Skriftlig spørsmål nr. 2223 · 2023-2024
Kan næringsministeren gi ei oppdatert oversikt over utviklinga i tal nye gründerar, tal nye tidlegfasebedrifter med vekstpotensial, tal investeringar frå venturemiljø i norske selskap og tal søknader …
Alfred Jens Bjørlo (V) stilte spørsmålet til næringsministeren, Cecilie Myrseth, 6. juni 2024. Svaret kom 13. juni 2024.
- Fra
- Alfred Jens Bjørlo (V)
- Til
- Næringsministeren · Cecilie Myrseth
- Datert
- 6. juni 2024
- Besvart
- 13. juni 2024
Spørsmål
Kan næringsministeren gi ei oppdatert oversikt over utviklinga i tal nye gründerar, tal nye tidlegfasebedrifter med vekstpotensial, tal investeringar frå venturemiljø i norske selskap og tal søknader til Innovasjon Norge sine tidlegfasevirkemiddel frå 2015 fram til i dag, helst oppdatert med tal frå 1. kvartal 2024 samanlikna med 1. kvartal i åra før?
Svar
Næringsministeren Cecilie Myrseth, 13. juni 2024
Utviklinga i tal nye gründerar
Den mest pålitelege kjelda vi har til tal for nye gründerar er etablerarstatistikken til Statistisk sentralbyrå (SSB). Statistikken frå SSB skil mellom gründerar av personlege føretak og av gründerar av aksjeselskap. Tabellane under viser tal for dei to kategoriane.
Gründerar av personleg føretak
2015 2016 2017 2018 2019 2020 2021 2022
Ansvarleg selskap 296 213 179 186 194 223 178 209
Føretak med delt ansvar 1358 1359 1239 1006 907 965 1077 792
Enkeltpersonføretak 34168 34808 35240 34584 38495 38115 40278 39005
Tabell 1 - kjelde: SSB tabell 09308
Gründerar av aksjeselskap
2015 2016 2017 2018 2019 2020 2021 2022
Etablerarar AS og ASA 28327 31264 32388 31623 31156 35031 41493 34331
Tabell 2 - kjelde: SSB tabell 09308
Føresetnader for tala i tabell 1 og 2
Statistikken frå SSB kombinerer fleire register, mellom anna verksemd- og føretakregisteret og aksjonærregisteret. Dette inneber at det ikkje er oppdaterte tal lenger enn til 2022. Ein person kan vere registrert som gründer i begge tabellane dersom vedkomande både har etablert personleg føretak og aksjeselskap.
Tal nye tidlegfasebedrifter med vekstpotensial
På oppdrag frå Nærings- og fiskeridepartementet har Menon Economics nyleg kartlagt talet på oppstartsbedrifter i oppstartsfasen med vekstpotensial i Noreg. Tabellen under viser talet for perioden 2014 til 2022.
Tabell 3: Antal oppstartsføretak (to til fem år gamle) med vekstpotensial. Kjelde: Menon Economics (2024)
År Oppstartsselskap med vekstpotensial Netto endring frå førre år
2014 2108
2015 2510 402
2016 2882 372
2017 3144 262
2018 3248 104
2019 3348 100
2020 3364 16
2021 3282 -82
2022 3111 -171
Føresetnader for tala i tabell 3
Det er gjort ei rekkje føresetnader for å identifisere aktive gründerføretak med vekstpotensial. Mellom anna er det sett krav om at dei må vere aksjeselskap, ikkje vere omregistrerte eller dotterverksemder av utanlandske konsern, ikkje ha som føremål å berre eige andre verksemder, og ein eller fleire gründerar må vere inne på eigarsida.
For å kunne kategoriserast som oppstartsbedrift med vekstpotensial må selskapet i tillegg oppfylle eitt av dei tre kriteria nedanfor i perioden to til fem år etter første år med økonomisk aktivitet:
• Innovativt: Selskapet har motteke skattefrådrag for kostnader til forsking og utvikling, såkalla Skattefunn-støtte, minst éin gong i løpet av sine første fem år.
• J-kurve: Selskapet har hatt eit akkumulert driftsunderskot som var dobbelt så stort som akkumulert omsetning i dei første to til fem åra, og har registrerte lønskostnader.
• Kapitalintensivt: Selskapet har gjennomført ei emisjon og auka sin innskotne eigenkapital med minimum 100 000 kroner.
Sidan kriteria er avhengige av rekneskapstal, er tala ikkje fordelte på kvartal og tal for 2023 føreligg ikkje.
Investeringar frå venturemiljø i norske selskap
I tabellane under er det gjeve ei oversikt over høvesvis antal investeringar og investert beløp i både såkorn- og venturefasen i norske porteføljebedrifter i perioden 2015–2023.
Tabell 4: Antal investeringar i norske porteføljeføretak i såkorn- og venturefasen 2015-2023. Kjelde: NVCA sin aktivitetsrapport 2023 (figur 15), tal utarbeida av Menon Economics.
