Hopp til innhold
Fredag 13. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


← Spørsmål til regjeringen

Skriftlig spørsmål nr. 1842 · 2023-2024

Kvifor er det ikkje fleire HV ungdomsgrupper enn i berre 3 av 11 HV distrikt, og vil forsvarsministeren bidra til å setje dette på dagsorden?

Astrid Aarhus Byrknes (KrF) stilte spørsmålet til forsvarsministeren, Bjørn Arild Gram, 23. april 2024. Svaret kom 2. mai 2024.

Til
Forsvarsministeren · Bjørn Arild Gram
Datert
23. april 2024
Besvart
2. mai 2024

Spørsmål

Kvifor er det ikkje fleire HV ungdomsgrupper enn i berre 3 av 11 HV distrikt, og vil forsvarsministeren bidra til å setje dette på dagsorden?

Begrunnelse

HV ungdomsgruppe er ein ypperleg plass for ungdom som er nysgjerrige på forsvaret.
Mange ungdomar er usikre på om dei passar inn i forsvaret, eller om dei i det heile tatt ser at fyrstegongstenesta er rett for dei, og dermed ikkje søkjer seg inn i fyrstegongstenesta.
HV ungdomsgruppene slik eg forstår det, viser kva forsvaret er, byggjer karakter og tar bort usikkerheit. HV ungdomsgrupper burde vore ein moglegheit i alle distriktene. Framover treng vi «alle mann og kvinner på dekk» for nasjonen og for vår tryggleik og beredskap, og forsvaret treng mykje ressurser i form av det aller viktigaste: mennesker. Forsvaret treng personell som vil stå i arbeid i lengre periodar og ha dette som yrke. Vi treng ungdom som blir kjent med forsvaret, blir motivert til å vere der, og desse HV ungdomsgruppene kan bidra til nettopp dette.

Svar

Forsvarsministeren Bjørn Arild Gram, 2. mai 2024

Som følgje av den tryggingspolitiske situasjonen frå 1990-talet og fram til i dag har som kjend Forsvaret vore nedbygd og Forsvaret har i mindre grad prioritert ressursar til Heimevernsungdommen som eit landsdekkjande tilbod til ungdom.
Heimevernsungdommen er eit godt tilbod til ungdom som er interessert i Forsvaret eller vurderer ei leiarutdanning i framtida. I tillegg har eg tru på at Heimevernsungdommen er viktig for å spreie kunnskap om Forsvaret, bidra til rekruttering og skape forsvarsvilje.
Sp/Ap-regjeringa prioriterer Heimevernsungdommen og vil leggje til rette for at Forsvaret kan auke tilbodet til Heimevernsungdommen. I samband med den nye langtidsplanen for forsvarssektoren legg regjeringa opp til å prioritere midlar til utstyr til Heimevernsungdommen, med formål å stimulera til fleire ungdomsgrupper.

Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Astrid Aarhus Byrknes →

Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.