Hopp til innhold
Fredag 13. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


← Spørsmål til regjeringen

Skriftlig spørsmål nr. 2550 · 2023-2024

Visar til at Vegdirektoratet ikkje vil godkjenna tiltaksplanen for oppgradering av Lærdalstunnelen. Grunngjevinga er det manglar rømmingsvegar. Korleis vil statsråden fylgja opp kravet om rømmingsvegar og kva vil det ha seia for vidare framdrift i arbeidet med å sikra Lærdalstunnelen?

Liv Kari Eskeland (H) stilte spørsmålet til samferdselsministeren, Jon-Ivar Nygård, 15. august 2024. Svaret kom 23. august 2024.

Til
Samferdselsministeren · Jon-Ivar Nygård
Datert
15. august 2024
Besvart
23. august 2024

Spørsmål

Visar til at Vegdirektoratet ikkje vil godkjenna tiltaksplanen for oppgradering av Lærdalstunnelen. Grunngjevinga er det manglar rømmingsvegar.
Korleis vil statsråden fylgja opp kravet om rømmingsvegar og kva vil det ha seia for vidare framdrift i arbeidet med å sikra Lærdalstunnelen?

Begrunnelse

Tidsskriftet Byggeindustrien skriv på bygg.no at Vegdirektoratet ikkje vil godkjenna tiltaksplanen for oppgradering av Lærdalstunnelen. Grunngjevinga er det manglar rømmingsvegar.
Vegdirektoratet oppmodar om at det det vert arbeidd vidare med å finna tiltak som tilfredsstiller krava i føresegnene om tunneltryggleik. Direktoratet peikar vidare på at det er Samferdsledepartementet som eventuelt må søkja om unntak frå EU sitt tunneldirektiv.

Svar

Samferdselsministeren Jon-Ivar Nygård, 23. august 2024

E16 Lærdalstunnelen er 24,5 km lang og den lengste vegtunnelen i verda. Den vart opna i 2000 og er eit hovudsamband mellom Austlandet og Vestlandet.
Vegdirektoratet ved Myndighet og regelverk (MoR) har ansvaret for tryggingsgodkjenning etter tunnelsikkerhetsforskrift for riksveg- og fylkesvegtunneler som er over 500 meter. Statens vegvesen er veg- og tunnelforvaltar. Statens vegvesen har ansvaret for tryggingsoppgraderinga og har søkt om godkjenning av plan for oppgradering av tunnelen.
Vegdirektoratet har avslått søknad om godkjenning av tiltaksplan i samband med oppgradering av Lærdalstunnelen. Sjølv om tryggingsnivået samla sett aukar, konkluderer Vegdirektoratet med at eit av krava i forskrifta ikkje er tilstrekkeleg dokumentert i søknaden.
Lærdalstunnelen er sikker i dag og med den planlagde oppgraderinga vil tryggingsnivået bli ytterlegare auka. Oppgraderinga inneber mellom anna at alt av teknisk utstyr, styring, lys og tryggingsutstyr skal bytast ut. Det skal etablerast nye tekniske rom med havarilommer for kvar kilometer og det skal byggast nye sjaktventilatorer med dublert løysing.
Statens vegvesen skal jobbe vidare med tryggleik i Lærdalstunnelen og er i tett dialog med Vegdirektoratet. Det er ein jobb å gjera for at tunnelen også kan oppfylla det siste punktet i forskrifta. Det skjer mykje på det teknologiske området og det blir stadig utvikla nye løysingar. Difor har Statens vegvesen ambisjonar om å finna tilfredsstillande løysingar som ikkje har konsekvensar for framdrifta for oppgradering eller for trafikkregulering.
Arbeidet med å oppgradera Lærdalstunnelen skal etter planen starte i 2026. Ifølgje Vegdirektoratet er det ikkje noko i vegen for at arbeidet med oppgraderinga kan starta før den siste tryggingsgodkjenninga er på plass.

Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Liv Kari Eskeland →

Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.