Såkornfasen Venturefasen
2015 67 83
2016 56 112
2017 69 120
2018 99 59
2019 91 118
2020 65 137
2021 103 119
2022 109 116
2023 62 104
Tabell 5: Totalt beløp (i millionar kroner) investert i Norske porteføljeselskap i såkorn og venturefasen. Kjelde: NVCA sin aktivitetsrapport 2023 (figur 14), tal utarbeida av Menon Economics
Såkornfasen Venturefasen
2015 142 446
2016 94 940
2017 186 928
2018 253 822
2019 258 1305
2020 273 1102
2021 467 1857
2022 433 1348
2023 245 2756
Føresetnader for tala i tabell 4 og 5
Venturefasen er i denne samanhengen definert som fasen der føretaket har noko omsetning, og eit produkt eller ein pilot er introdusert i marknaden, men ein er framleis i ein tidleg fase med utvikling av produktet, marknadsføring og oppskalering av verksemda. Såkornfasen er i denne samanhengen definert som fasen før føretaket har introdusert produkt til marknaden og før omsetning.
Alle tala er henta frå Norsk Venturekapitalforening (NVCA) som i samarbeid med Menon Economics og PEREP Analytics lagar statistikk over kapitalinnhenting og investeringar utførte av foreiningas medlemmer. Statistikken inkluderer investeringar i norske porteføljebedrifter frå både norske og utanlandske forvaltarar. Siste tilgjengelege aktivitetsrapport inkluderer tal til og med 2023. Aktivitetsrapporten for 2023 vart publisert i mai 2024 og er offentleg tilgjengeleg på nettsidene til NVCA.
Tal søknader til Innovasjon Norge sine tidlegfasevirkemiddel
Når det gjeld tidlegfasetilbod, eller oppstartsfinansiering, har Innovasjon Noreg tilbod om både lån og tilskot i tidlegfase. Under følgjer tabellar med statistikk for dette. Tabellane under gjev ei oversikt over antal innvilga søknader og innvilga beløp fordelte på lån og tilskot, både per år og per 1. kvartal i perioden 2015–2024. I tillegg gjev tabellane ei oversikt over samla tilsegn av både lån og tilskot.
Tabell 6 viser per år samla (med unntak for 2024) og tabell 7 per 1. kvartal.
Tabell 6 - Heilår 2015 til juni 2024: Tabellen viser antal og beløp (i tusen kroner) av innvilga søknader til oppstartsfinansiering i Innovasjon Noreg; oppstartslån (frå 2017) og ulike oppstartstilskot.
År Lån Tilskot SUM lån og tilskot
Antal Beløp Antal Beløp Antal Beløp
2015 0 - 1561 447 945 1561 447 945
2016 0 - 1410 480 851 1410 480 851
2017 78 113 328 918 344 814 996 458 142
2018 111 152 353 769 252 809 880 405 162
2019 128 200 690 699 246 185 827 446 875
2020 402 731 185 1049 392 661 1451 1 123 846
2021 88 125 025 587 197 368 675 322 393
2022 74 107 424 467 195 488 541 302 912
2023 46 78 300 468 182 847 514 261 147
per 6.6. 2024 21 36 960 276 119 620 297 156 580
Tabell 7 – Per 1. kvartal: Tabellen viser antal og beløp (i tusen kroner) av innvilga søknader til oppstartsfinansiering i Innovasjon Noreg, oppstartslån (frå 2017) og ulike oppstartstilskot.
1.kv
År Lån Tilskot SUM lån og tilskot
Antal Beløp Antal Beløp Antal Beløp
2015 0 - 488 146 421 488 146 421
2016 0 - 407 80 636 407 80 636
2017 7 10 500 260 90 831 267 101 331
2018 26 37 200 183 50 869 209 88 069
2019 41 57 660 182 69 824 223 127 484
2020 21 31 900 144 49 719 165 81 619
2021 21 29 500 192 51 955 213 81 455
2022 17 25 200 92 47 565 109 72 765
2023 8 11 000 95 30 889 103 41 889
2024 11 19 460 108 38 923 119 58 383
Føresetnader for tala i tabell 6 og 7
For tilskot er det teke ut alle oppstartstilskot hos Innovasjon Noreg. Dette inneber i hovudsak ulike landsdekkande og distriktsretta etablerartilskot, samt andre tilskotsordningar til etablerarar som tilskot til studentgründerskap. Når det gjeld tilbod av lån til gründerar, har Innovasjon Noreg eitt enkelt låneverkemiddel retta mot gründerar - landsdekkande oppstartslån. Dette har vore tilbode sidan 2017.
Gründerar og oppstartsselskap nyttar òg ei rekkje av Innovasjon Noreg sine andre breie og opne finansieringsordningar, mellom anna Miljøteknologiordninga og Innovasjonskontrakter Denne type ordningar er ikkje tekne med i oversikta sidan dei ikkje reknast som tidlegfaseverkemidler.
Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo →
Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.