Hopp til innhold
Fredag 13. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


← Spørsmål til regjeringen

Skriftlig spørsmål nr. 1791 · 2023-2024

Kan samferdselsministeren framskrive forventa auke i vegvedlikeholdsetterslepet på fylkesvegane pr 2030 og 2036 med bakgrunn i regjeringa sitt framlegg til NTP?

Frank Edvard Sve (FrP) stilte spørsmålet til samferdselsministeren, Jon-Ivar Nygård, 17. april 2024. Svaret kom 22. april 2024.

Til
Samferdselsministeren · Jon-Ivar Nygård
Datert
17. april 2024
Besvart
22. april 2024

Spørsmål

Kan samferdselsministeren framskrive forventa auke i vegvedlikeholdsetterslepet på fylkesvegane pr 2030 og 2036 med bakgrunn i regjeringa sitt framlegg til NTP?

Begrunnelse

Vegvedlikeholdsetterslepet er berekna til omlag 100 milliard kr for fylkesvegnettet samla her i landet, og er sterkt aukande.
Kravet for årleg auke av tilskota til fylkesveg frå fylkeskommunane var heile 5 milliard kr årleg, dette for å kunne stoppe forfallet.
Regjeringa har lagt inn i NTP ein auke på årleg 0,8 milliard kr til fylkeskommunane som heller ikkje er indeksregulert fram til 2030.
Fylkesvegane er også sterkt ulike, heilt frå fylkesvegar med berre 30-40 bilar i døgnet, og fylkesvegar med omlag stamvegstatus med mange titals tusen bilar i døgnet. Fordelingsnøkkelen for tilskota fangar tydelegvis ikkje opp dette.

Svar

Samferdselsministeren Jon-Ivar Nygård, 22. april 2024

Det er ikkje laga nokon slik framskriving til NTP 2025-2036 og resultatet vil nok i stor grad avhenge av dei prioriteringane som fylkeskommunane gjer innanfor sitt eige fylkesvegnett i perioden.
Regjeringa har lagt opp til ei satsing på fylkesveg i NTP 2025-2036, og dette inneberer totalt 65 mrd. kr til fylkesveg og ei auke på totalt 15,7 mrd. kr over tolvårsperioden samanlikna med flat vidareføring av 2024-budsjettet. Denne satsinga vil sette fylkeskommunane betre i stand til å ta vare på fylkesvegnettet.

Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Frank Edvard Sve →

Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.