Skriftlig spørsmål nr. 2329 · 2023-2024
Kva vil det berekna vedlikeholdsetterslepet på fylkesvegane verte i slutten av denne NTP-perioden etter regjeringa sitt NTP-grunnlag?
Frank Edvard Sve (FrP) stilte spørsmålet til samferdselsministeren, Jon-Ivar Nygård, 18. juni 2024. Svaret kom 20. juni 2024.
- Fra
- Frank Edvard Sve (FrP)
- Til
- Samferdselsministeren · Jon-Ivar Nygård
- Datert
- 18. juni 2024
- Besvart
- 20. juni 2024
Spørsmål
Kva vil det berekna vedlikeholdsetterslepet på fylkesvegane verte i slutten av denne NTP-perioden etter regjeringa sitt NTP-grunnlag?
Begrunnelse
Regjeringa legg til grunn i sin eigen NTP auka overføringar til fylkesvegane på 800 mill. kr årleg dei fyrste 6 åra og noko høgare dei siste 6 åra i planperioden.
Svar
Samferdselsministeren Jon-Ivar Nygård, 20. juni 2024
Fylkesveg finansierast i all hovudsak over rammetilskotet til Kommunal- og distriktsdepartementet som ein del av dei frie inntektene til fylkeskommunane.
Den finansielle ramma i Nasjonal transportplan 2025-2036 til fylkesveg utgjer berre ein mindre del av det fylkeskommunane har av midlar til fylkesveg. Det er difor ikkje mogleg å berekne korleis etterslepet på fylkesveg vil vere mot slutten av NTP-perioden, da dette også vil vere avhengig av korleis fylkeskommunane prioriterer sine midlar. I 2022 brukte fylkeskommunane 22,9 mrd. kr. til drift, vedlikehald og investering på fylkesvegnettet.
Regjeringa har lagt opp til ein satsing på fylkesveg i Nasjonal transportplan 2025-2036, og dette inneberer totalt 65 mrd. kr til fylkesveg og ei auke på totalt 15,7 mrd. kr over tolvårsperioden samanlikna med flat vidareføring av 2024-budsjettet. Denne satsinga vil sette fylkeskommunane i betre i stand til å ta vare på fylkesvegnettet.
Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Frank Edvard Sve →
Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.