024.
- Fra
- Frank Edvard Sve (FrP)
- Til
- Samferdselsministeren · Jon-Ivar Nygård
- Datert
- 8. oktober 2024
- Besvart
- 14. oktober 2024
Spørsmål
Kan samferdselsministeren leggje fram ei spesifisert oversikt over forslaget til statsbudsjett frå regjeringa ang. forslaget på 481 million kr til fylkesvegane, fordelt mellom rassikring, tunellsikkerhetsforskrifta og sikring av bruer, og midlar til generelt vedlikehold av fylkesvegnettet?
Begrunnelse
I Statsbudsjettet frå regjeringa er det lagt til grunn ein auke til fylkeskommunane med 481 million kr til fylkesvegane.
I Nasjonal transportplan var lovnaden frå regjeringa 1 milliard kr i auke pr. år til fylkesvegane, som skulle trappast opp i siste seksårsperioden.
Dette er samla løyvingar slik eg forstår dette inkludert midlar til rassikring, tunellsikkerhetsforskrifta og utbedring av beredskapsbruer, og til generelt vedlikehold av fylkesvegnettet.
Svar
Samferdselsministeren Jon-Ivar Nygård, 14. oktober 2024
I all hovudsak vert fylkesveg finansiert gjennom fylkeskommunane sine frie inntekter, som stort sett består av skatteinntekter og rammetilskotet til fylkeskommunar. Investeringar i fylkesveg vert òg finansiert med mellom anna lån og bompengefinansiering. I 2023 var dei samla frie inntektene for fylkeskommunane på om lag 88,1 mrd. kr, og i same år brukte fylkeskommunane nærare 24,5 mrd. kr på drift, vedlikehald og investering på fylkesvegnettet. Av dette var i underkant av 12 mrd. kroner knytt til drift og vedlikehald.
Regjeringa har styrka fylkeskommunen sin samla økonomi ved å auke dei frie inntektene til kommunesektoren. Midlane som kjem i ramma til Nasjonal transportplan 2025–2036 utgjer kun ein liten del av midlane fylkeskommunane har til fylkesveg.
I dei økonomiske rammene i Nasjonal transportplan 2025–2036 er følgjande postar og saker til særskild fordeling (tabell C) i rammetilskotet til fylkeskommunar definerte til fylkesvegformål:
• Kap. 572 Rammetilskot til fylkeskommunar, post 60 Innbyggjartilskot: Tabell C-sakene, Opprusting og fornying av fylkesvegnettet, Kompensasjon for forskrift om tunnelsikkerheit og Ras- og skredsikring fylkesveg
• Kap. 1320 Statens vegvesen, post 61 Rentekompensasjon for transporttiltak i fylka
• Kap. 1320 Statens vegvesen, post 64 Utbetring på fylkesvegar for tømmertransport
• Kap. 1320 Statens vegvesen, post 65 Tilskot til fylkesvegar
• Kap. 1320 Statens vegvesen, post 67 Militær mobilitet på fylkesvegar
Regjeringa la i Nasjonal transportplan 2025–2036 opp til å avvikle tilskotsordninga
Tilskudd til fylkesveier, og overføre midlane til tabell C-saka Opprusting og fornying av fylkesvegnettet. Dette er følgt opp i budsjettframlegget. Fordelinga mellom fylkeskommunane vert den same, men endringa reduserer dei administrative kostnadane både for fylkeskommunane og staten. Auken i midlar til fylkeskommunane kjem i tillegg til denne endringa.
Den årlege løyvinga til kap. 1320, post 61 Rentekompensasjon for transporttiltak i fylka, er basert på rentenivået. I 2025 er det lagt til grunn rentekompensasjon for 4,0 prosent, og rentekompensasjonsordninga aukar med 74,7 mill. kr frå saldert budsjett 2024. Ordninga er regelstyrt og har derfor ikkje vore inkludert i omtalen av auken frå 2024 til 2025, sjølv om ordninga er inkludert i fylkesvegformål i Nasjonal transportplan 2025–2036.
Regjeringa foreslår å løyve 480,5 mill. kr meir til fylkesveg i 2025 enn i 2024. Dette er ein auke på 11,4 prosent frå 2024-budsjettet. Fordelinga går fram av tabellen under:
i 1 000 kr
Saldert budsjett
2024 Forslag 2025 Endring
Kap. 1320 Statens vegvesen
Post 61 Rentekompensasjon for transporttiltak i fylka 376 000 450 700 74 700
Post 64 Utbetring på fylkesvegar for tømmertransport 22 400 1 500 -20 900
Post 65 Tilskot til fylkesvegar 415 300 0 -415 300
Post 67 Militær mobilitet på fylkesvegar - 50 000 50 000
Sum Statens vegvesen, fylkesvegformål i
Nasjonal transportplan 813 700 502 200 -311 500
Kap. 572 Rammetilskot til fylkeskommunar
Post 60 Innbyggjartilskot
Tabell C: Opprusting og fornying av fylkesvegnettet 1 751 996 2 555 325 803 329
Tabell C: Kompensasjon for forskrift om tunnelsikkerheit 604 352 629 130 24 778
Tabell C: Ras- og skredsikring fylkesveg 941 816 980 430 38 614
Sum Rammetilskot til fylkeskommunar, Tabell C, fylkesvegformål
i Nasjonal transportplan 3 298 164 4 164 886 866 722
Sum fylkesvegformål i Nasjonal transportplan 4 111 864 4 667 086 555 222
Sum fylkesvegformål i Nasjonal transportplan, ekskl. post 61
Rentekompensasjon for transporttiltak i fylka 3 735 864 4 216 386 480 522
Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Frank Edvard Sve →
Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.