Hopp til innhold
Fredag 13. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


← Spørsmål til regjeringen

Skriftlig spørsmål nr. 2260 · 2023-2024

Kan samferdselsministeren vise til statistikk som syner om elbilar er meir utsatt for ulykker i trafikken enn bilar med forbrenningsmotor, og då med tanke på vekt og dei store berøringskjermane?

Frank Edvard Sve (FrP) stilte spørsmålet til samferdselsministeren, Jon-Ivar Nygård, 4. juni 2024. Svaret kom 17. juni 2024.

Til
Samferdselsministeren · Jon-Ivar Nygård
Datert
4. juni 2024
Besvart
17. juni 2024

Spørsmål

Kan samferdselsministeren vise til statistikk som syner om elbilar er meir utsatt for ulykker i trafikken enn bilar med forbrenningsmotor, og då med tanke på vekt og dei store berøringskjermane?

Begrunnelse

Elbilar veit vi er betydeleg tyngre enn samanliknbare bilar med diesel/bensin motorar.
På spesielt vinterføre men også generelt vil det vere utfordringar med dette og sannsynligheita for at disse elbilane er meir ulykkesutsatte enn andre bilar er påfallande.
Disse nye elbilane er også utstyrt med store berøringskjermar for mediestyring osv., som åpenbart tar fokuset vekk frå sjølve bilkøyringa.
Køyrer ein bil og brukar mobiltlf. får ein ei sabla bot, men bruk av disse gigant berøringskjermane er lovleg å bruke.

Svar

Samferdselsministeren Jon-Ivar Nygård, 17. juni 2024

Omtrent 25 pst. av personbilparken i Noreg er el-bilar. I dødsulukkene er el-bilar derimot mindre representert. Tabellen visar tal fra Statens vegvesen sin database for dødsulukker. Statens vegvesen har tatt ut alder og drivstoff på de person/varebilane som har utløyst dødsulukkene dei siste åra.



Som tabellen visar er det kun 12 el-bilar som har utløyst dødsulukker i perioden 2017-2022, mens det i same periode har vore 138 bensinbilar og 176 dieselbilar som har utløyst ulukkene. Noko av grunnen til dette, er at eit gjennomsnittleg køyretøy som har utløyst ei dødsulukke i Noreg er ca. 10 år gammal. Det er altså mange eldre bilar i ulukkene og få nyare bilar. El-bilar var i starten også ein typisk bil nr. 2 i ein familie og ble derav køyrt mykje mindre enn «hovedbilen». Dette ser vi nå ein endring i og mange familiar har nå kun el-bilar.
Eit anna moment er kva for slags førarer som er dei mest risikoutsatte og kva for slags køyretøy dei køyrer. Vi veit at aldersgruppa 18-24 år er av dei som har høgast risiko, og spesielt menn. Denne kategorien køyrer oftast bilar med fossilt brensel og gjerne ein bil som er nokre år gammal.
Sjølv om el-bilar er underrepresentert i dødsulukker per nå, vil dette sjå annleis ut om nokre år. Ca. 90 pst. av salet av nye bilar i dag er el-bilar og på sikt vil el-bilar dominere på vegnettet. Statens vegvesen følgjer med på utviklinga og driv med ulik forskningsaktivitet på korleis dei ulike førerstøttesystema påvirkar trafikktryggleiken, her også bruk av skjermar og distraksjon. Som kjend er det store skjermar i alle nye bilar, også fossile. Statens vegvesen har også gåande ein brei kampanje om distraksjon og bilkøyring.

Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Frank Edvard Sve →

Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.