Skriftlig spørsmål nr. 2375 · 2023-2024
Kan samferdselministeren leggje fram ei oversikt som syner kva eigendommar som er innløyst i samband med planlegginga av Møreaksen, til kva kostnad og synleggjort i eigen tabell?
Frank Edvard Sve (FrP) stilte spørsmålet til samferdselsministeren, Jon-Ivar Nygård, 18. juni 2024. Svaret kom 1. juli 2024.
- Fra
- Frank Edvard Sve (FrP)
- Til
- Samferdselsministeren · Jon-Ivar Nygård
- Datert
- 18. juni 2024
- Besvart
- 1. juli 2024
Spørsmål
Kan samferdselministeren leggje fram ei oversikt som syner kva eigendommar som er innløyst i samband med planlegginga av Møreaksen, til kva kostnad og synleggjort i eigen tabell?
Begrunnelse
Ang. prosjektet Møreaksen er det angjeveleg blitt gjennomført fleire innløysingar av eigendommar med bakgrunn i planlegging av dette prosjektet.
Møreaksen er no ute av NTP i regjeringa sitt framlegg og det ligg heller ikkje til grunn at prosjektet blir lagt inn med fleirtalsvedtak i behandlinga av ny NTP i Stortinget.
Svar
Samferdselsministeren Jon-Ivar Nygård, 1. juli 2024
E39 Ålesund – Molde var omtalt i NTP 2022–2033 med oppstart i første 6-årsperiode. Samferdselsdepartementet sette i gang ekstern kvalitetssikring, KS2, tidleg i 2022. Som ein konsekvens av dette, vurderte Statens vegvesen då at det var naudsynt å gjennomføre førebuingar i prosjektet, for å klargjera prosjektet Vik – Molde til anleggsstart. Statens vegvesen har ein generell fullmakt til å pådra forpliktingar knytt til slike førebuingar, sjølv om prosjektet ikkje er vedteken av Stortinget. Grunnerverv faller inn under definisjonen av førebuande arbeider, jf. romertallsvedtak V, punkt 5 i Prop. 1 S (2021–2022).
Grunnerverv for næringseigedomar kan verta særs tidkrevjande, då dei næringsdrivande treng tid til omstilling og å finna nye areal og lokalar. Det var eit viktig tema i reguleringsplan prosessane hjå kommunane og dei næringsdrivande. For nokre eigendomar vil reguleringsplanvedtak medføra rett til innløysing uavhengig om prosjektet blir sett i gang.
For NTP (2025–2036) ligg prosjektet i utviklingsporteføljen, etter 2036. Alle eigendomane som er erverva kan seljast dersom ikkje staten lengre har eit behov for dei.
Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Frank Edvard Sve →
Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.