Skriftlig spørsmål nr. 2073 · 2023-2024
Nye tal i RNB 2024 syner at regjeringa, stikk i strid med tidlegare progonosar og med regjeringa sin retorikk om «rekordhøge investeringar i næringslivet», ventar at investeringane i norske bedrifter …
Alfred Jens Bjørlo (V) stilte spørsmålet til finansministeren, Trygve Slagsvold Vedum, 19. mai 2024. Svaret kom 5. juni 2024.
- Fra
- Alfred Jens Bjørlo (V)
- Til
- Finansministeren · Trygve Slagsvold Vedum
- Datert
- 19. mai 2024
- Besvart
- 5. juni 2024
Spørsmål
Nye tal i RNB 2024 syner at regjeringa, stikk i strid med tidlegare progonosar og med regjeringa sin retorikk om «rekordhøge investeringar i næringslivet», ventar at investeringane i norske bedrifter på fastlandet vil gå ned med 2,6 % i 2024 og endå meir ned neste år.
Kan finansministeren gi eit oversyn over utviklinga i kvartalsvise sesongjusterte investeringar frå 1. kvartal 2022 til 1. kvartal 2024 i høve nasjonalregnskapet (SSB) for fastlandsnæringslivet - altså med petroleumssektoren og offentleg forvalting trekt frå?
Svar
Finansministeren Trygve Slagsvold Vedum, 5. juni 2024
Investeringane i fastlandsforetaka heldt fram med å auke i 2023 etter ein kraftig vekst i 2022 og har ikkje vært målt høgare sidan målingane starta i 1970. Også som del av bruttoproduktet i fastlandsøkonomien er investeringane høge, og vi må tilbake til 2008 for å finne tilsvarande nivå. I revidert nasjonalbudsjett anslår vi at investeringane vil gå litt ned framover, men framleis halde seg høge. Nedgangen må sjåast i samanheng med auka renter, høg kostnadsvekst og at fleire stor prosjekt er i sluttfasen. Investeringene i fastlandsforetaka var i 2023 40 % høgare enn gjennomsnittet for 2014 – 2021 under den Venstre støttede Solberg-regjeringen.
Vi nyttar tal frå mellom anna SSB i arbeidet med å lage anslag for norsk økonomi, og vi hadde tal fram til 4. kvartal 2023 da anslaga blei ferdigstilte. Nedanfor følgjer ein tabell over kvartalsvise sesongjusterte investeringstal for fastlandsforetaka både i faste og løpande prisar, som ikkje inkluderer investeringar i offentleg sektor, petroleumsinvesteringar eller bustadinvesteringar. Tala i tabellen er meir oppdaterte enn det vi hadde tilgjengeleg da vi utarbeidde anslaga til revidert nasjonalbudsjett.
Tabell Bruttoinvesteringar i fastlandsnæringane. Sesongjusterte tal. Mrd. kronar. 1. kvartal 2022 – 1. kvartal 2024
Løpande prisar Faste 2021-prisar
1. kv. 2022 108,7 104,7
2. kv. 2022 112,3 105,5
3. kv. 2022 115,6 106,5
4. kv. 2022 114,5 104,1
1. kv. 2023 125,1 111,7
2. kv. 2023 128,7 113,0
3. kv. 2023 126,1 110,1
4. kv. 2023 119,4 102,8
1. kv. 2024 108,7 104,7
Kjelde: Statistisk sentralbyrå, Nasjonalregnskapet, tabell 09190.
Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo →
Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.