Hopp til innhold
Fredag 13. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


← Spørsmål til regjeringen

Skriftlig spørsmål nr. 2041 · 2023-2024

Regjeringa har tidlegare ikkje hatt oversikt over talet på tilsette i staten med fast arbeidsstad utanfor ordinær kontorstad eller kor mange staduavhengige stillingar i staten som har vorte utlyst, …

Alfred Jens Bjørlo (V) stilte spørsmålet til kommunal- og distriktsministeren, Erling Sande, 14. mai 2024. Svaret kom 24. mai 2024.

Til
Kommunal- og distriktsministeren · Erling Sande
Datert
14. mai 2024
Besvart
24. mai 2024

Spørsmål

Regjeringa har tidlegare ikkje hatt oversikt over talet på tilsette i staten med fast arbeidsstad utanfor ordinær kontorstad eller kor mange staduavhengige stillingar i staten som har vorte utlyst, jmf. svar på mitt skriftlege spørsmål Dokument nr. 15:2031 (2022-2023).
Kan kommunal- og distriktsministeren no gjere greie for omfang og rutiner for bruk av og røynslene med desentralisert arbeid i staten, ut frå dei statlege verksemdene sine årsrapportar for 2023, der dei var pålagt å gjere greie for dette?

Begrunnelse

Auka bruk av desentralisert arbeid i staten kan styrke lokale kompetansemiljø og auke distrikts-Noreg sin tilgang til kompetansearbeidsplassar. Tilrettelegging for at statlege arbeidsoppgåver kan bli utført staduavhengig, vil kunne bidra til at ein held på og styrkar fagkompetanse i distrikta, og til å skape større fleksibilitet i det statlege arbeidslivet. Det kan betre rekruttering av etterspurt kompetanse, gje høve til å halda på kritisk arbeidskraft dersom arbeidstakarar flyttar og det gir fleire tilgang til kompetansearbeidsplassar i staten.
Eg er difor glad for at tilrettelegging for desentralisert arbeid no blir gitt som ei fellesføring frå regjeringa til alle underliggande statlege verksemder. Alle statlege verksemder skal, i følgje Kommunal- og distriktsministeren sitt svar på mitt skriftlege spørsmål Dokument nr. 15:2031 (2022-2023), no vurdere kva mogelegheit dei har for auka bruk av desentralisert arbeid, med det formål å oppnå meir desentralisering av statlege arbeidsplassar og styrkje lokale fagmiljø. I føringa blir det peikt på at slikt desentralisert arbeid fortrinnsvis bør bli kombinert med høve til å vere knytt til eit kontorfellesskap der det er tilgjengeleg.
Tidlegare har regjeringa rett og slett ikkje hatt oversikt over talet på tilsette i staten med fast arbeidsstad utanfor ordinær kontorstad eller over kor mange staduavhengige stillingar i staten som har vorte utlyst.
For å bøte på dette, har regjeringa kravd at frå og med årsrapporten for 2023 skal alle statlege verksemder skal i årsrapporten gjere greie for si vurdering av mogelegheitene for desentralisert arbeid, omfang og bruk av desentralisert arbeid i verksemda og erfaringane med dette. Dersom verksemda ikkje har hatt auke i desentralisert arbeid eller dersom bruken har gått ned, skal det særskilt gjerast greie for årsakene til dette.
No er vi komne så langt at årsrapportane for 2023 er ferdigstilt og oversendt dei respektive departementa. Eg ber difor om å få den samla oversikten over omfanget og bruk av desentralisert arbeid i staten som dette nye kravet var meint å gi.

Svar

Kommunal- og distriktsministeren Erling Sande, 24. mai 2024

Alle statlege verksemder skal i årsrapporten for 2023 ha gjort greie for si vurdering av mogelegheitene for desentralisert arbeid, omfang og bruk av desentralisert arbeid i verksemda og erfaringane med dette. Dersom verksemda ikkje har hatt auke i desentralisert arbeid eller dersom bruken har gått ned, skal det særskilt gjerast greie for årsakene til dette. Departementa publiserer årsrapportane frå underliggande verksemder på sine nettsider. Fristen for dette var 1. mai.
Departementa jobbar no med å formulere ei samla rapportering til Kommunal- og distriktsdepartementet om oppfølginga av fellesføringa om desentralisert arbeid i staten i sine underliggjande verksemder. Når desse rapporteringane er på plass, vil vi ha ei betre samla oversikt over omfang og rutinar for bruk av og erfaringane med desentralisert arbeid i staten.
Vi arbeider også med å betre kunnskapsgrunnlaget om desentralisert arbeid. Kommunal- og distriktsdepartementet har nyleg sett i gong ei utgreiing som skal kartlegge statlege verksemders bruk av og tilrettelegging for desentralisert arbeid i staten, og erfaringane med denne type arbeid. Oppdraget blir gjennomført av Proba samfunnsanalyse og Arbeidsforskningsinstituttet AFI, og skal være ferdig i løpet av hausten 2024. Dette vil gje oss eit ennå betre kunnskapsgrunnlag for vidare politikkutvikling for auka bruk desentralisert arbeid i staten.

Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo →

Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.