Skriftlig spørsmål nr. 2057 · 2023-2024
Kan eg be kommunalministeren leggje fram ei detaljert oversikt/tabell for alle kommunane i Møre og Romsdal samt for Møre og Romsdal fylkeskommune, som syner reell økonomisk utvikling/auke/reduksjon …
Frank Edvard Sve (FrP) stilte spørsmålet til kommunal- og distriktsministeren, Erling Sande, 16. mai 2024. Svaret kom 24. mai 2024.
- Fra
- Frank Edvard Sve (FrP)
- Til
- Kommunal- og distriktsministeren · Erling Sande
- Datert
- 16. mai 2024
- Besvart
- 24. mai 2024
Spørsmål
Kan eg be kommunalministeren leggje fram ei detaljert oversikt/tabell for alle kommunane i Møre og Romsdal samt for Møre og Romsdal fylkeskommune, som syner reell økonomisk utvikling/auke/reduksjon frå 2024 til nytt grunnlag for 2025 jamf. ny kommuneproposisjon, gjeldande frie inntekter til kommunane berekna og framvist på reelle økonomiske samanliknbare grunnlag, vist i totale løyvingar/budsjett i kr og endring i %?
Begrunnelse
Kommuneproposisjonen med nytt inntektssystem for kommunane er lagt fram, og i den samanheng "flagrar" det rundt med påstandar om økonomisk effekt og endringar for dei enkelte kommunane framlagd av representantar frå regjeringa.
Det er dei reelle endringane frå det økonomiske grunnlaget for 2024 og til reelle økonomiske grunnlag for 2025 som er viktig å kunne få synleggjort.
Det blir hevda av representantar frå regjeringspartia, at det er slik eller slik auka overføringar frå regjeringa kontra inntekstgrunnlaget til kommunane for 2024, utan at eit korrekt og målbart likt berekningsgrunnlag er synleggjort.
Derfor er det nødvendig at kommunalministeren legger fram konkrete tallgrunnlag for frie inntekter til kommunane som faktisk viser reelle sammenlikningsgrunnlag mellom det økonomiske grunnlaget for kvar kommune, oppstilt og presentert forståeleg for 2024 kontra nytt berekna inntekstgrunnlag for 2025.
Her må det synleggjerast konkrete samla total løyving for frie inntekter for den enkelte kommune for budsjett 2024, og synleggjort med samanliknbare tallgrunnlag med berekna løyving/ramme for 2025.
Kun slik kan nokon som helst hevde at den eine eller den andre kommunen har fått slik eller slik auke i overføringa frå staten får budsjettåret 2024 til det som er planlagt for 2025.
Svar
Kommunal- og distriktsministeren Erling Sande, 24. mai 2024
Regjeringa legg i Prop. 102 S (2023–2024) Kommuneproposisjonen 2025 fram forslag til eit nytt inntektssystem for kommunane og endringar i toppfinansieringsordninga for ressurskrevjande tenester. Regjeringa varslar samstundes ein vekst i dei frie inntektene til kommunane på til saman 5 mrd. kroner, utover anslått pris- og lønsvekst. Av styrkinga er 1,6 mrd. kroner direkte knytt til innføringa av nytt inntektssystem, 2,7 mrd. kroner er grunngitt med auka demografi- og pensjonskostnader og 250 mill. kroner er grunngitt med bemanning i barnehagar.
Forslaget til nytt inntektssystem vil gi fordelingsverknader mellom kommunane. Departementet viser anslag på fordelingsverknadene i kommuneproposisjonen, berekna med utgangspunkt i dei opplysningane vi har i dag. Anslag for kvar enkelt kommune er vist i vedlegg 7 til proposisjonen, og tala for kommunane i Møre og Romsdal er vist i ein eigen tabell i dette brevet.
Eg vil presisere at anslaga på fordelingsverknadene er usikre, slik vi òg har streka under i kommuneproposisjonen. Rammetilskotet for 2025 vil på vanleg måte bli berekna med utgangspunkt i kriteriedata som først vil vere klare hausten 2024, og den endelege fordelinga av rammetilskotet for 2025 vil ikkje ligge føre før i statsbudsjettet for 2025. Skatteinntektene for 2025 vil ikkje vere kjente før i januar 2026. Endringar i kriteriedata, skatteinngangen og andre forhold betyr at dei endelege fordelingsverknadene vil avvike frå det som er lagt fram i kommuneproposisjonen.
Den reelle inntektsendringa for kvar enkelt kommune frå 2024 til 2025 vil vere avhengig av ei rekkje ulike forhold, i tillegg til effekten av nytt inntektssystem. Variasjonar i befolkningsvekst og endringar i andre kriteriedata, effekten av overgangsordningar og fordelinga av veksten i dei frie inntektene, er somme av forholda som vil påverke inntektsveksten neste år.
