Hopp til innhold
Fredag 13. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


← Spørsmål til regjeringen

Muntlig spørsmål nr. 2 · 2023-2024

Justisministeren kan få lov til å bli ståande. Politi og trygge innbyggjarar er eit viktig tema som òg opptek Framstegspartiet. Det er difor me allereie i oktober i fjor føreslo å setja av meir …

Helge André Njåstad (FrP) stilte spørsmålet til justis- og beredskapsministeren, Emilie Mehl, 22. mai 2024.

Til
Justis- og beredskapsministeren · Emilie Mehl
Datert
22. mai 2024
Besvart
22. mai 2024

Rettsvesen · Politi og påtalemyndighet

Spørsmål

Justisministeren kan få lov til å bli ståande.

Politi og trygge innbyggjarar er eit viktig tema som òg opptek Framstegspartiet. Det er difor me allereie i oktober i fjor føreslo å setja av meir pengar til politiet i budsjettet, slik at me kunne bruka pengane heile året og ikkje koma i ein situasjon der det kjem ekstra pengar fleire gonger i løpet av året. Det hadde vore betre med litt meir langsiktig planlegging.

I tillegg til pengar treng me òg ei verktøykasse for politiet. Politiet føler at dei har både for lite ressursar og for lite folk, men dei har òg for lite verktøy. Eg merkar meg spesielt at hovudverneombodet som etter tolv år no skal gje seg, kjem med ei klar anbefaling til oss folkevalde og til justisministeren om at det er på tide å setja væpning av politiet på dagsordenen – at politiet, som politiet i andre land, sjølvsagt må kunna ha våpen utan at det skal vera eit system der ein har dei innelåste i bilar, og der dei er vanskeleg tilgjengelege. Me må kunna gje politiet tillit til å bera våpen og med det unngå at det stadig kjem nyheitsoppslag om at det no er generell væpning for den anledninga og den anledninga.

Mitt spørsmål er: Har justisministeren lytta til hovudverneombodet, som no etter tolv år i teneste kjem med eit klart råd til oss om at det er på tide å ha generell væpning av politiet òg i Noreg, og med det kunna gje tillit til dei dyktige politifolka våre om at dei kan handtera dette på ein god måte?

Spørsmålet ble besvart muntlig i spørretimen. Svaret står i referatet fra møtet, som er lenket fra spørsmålet på stortinget.no.

Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Helge André Njåstad →

Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.