Hopp til innhold
Fredag 13. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


← Spørsmål til regjeringen

Skriftlig spørsmål nr. 2551 · 2023-2024

I Nasjonal gjennomføringsplan for MC, moped og ATV for 2022-2025 er det sett mål om at risikoen for å bli drepen eller hardt skadd på motorsykkel og moped skal vere 25 prosent lågare i planperioden …

Liv Kari Eskeland (H) stilte spørsmålet til samferdselsministeren, Jon-Ivar Nygård, 15. august 2024. Svaret kom 23. august 2024.

Til
Samferdselsministeren · Jon-Ivar Nygård
Datert
15. august 2024
Besvart
23. august 2024

Spørsmål

I Nasjonal gjennomføringsplan for MC, moped og ATV for 2022-2025 er det sett mål om at risikoen for å bli drepen eller hardt skadd på motorsykkel og moped skal vere 25 prosent lågare i planperioden 2022-2025 samanlikna med perioden 2017-2020 (per personkm).
Kva er status for dette målet no, eit år før gjennomføringsplanen går ut?

Svar

Samferdselsministeren Jon-Ivar Nygård, 23. august 2024

Risikotal for dei ulike køyretøygruppene blir estimerte og rapporterte av Transportøkonomisk institutt (TØI). Den siste risikorapporten er «Risiko i veitrafikken 2021/22» frå 2024. Rapporten bygger på offisielle ulykkestal og eksponeringstal frå den nasjonale reisevaneundersøkinga i 2021 og 2022, i tillegg til data frå TØI sine årlege berekningar av transportytingar i Norge.
Figuren under er henta frå «Risiko i veitrafikken 2021/22», og syner at risikoen for å bli drepen eller hardt skadd på moped og lett MC gjekk noko ned frå 2018 til 2022. For tung MC var det ein svak auke. Tabellen syner òg med tydelegheit skilnaden i risiko mellom bilførarar og motorsyklistar. Basert på tal frå 2021 og 2022, er risikoen for å bli drepen eller hardt skadd per km om lag 60 gonger høgare for dei som køyrer lett MC samanlikna med bilførarar. Statens vegvesen opplyser at dei ikkje no har nye eksponeringstal, som kan oppdatere utviklinga i risiko for åra etter 2022.
Ut frå dei ulykkestala vi ser, er det diverre ikkje grunn til å tro at vi har redusert risiko i 2023 og så langt i 2024. Det er difor truleg at vi så langt ikkje har nærma oss målet i tilstrekkeleg grad. Status vil bli gjort etter tiltaksperioda.

Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Liv Kari Eskeland →

Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.