Skriftlig spørsmål nr. 2142 · 2023-2024
NRK hadde 28.05 ein svært foruroligende artikkel som syner at dei fleste ferje anbod som er sendt ut i år, ikkje har krav om låg- og nullutslepp, fordi rammebetingelsen ikkje er lagt på plass frå …
Liv Kari Eskeland (H) stilte spørsmålet til kommunal- og distriktsministeren, Erling Sande, 28. mai 2024. Det ble besvart av samferdselsministeren Jon-Ivar Nygård. Svaret kom 4. juni 2024.
- Fra
- Liv Kari Eskeland (H)
- Til
- Kommunal- og distriktsministeren · Erling Sande
- Besvart av
- Samferdselsministeren · Jon-Ivar Nygård
- Datert
- 28. mai 2024
- Besvart
- 4. juni 2024
Spørsmål
NRK hadde 28.05 ein svært foruroligende artikkel som syner at dei fleste ferje anbod som er sendt ut i år, ikkje har krav om låg- og nullutslepp, fordi rammebetingelsen ikkje er lagt på plass frå regjeringa si side.
Når vil desse rammebetingelsene kome på plass slik at fylkeskommunane sine økonomiske rammer for å kunne bestille låg- og nullutsleppsløysingar på ferjer og hurtigbåtar blir klarlagt?
Begrunnelse
Saka oppsummert (frå NRK):
Nesten ingen stiller krav om null- eller lågutslepp av klimagassar i nye anbod for ferjer og hurtigbåtar. Sidan nyttår er det lyst ut seks anbod på kontraktar for ferjer utan utsleppskrav. Fleire fylke set på bremsene på fram til regjeringa innfrir løfte om pengar. Regjeringa har sidan 2021 lovd at det skal stillast krav om låg- eller nullutslepp for nye ferjer og hurtigbåtar og at fylka skal få kompensert meirkostnader ved dette. Ei forskrift har vore på høyring, men det er uklart kva tid krav og garanti kjem på plass.
Desse ferjeanboda er lyste ut sidan nyttår, utan låg- eller nullutsleppskrav, med kontraktar til etter 2030:
- Hasvik–Øksfjord, Korsfjord–Nyvoll, Klokkarøy–Kjerringholmen, Øksfjord–Tverrfjord, Sør-Tverrfjord–Bergsfjord–Øksfjord (Finnmark, fergepakke 1–3)
- Mosjøen–Hundåla (Nordland)
- Festvåg–Misten (Nordland)
- Sund–Horsdal–Sørarnøy, Ørnes–Vassdalsvik, Meløysund–Bolga (Nordland)
- Finnvik–Digermulen (Nordland. Denne blei lyst ut første gong 28.11.23, men er nyleg lagt ut på nytt)
- Ferje til Lysefjorden (Rogaland)
Desse anboda er lyste ut utan låg- eller nullutsleppskrav, men med kortare kontraktar:
- Brensholmen–Botnhamn (Troms)
- Breistein–Valestrand (Vestland)
Anbod som er lyst ut med ulike alternativ, med og utan miljøkrav:
- Ferjesambanda til Herøy og Dønna (Nordland)
Ferjeanbod som er lyst ut med nullutsleppskrav sidan nyttår:
- Haugesund–Utsira (Rogaland. Lyst ut for andre gong med mål om elektrisk)
Kjelde: Maritime Cleantech
Svar
Samferdselsministeren Jon-Ivar Nygård, 4. juni 2024
Fylkeskommunane har ansvaret for drift av fylkesvegferjer og hurtigbåtar. Fylkeskommunane får dekt sine kostnader gjennom inntektssystemet. I 2021 blei 100 mill. kroner av veksten i dei frie inntektene grunngitt med ein satsing på ferjer og nullutsleppsbåtar. Satsinga er vidareført med ei særskilt fordeling innafor rammetilskotet og utgjer 110,8 mill. kroner i 2024.
Samferdselsdepartementet har ikkje innført krav til nullutslepp for ferjer og hurtigbåtar. Kravet vil bli vurdert samen med kompensasjon til fylkeskommunane.
Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Liv Kari Eskeland →
Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.