Hopp til innhold
Fredag 13. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


← Spørsmål til regjeringen

Skriftlig spørsmål nr. 2534 · 2023-2024

Den danske regjeringa har nylig lagt fram ein «iværksætterstrategi» med mål om at Danmnark skal vere verdas beste land å starte og bygge bedrifter i. Dei viktigaste tiltaka er målretta skattegrep for …

Alfred Jens Bjørlo (V) stilte spørsmålet til næringsministeren, Cecilie Myrseth, 12. august 2024. Svaret kom 21. august 2024.

Til
Næringsministeren · Cecilie Myrseth
Datert
12. august 2024
Besvart
21. august 2024

Spørsmål

Den danske regjeringa har nylig lagt fram ein «iværksætterstrategi» med mål om at Danmnark skal vere verdas beste land å starte og bygge bedrifter i. Dei viktigaste tiltaka er målretta skattegrep for å fjerne «skattefeller» og redusere skattebyrden på å bygge startup-bedrifter. Er Næringsministeren enig i at målretta skattekutt for å gjere det lettare å bygge nye bedrifter i Noreg, herunder å fjerne den særnorske formuesskatten på arbeidande kapital, må stå sentralt også i den varsla grunderplanen frå den norske regjeringa?

Svar

Næringsministeren Cecilie Myrseth, 21. august 2024

Me tar sikte på å leggja fram den første stortingsmeldinga om gründerar og oppstartsbedrifter til hausten. Meldinga vil ta for seg politikkområde og rammevilkår som til dømes kapitalmarknaden, kompetanse, sosiale ordningar, EU-verkemiddel og fleire. Breidda i meldinga reflekterer at samla rammevilkår består av mange forhold som speler saman og legg grunnlaget for verdiskaping i nye og eksisterande verksemder.
Gründerar og oppstartsbedrifter er ei viktig kjelde til fornying i økonomien. Oppstartsbedrifter bringar til marknaden nye idear, forretningsmodellar, prosessar og nye produkt og tenester.
Me treng gründerar og oppstartsbedrifter for å ha eit konkurranse- og tilpassingsdyktig næringsliv, og dei vil vera avgjerande for at me klarer å handtera den grøne omstillinga.
Samanlikna med andre land blir det etablert mange føretak i Noreg kvart år, men mange av desse har ikkje vesentleg aktivitet eller vekst. Dette ønskjer me å sjå nærare på i stortingsmeldinga.
Eg er klar over at det i Danmark har lansert ein strategi for oppstartsselskap mm. Det gler meg at andre land også har søkjelys på dette. Me har også mykje å læra av kvarandre, og derfor er det svært interessant å sjå til andre land og korleis dei jobbar på desse områda. La meg likevel påpeika éin ting. Som næringsminister er eg oppteken av at samla rammevilkår skal leggja til rette for størst mogleg verdiskaping i norsk økonomi, innanfor berekraftige rammer. Det inneber å bevara det overordna blikket og sjå summen av rammevilkåra. Den danske strategien gjer tilsynelatande noko av det same. Medan stortingsrepresentanten påstår at dei viktigaste tiltaka er «skattegrep», seier strategien noko anna. Strategien fokuserer på fem hovudområde, og skatt er ein del av eitt av hovudområda. Stortingsrepresentanten verkar å sjå bort frå andre viktige område strategien tek for seg, til dømes redusering av administrative byrder, tiltak retta mot unge talent og auka vitskapsbasert gründerverksemd.
Skatt er ein del av rammevilkåra for oppstartsselskap og gründerar, men det er også mykje anna som speler inn. Derfor vil me i gründermeldinga behalda heilskapsblikket med det beste for norsk verdiskaping i tankane. Og når meldinga er lagd fram, ser me fram til debatt og konstruktive innspel.

Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo →

Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.