Hopp til innhold
Fredag 13. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


← Spørsmål til regjeringen

Skriftlig spørsmål nr. 2517 · 2023-2024

Kan kommunalministeren dokumentere at det er god regnskapsskikk at fylkeskommunen for å fullfinansiere eit rassikringsprosjekt på 50 mill. kr, brukar momskompensasjonen frå dei 40 mill. kronene frå …

Frank Edvard Sve (FrP) stilte spørsmålet til kommunal- og distriktsministeren, Erling Sande, 8. august 2024. Svaret kom 16. august 2024.

Til
Kommunal- og distriktsministeren · Erling Sande
Datert
8. august 2024
Besvart
16. august 2024

Spørsmål

Kan kommunalministeren dokumentere at det er god regnskapsskikk at fylkeskommunen for å fullfinansiere eit rassikringsprosjekt på 50 mill. kr, brukar momskompensasjonen frå dei 40 mill. kronene frå staten til delvis fullfinansiering, der fylkeskommunen i så fall vil kunne få momskompensasjon for andre gong på dei same pengane og frå momskompensasjonen som har kome frå ei statlig løyving?

Begrunnelse

Møre og Romsdal fylkeskommune har fått eit akutt rassikringsprosjekt på FV 63 Trollstigen, med eit øyeblikkeleg investeringsbehov på 50 mill. kr.
Denne vegstrekninga over Trollstigen er eit av landets mest besøkte turistdestinasjon, med omlag1 million besøkande til dette området kvart år.
Rassikring både på riks og fylkesvegar har alltid blitt fullfinansiert av staten, noko ein også i dette tilfellet burde forvente vart gjort, spesielt med tanke på at FV 63 Trollstigen er av landets viktigaste Nasjonale turistvegar.
Regjeringa har gjeve eit tilsagn på 40 mill. kr i tilskott til denne rassikringa, som betyr at fylkeskommunen må finansiere dei resterande 10 mill. kr til dette rassikringstiltaket.
Fylkeskommunen har varsla ein heller "kreativ" finansieringsmetode, der fylkeskommunen sin andel av rassikringsprosjektet er tenkt delvis finansiert av momskompensasjonen fylket får frå dei 40 mill. kr frå staten.
Dette betyr at fylket i så fall brukar momskompensasjonen dei ikkje har fått, som grunnlag for ei finansiering, noko som regelrett er ein underleg praksis.

"Når fylket legg til grunn å bruke momskompensasjon frå staten sine investeringar som dei ikkje har motteke til fullfinansiering av prosjektet, vil dei også motta momskompensasjon på momskompensasjonspengane frå staten for andre gong."

Fylkeskommune direktøren seier følgjande ang dette forholdet:

"Vi får tilbake momskompensasjon terminvis, altså seks ganger i året, så mellomfinansieringsperioden er svært kort. Alle fylkeskommuner og kommuner gjør det på samme måte, noe som også er i henhold til kommunelov med tilhørende forskrifter og God kommunal regnskapsskikk."

At dette kan vere god regnskapsskikk er for meg underleg.

Svar

Kommunal- og distriktsministeren Erling Sande, 16. august 2024

Retten for fylkeskommunane til å få kompensert meirverdiavgift er regulert i lov om kompensasjon for meirverdiavgift for kommunar, fylkeskommunar mv. Fylkeskommunane kan, med unntaka som er lista opp i lova § 4 og innanfor dei avgrensingane rundt sum og forelding som følgjer av §§ 6 og 10, krevje kompensasjon for meirverdiavgifta dei har betalt på varer og tenester som dei brukar i eiga verksemd. Om anskaffinga er finansiert med statlege løyvingar, fylkeskommunale midlar eller på anna vis, har ikkje noko å seie for retten til meirverdiavgiftskompensasjon.
Fylkeskommunen fører inntekta frå kompensasjonen i drifts- eller investeringsrekneskapen når inntekta kan seiast å vere kjend. Dette følgjer av kommunelova § 14-6. For meirverdiavgiftskompensasjon vil kravet vere kjend når meirverdiavgifta som fylkeskommunen har rett til, kjem til. Fylkeskommunen inntektsfører altså kompensasjonen i takt med at meirverdiavgifta vert utgiftsført i drifts- eller investeringsrekneskapen. I rekneskapen vil altså betalt og kompensert meirverdiavgift motsvare kvarandre.
Om til dømes ei anskaffing kostar 50 mill. kroner inkludert 10 mill. kroner i meirverdiavgift, vert meirverdiavgifta på 10 mill. kroner kompensert, medan dei resterande 40 mill. kronene må dekkast på anna vis.

Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Frank Edvard Sve →

Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.