Skriftlig spørsmål nr. 2196 · 2023-2024
Har regjeringen igangsatt denne vurderingen og vil regjeringen eventuelt øke utdanningskapasiteten innen studiestart 2025?
Anne Kristine Linnestad (H) stilte spørsmålet til forsknings- og høyere utdanningsministeren, Oddmund Hoel, 3. juni 2024. Svaret kom 13. juni 2024.
- Fra
- Anne Kristine Linnestad (H)
- Til
- Forsknings- og høyere utdanningsministeren · Oddmund Hoel
- Datert
- 3. juni 2024
- Besvart
- 13. juni 2024
Spørsmål
Har regjeringen igangsatt denne vurderingen og vil regjeringen eventuelt øke utdanningskapasiteten innen studiestart 2025?
Begrunnelse
I regjeringens «Nasjonale mål for vann og helse med gjennomføringsplan» står det at HOD, KLD og KD skal vurdere å øke utdanningskapasiteten av fagarbeidere/driftsoperatører og ingeniører/sivilingeniører innen vann- og avløp, innen 2025, samtidig som vi allerede ved at det er stor mangel på kompetente fagfolk i hele landet og på de aller fleste nivå.
Svar
Forsknings- og høyere utdanningsministeren Oddmund Hoel, 13. juni 2024
Dei nasjonale måla for vatn og helse er reviderte, og Nasjonale mål for vann og helse med gjennomføringsplan inneheld ein tverrsektoriell gjennomføringsplan med hovudtiltak for å oppnå måla. Arbeidet er initiert og leia av Helse- og omsorgsdepartementet, Klima- og miljødepartementet, Kommunal- og distriktsdepartementet og Justis- og beredskapsdepartementet. Nokre av tiltaka vedkjem Kunnskapsdepartementet, blant anna å vurdere utdanningskapasiteten innanfor fagområde som er relevante for vatn og avløp.
Demografien og andre samfunnsendringar gjer at Noreg i åra framover vil få mangel på folk med høg kompetanse. Samtidig er det varsla at handlingsrommet blir mindre i dei komande budsjetta, og vi må prioritere tydelegare. Regjeringa har derfor i Meld. St. 14 (2022–2023) Utsyn over kompetansebehovet i Norge peika på at vi vil prioritere følgande i utdannings- og kompetansepolitikken framover, både i dimensjonering av det yrkesfaglege tilbodet og høgare utdanning:
- kompetanse som er nødvendig for eit høgproduktivt og konkurransedyktig næringsliv
- kompetanse som er nødvendig for å gjennomføre det grøne skiftet
- kompetanse som er nødvendig for å ha gode velferdstenester i heile landet og for å handtere den demografiske utviklinga, balansert opp mot behovet for arbeidskraft i andre sektorar i samfunnet
- å kvalifisere og mobilisere fleire av dei som står utanfor arbeidslivet.
I stortingsmeldinga er det lagt vekt på ansvaret institusjonane har for å dimensjonere utdanningane. Dei sentrale styresmaktene har eit ansvar for den samla utdanningskapasiteten og har løyvd midlar til studieplassar til institusjonane for å støtte opp under auka kapasitet i høgare utdanning.
Det einskilde universitetet og den einskilde høgskulen har ansvar for å dimensjonere studieporteføljane i tråd med både studiesøkinga og arbeidsmarknadsbehova.
Det er fylkeskommunen som dimensjonerer fagskoletilbodet og tilbodet i vidaregåande opplæring. I dimensjoneringa legg fylkeskommunen vekt på behovet i arbeidslivet for kompetanse og søkarane sine ønske.
Eg har tillit til at institusjonane gjer gode vurderingar av dette, også i god dialog med næringsliv, kommunar, helse- og velferdstenester og andre sentrale aktørar. Samtidig tar det tid for institusjonane å auke eller redusere utdanningskapasiteten og dei må ta omsyn til blant anna søkartal, kapasiteten i fagmiljøa og tilgang på lokale.
Ein betydeleg auke i utdanningskapasiteten er også eit budsjettspørsmål. Kunnskapsdepartementet vurderer i dei årlege budsjettprosessane mogleg behov for midlar til fleire studieplassar i tråd med kompetansebehova i samfunnet.
Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Anne Kristine Linnestad →
Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.