I kommuneproposisjonen har vi, som eit grovt anslag, vist korleis summen av endringane i inntektssystemet kan slå ut til neste år, når vi òg tar med effekten av overgangsordningane og den samla veksten i dei frie inntektene. Som ein illustrasjon er det lagt til grunn at veksten i dei frie inntektene som ikkje er knytt direkte til nytt inntektssystem, fordeler seg med eit likt beløp per innbyggar. I kommuneproposisjonen presiserer vi at den endelege fordelinga i 2025 vil bli annleis, mellom anna som følgje av endringar i befolkningstal. Anslaga som er vist i kommuneproposisjonen er likevel dei beste vi kan gi per i dag.
Tabell 1 på neste side viser anslag på den samla effekten (inkl. overgangsordningar og samla vekst i dei frie inntektene) det første året for kommunane i Møre og Romsdal. Talgrunnlaget er det same som i kolonne 10 i vedlegg 7 til kommuneproposisjonen. I tillegg til å vise effekten i kroner per innbyggar, som i kommuneproposisjonen, er det og tatt med tal for effekten i millionar kroner og i prosent av anslag på frie inntekter i 2024. Anslaget på dei frie inntektene i 2024 er henta frå Grønt hefte 2024, supplert med tal for inntekter frå eigedomsskatt, konsesjonskraft og Havbruksfondet (tal for 2021–2022). Anslaget på inntektsnivået i 2024 er usikkert, mellom anna sidan skatteinntektene til kommunane i 2024 ikkje vil vere kjente før i starten av 2025.
Anslaga for effekten av forslaga til endringar i skatteelementa for Ålesund og Haram kommunar, som er ein del av dei samla fordelingsverknadene av nytt inntektssystem, er berekna med utgangspunkt i skattetal for tidlegare Ålesund kommune etter kommuneinndelinga som gjaldt i 2020. I tabellen er det lagt til grunn at effekten av endringane i skatteelementa er den same for Ålesund og Haram kommunar kvar for seg som for tidlegare Ålesund kommune samla, målt i kroner per innbyggar.
Tabell 1 viser berre anslag på effekten for kommunane. I kommuneproposisjonen foreslår departementet at eigarinntekter blir tatt ut frå skattegrunnlaget til både kommunane og fylkeskommunane. Dette forslaget vil òg har fordelingseeffektar for fylkeskommunane, men effekten er liten og er ikkje inkludert i fordelingstabellen.
Tabell 1 Anslag på samla effekt av endringar i inntektssystemet første året for kommunane i Møre og Romsdal, inkl. anslag på inntektsgarantiordninga og overgangsordningar for skatteelementa og vekst i frie inntetker på 5 mrd. kroner for heile landet
Innbyggarar
(1. juli 2023) Anslag frie inntekter 2024
(jf. kol. 2 i Prop. 102 S) Anslag samla effekt første år
(jf. kol. 10 i Prop. 102 S)
Kommune Mill. kr Kr per innb. Mill. kr Kr per innb. % av frie
Kristiansund 24 240 1 757,2 72 493 44,7 1 842 2,5
Molde 32 512 2 494,6 76 730 37,0 1 137 1,5
Ålesund 58 186 3 992,4 68 615 52,5 902 1,3
Vanylven 3 034 261,2 86 076 3,3 1 075 1,2
Sande 2 442 205,6 84 198 9,7 3 956 4,7
Herøy 8 903 629,6 70 715 14,2 1 600 2,3
Ulstein 8 882 645,3 72 656 11,5 1 294 1,8
Hareid 5 170 392,1 75 838 15,9 3 076 4,1
Ørsta 10 977 815,0 74 248 10,6 963 1,3
Stranda 4 402 355,6 80 780 13,3 3 024 3,7
Sykkylven 7 606 537,2 70 633 19,7 2 590 3,7
Sula 9 670 707,5 73 165 12,0 1 243 1,7
Giske 8 675 645,6 74 418 16,1 1 853 2,5
Vestnes 7 097 535,5 75 461 18,1 2 551 3,4
Rauma 7 082 584,2 82 496 7,1 1 005 1,2
Aukra 3 692 538,8 145 937 9,4 2 554 1,7
Averøy 5 928 449,1 75 757 14,9 2 515 3,3
Gjemnes 2 665 223,5 83 875 8,1 3 049 3,6
Tingvoll 3 036 268,1 88 320 3,5 1 151 1,3
Sunndal 7 284 633,5 86 967 12,7 1 745 2,0
Surnadal 5 959 487,7 81 847 6,6 1 099 1,3
Smøla 2 142 235,8 110 090 2,0 928 0,8
Aure 3 386 333,2 98 405 2,9 846 0,9
Volda 10 897 844,8 77 530 6,3 574 0,7
Fjord 2 505 264,2 105 454 2,7 1 085 1,0
Hustadvika 13 390 1 054,1 78 719 17,1 1 275 1,6
Haram 9 402 666,0 70 834 28,0 2 978 4,2
Sum fylket 269 164 20 557,6 76 376 399,7 1 485 1,9
Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Frank Edvard Sve →
Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.