Hopp til innhold
Fredag 13. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


← Spørsmål til regjeringen

Skriftlig spørsmål nr. 2523 · 2023-2024

Kva vil statsråden gjere for å sikre at leigetakarar har tilgang til nødvendig rettshjelp?

Birgit Oline Kjerstad (SV) stilte spørsmålet til kommunal- og distriktsministeren, Erling Sande, 8. august 2024. Svaret kom 16. august 2024.

Til
Kommunal- og distriktsministeren · Erling Sande
Datert
8. august 2024
Besvart
16. august 2024

Spørsmål

Kva vil statsråden gjere for å sikre at leigetakarar har tilgang til nødvendig rettshjelp?

Begrunnelse

Laurdag 3. august sto det i Klassekampen at leigetakarar snart ikkje får nødvendig juridisk hjelp. Leigebuarforeininga seier dei merker at presset frå leigetakarar som har problem aukar. Fleire og fleire spør etter juridisk hjelp. Foreininga vurderer no inntaksstopp fordi dei ikkje har nok ressursar til å imøtekome alle som treng hjelp. Dette skjer samtidig som fleire leigetakarar hamnar i konflikt med utleigar fordi dei leiger ein bustad som er for dårleg. I fylgje ei medlemsundersøking gjort av Leigebuarforeininga har 70 prosent av medlemane funne manglar ved leigebustaden etter at dei har flytta inn. Dette skjer samtidig som at leigetakarane må på bustadjakt i ein svært pressa bustadmarknad.

Svar

Kommunal- og distriktsministeren Erling Sande, 16. august 2024

Eg vil først vise til at tilgangen til fri rettshjelp er regulert i rettshjelpslova. Det er ei sosial støtteordning under Justis- og beredskapsdepartementet med formål å sikre nødvendig juridisk bistand til personar som ikkje sjølv har økonomiske føresetnader for å kunne ivareta eit rettshjelpsbehov av stor personleg og velferdsmessig betydning. Fleire frivillige organisasjonar gir òg gratis rettshjelp, utan at dette er omfatta av ordninga.
I tillegg er det organisasjonar som gir gratis juridisk bistand til sine medlemmer. Leieboerforeningen, som du viser til, er ein av desse. Eg meiner dei har ei viktig rolle i den norske bustadpolitikken, og derfor støtter regjeringa Leieboerforeningen med årlege driftstilskot.
Eg vil òg vise til Husleietvistutvalet (HTU) og den viktige jobben dei gjer for å sikre rettstryggleiken til leigetakarar og utleigarar. HTU er ei statleg landsdekkjande verksemd som handsamar tvistar etter husleigelova. Dei har spesialkompetanse på husleigerett, og gir informasjon og rettleiing om rettar og pliktar i leigeforholdet. Dei avgjer tvistesaker gjennom vedtak, og dei legg òg til rette for at saker kan bli løyste ved mekling.
Regjeringa sitt mål er at leigemarknaden skal vere trygg og føreseieleg. Sjølv om mange er nøgde med leigeforholdet sitt, er eg merksam på at det er utfordringar. Presset i leigemarknaden er høgt fleire stader i landet, fleire slit med å finne ein bustad og bustadene kan vere dyre og ha dårleg kvalitet. I bustadmeldinga regjeringa la fram for Stortinget i vår, gir vi ei samla og grundig omtale av både utfordringar og tiltak. Vi vil blant anna fornye husleigelova, og eg ser fram til å ta imot rapporten frå utvalet som skal foreslå endringar i lova. I tillegg betrar vi informasjonen om rettigheiter og plikter i leigeforhold, vi betrar bustøtta og gjer tiltak for å stimulere til fleire utleigebustader.

Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Birgit Oline Kjerstad →

Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.