Muntlig spørsmål nr. 3 · 2023-2024
Å kutte klimagassutslepp frå ferje- og båttrafikk er både effektivt og nødvendig for å nå klimamåla. Både Vestland og Møre og Romsdal, som har gått føre for å kutte utslepp, er heilt tydelege på at …
Birgit Oline Kjerstad (SV) stilte spørsmålet til kommunal- og distriktsministeren, Erling Sande, 10. april 2024.
- Fra
- Birgit Oline Kjerstad (SV)
- Til
- Kommunal- og distriktsministeren · Erling Sande
- Datert
- 10. april 2024
- Besvart
- 10. april 2024
Lokalforvaltning · Fylkeskommunenes økonomi · Samferdsel · Sjøfart · Ferger · Miljøvern · Forurensning
Spørsmål
Å kutte klimagassutslepp frå ferje- og båttrafikk er både effektivt og nødvendig for å nå klimamåla. Både Vestland og Møre og Romsdal, som har gått føre for å kutte utslepp, er heilt tydelege på at satsinga på nullutsleppsferjer og -båtar har vore underfinansiert med fleire hundre millionar frå staten si side tidlegare. Kystfylka er tydelege på at no trengst det meir føreseielegheit i dei økonomiske vilkåra for omstillinga framover. Fylka har vedtak om å stille krav til utsleppskutt i anboda sine, men det kostar. Om ein ikkje får på plass betre føreseielegheit i ordningane, vil det tvinge fylka til kanskje å lyse ut anbod utan strenge utsleppskrav eller å kutte i rutetilbod og gode tenester. Kva gjer regjeringa for å levere det som er lova i Hurdalsplattforma om å få på plass både krav og føreseieleg kompensasjon for meirkostnadene til fylkeskommunane når det gjeld utsleppskutt frå ferje- og båttrafikken?
Spørsmålet ble besvart muntlig i spørretimen. Svaret står i referatet fra møtet, som er lenket fra spørsmålet på stortinget.no.
Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Birgit Oline Kjerstad →
Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.