Skriftlig spørsmål nr. 2315 · 2023-2024
Er statsråden enig med ordføraren i Sigdal at ressursene kan brukes på ein betre måte enn å bemanne eit kontor nesten ingen besøker?
Helge André Njåstad (FrP) stilte spørsmålet til justis- og beredskapsministeren, Emilie Mehl, 16. juni 2024. Svaret kom 20. juni 2024.
- Fra
- Helge André Njåstad (FrP)
- Til
- Justis- og beredskapsministeren · Emilie Mehl
- Datert
- 16. juni 2024
- Besvart
- 20. juni 2024
Spørsmål
Er statsråden enig med ordføraren i Sigdal at ressursene kan brukes på ein betre måte enn å bemanne eit kontor nesten ingen besøker?
Begrunnelse
Bygdeposten hadde denne veka ein interessant sak om det nyopna politistasjonen i Sigdal. Tittelen på saka var 29 personar har oppsøkt politistasjonen i Sigdal så langt. 17 av dei har gått «feil».
Ordføraren i kommunen Vebjørn Aasand Seljord uttaler og til avisa at han meiner politiressursene bør brukes bedre enn å bemanne eit kontor nesten ingen besøker.
Det har så langt gått med 50 dagsverk for å bemanne kontoret og dette tar kapasitet frå kontorene i Modum og Hønefoss.
Svar
Justis- og beredskapsministeren Emilie Mehl, 20. juni 2024
Regjeringa meiner at det lokale politiet i heile landet må styrkast, både for å sikre betre førebygging og for raskare respons ved alvorlege hendingar. Ein desentralisert politistruktur sikrar beredskap og nødvendig lokalkunnskap hos politiet. Derfor har regjeringa vedteke å etablere 20 nye tenestestader, mellom anna i Sigdal.
Tenestestadene er oppretta i dialog med kommunane og politidistrikta på stader der det er eit lokalt ønske om det, og geografiske faktorar eller kriminalitetsbildet tilseier at det bør opprettast. Sigdal kommune har gitt tydeleg uttrykk for at dei meiner at ein ny tenestestad i kommunen er særs viktig for å ivareta lokalkunnskap og lokalt førebyggjande arbeid og å vere til stades i kommunen. Dei lokale ønska frå kommunen vog tungt når regjeringa vedtok at Sigdal var ein av kommunane som skulle få ny tenestestad.
Tilbodet i Sigdal og andre nye tenestestader skal brukast til å styrkje politiet sitt nærvær og tenester i kommunen og GDE-en der tenestestaden vert etablert. Medarbeidarar ved desse tenestestadene skal så langt som råd er, møte opp og jobbe ut frå den nye tenestestaden. Tilbodet skal avklarast i samråd med kommunen gjennom det etablerte kommune-politi-samarbeidet. Gjennom dette samarbeidet kan kommunar som ønsker at politiet skal nytta ressursane sine annleis, ta det opp med politiet.
Politiet si oppgåve er både å jobbe førebyggjande og å avdekke og handtere kriminalitet. Formålet med å opprette nye tenestestader er å forsterke og forbetre dette arbeidet. Regjeringa har i revidert nasjonalbudsjett foreslått ei betydeleg styrking av politiet. Dette vil gjere politiet betre i stand til å handtere oppdraget sitt. Dette gjeld i heile landet. Sør-Øst politidistrikt vil vidare i løpet av året åpne passkontor i Sigdal.
Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Helge André Njåstad →
Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.