Skriftlig spørsmål nr. 2124 · 2023-2024
Vil Vestland fylkeskommune få samme økonomiske bidrag frå staten om dei gjennomfører konkurranse for nye hurtigbåtar med klimakrav no?
Helge André Njåstad (FrP) stilte spørsmålet til samferdselsministeren, Jon-Ivar Nygård, 24. mai 2024. Svaret kom 3. juni 2024.
- Fra
- Helge André Njåstad (FrP)
- Til
- Samferdselsministeren · Jon-Ivar Nygård
- Datert
- 24. mai 2024
- Besvart
- 3. juni 2024
Spørsmål
Vil Vestland fylkeskommune få samme økonomiske bidrag frå staten om dei gjennomfører konkurranse for nye hurtigbåtar med klimakrav no?
Begrunnelse
Vestland fylkeskommune held på med konkurranse for drift av hurtigbåtruter frå og til Bergen til Sogn og Nordjord. Dette er viktige ruter for fylket og eit oppdrag som krever nybygg vil vera bra for aktiviteten for verfta og anna leverandørindustri. No held fylkeskommunen på å vurdere å utsette prosessen pga. manglande statlege avklaringar på økonomiske bidrag. Noko som er sjølvssagt om det må stillast strengare klimakrav for å oppnå statlege forventningar. Eit sentralt spørsmål som er viktig å få klarhet i er om ein evt. framlegg om bidrag i statsbudsjettet og vil fange med dei som alt har lyst ut anboda. Difor utfordrar eg statsråden på om fylkeskommunar som no gjennomfører konkurransar vil få samme bidrag som dei som utsett konkurransane og venter på statleg bidrag.
Svar
Samferdselsministeren Jon-Ivar Nygård, 3. juni 2024
Fylkeskommunane har ansvaret for drift av fylkesvegferjer og hurtigbåtar. Fylkeskommunane får dekt sine kostnader gjennom inntektssystemet. I 2021 blei 100 mill. kroner av veksten i dei frie inntektene grunngitt med ein satsing på ferjer og nullutsleppsbåtar. Satsinga er vidareført med ei særskilt fordeling innafor rammetilskotet og utgjer 110,8 mill. kroner i 2024.
Samferdselsdepartementet har ikkje innført krav til nullutslepp for ferjer og hurtigbåtar. Kravet vil bli vurdert samen med kompensasjon til fylkeskommunane.
Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Helge André Njåstad →
Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.